mandag 7. november 2011

Snart jul!

Nok ei veke og helg er over, tida flyg!! Det er ikkje meir en litt over 6 veker til vi skal heim til jul! Det blir kjekt. Vi kjem nok heim til mamma og pappa seint på "bittelillejulaften". Etter det får vi sjå kvar vi ender opp, vi har jo ikkje hus å bu i i Molde... He he. Vi får bu på legd rundt om, vil tru (i alle fall håper vi...) at det går greit! Plana er i utgangspunktet å vere inni Eresfjorden på julaften, så tek vi det litt etter som det fell seg, trur eg. Eg skal ha to vakter på Med 4, 1. og 2. juledag, med andre ord mest mogleg pengar for minst mogleg arbeid! :-D

I helga var vi på kurs, "Hjertets murer" som handla om korleis episoder vi opplever og erfaringer vi gjer oss formar oss. Ikkje alt formar oss på noko god måte, så istaden for ein mur bygd etter Guds loddsnor så får vi ein skeiv mur som fungerer som forsvarsverk mot verda rundt oss. På kurset lærte vi korleis vi skal kjenne dette igjen og kva vi må gjere for at muren skal bli rett, slik Gud har tenkt at det skal vere. Korleis vi skal bli den personen Gud har skapt oss til og tenkt at vi skal vere. Veldig bra kurs, viktig!

Vi hadde med oss ungane, for det er nemleg ikkje så lett å trylle fram barnevakt for tre ungar ei heil helg når alle dei i kjenner som kan gjere det bur litt for lagt unna... Dei var så flinke! Dei hadde med seg ein god del lego og andre leiker i tillegg til DS og filmar. Dei underholdt seg sjølv store deler av dagane og storkosa seg med å vere på Gullbotn igjen. Vi har tre flotte ungar!

I dag har vi hatt fri fordi vi brukte heile helga på kurs. Det gjorde godt, men vi har ikkje fått gjort så mykje skulearbeid som vi lata som om vi skulle... Vi var tydelegvis slitne etter helga, for vi sovna på sofaen begge to! Men vi har kvelden for oss. He he...

mandag 31. oktober 2011

Er forvirra!

Det er visst ikkje alt ein skal forstå... Eg les 31.okt på kalenderen i dag, noko som for meg betyr ullunderklede, skjerf i halsen, fleesjakke, støvlettar, vindtett jakke +++ når eg skal ut. (Ja, eg er frossen av meg, ja!) Men når eg kom ut?? Jau, då var det direkte varmt! No viser gradstokken utanfor stovevindauget 14 grader, kl 20.43!! (På baksida viser rett nok den digitale målaren 11,9 grader, men...) No veit eg ikkje kva eg skal tru. For eit par dagar sidan frykta eg for at det skulle vere frost på frontruta morgonen etter! He he... Ja, for ikkje å snakke om julestemninga som kom krypande her ein morgon då vi småsprang bort til bilen, i småregn og småkald vind i mørket... Ikkje det at eg klager, altså! På ingen måte! Eg er berre glad til for litt varme, ikkje akkurat skjemt vekk med det i sommar!

I helga var det "teamhelg" på bibelskulen. Halve klassen reiste til Skien og resten av oss (les: gamlingane...) tok turen til Askøy. På fredag og laurdag var i på eit kjøpesenter der ute og ba og snakka med folk, ei lita barriere som måtte brytast der, ja... I går var vi med på møtet i KF på Askøya og vart litt meir kjent med dei som er med der. Kjekt. Vi skal ha tre helger til der ute, så det blir nok både fleire barrierer som må brytast og utfordringar som må løysast før det prosjektet er over! ;-)

Den første oppgåva vår skal leverast på torsdag. Litt usikker på kvifor fristen vart utsett tre dagar, men tida kjem godt med! Ifølge PE, i alle fall...

I dag mota vi oss opp til å ha samtale med læraren til Jørgen (i grunn fort gjort å mote seg opp til det...), berre for å oppdage at det er neste måndag samtalen skal vere. Heldigvis oppdaga vi det eit kvarter før og ikkje når vi sto og etterlyste læraren! Anna har fått lekser fleire dagar enn torsdagane. Skrekk og gru, tenkte eg, men ho kom heim frå skulen og forkynte gledesstrålande (ja, faktisk!) at ho hadde lekser ho måtte gjere i dag, fann fram leksa og gjorde den på 1-2-3! Slikt varmar eit mamma-hjarte! Reknar med at det fortset slik i 15-20 år! He he...

tirsdag 25. oktober 2011

Paintball og VilVite

Vi har hatt ei flott helg! På laurdag var Hans Arne (som overnatta på KF i den nye soveposen sin) på gardsbesøk. Der hadde han skutt paintball på bøtteblink, prøvd å besøke eselet (som var ute på beitet...) og grilla på bål i vikingestova på låven (!) - stor stas!

Jørgen, Anna og eg var på VilVite i 5 timar på laurdag, veldig kjekt det òg, sjølv om eg må innrømme at det begrensar seg kor artig eg synes det er etter nokre timar... Men ungane storkosa seg! Vi såg film om nordlyset og 3D film om ein gut og katten hans som flaug gjennom byen (og kloakken!) med jet-pack på ryggen. Artig... PE var heime åleine og kosa seg med oppgåva si. He he...

På søndag var vi på gudsteneste på KF der Yohans tala om "utholdenhet", veldig bra! Etterpå måtte vi ein tur på..... VilVite, sjølvsagt! HA hadde jo ikkje fått vere der dagen før, så det sa seg i grunn sjølv. Ding-ding-- årskorta inntjent!! ;-)

Einaste skåret i gleda var at det vart oppdaga at Anna har fått leigebuarar -igjen! I håret, ja... Lurer på kva det er med Bergen?? Lus tre gonger på to månader?? Og ja, dei var utrydda før dei kom att!! No har vi tatt den primitive, slitsomme, grusomme og VELDIG effektive måten i bruk, vi handplukkar ALLE egg og lus for hand (pussig at handplukking inneber å plukke for hand.....) KVAR DAG! Anna fortener tolmodspremie til slutt, det tek omlag ein time å finkjemme gjennom hårpryden... Ja då, vi har elektrisk lusekam, effektiv den, men berre på lus, ikkje på egg. Dessutan tek det si tid å bruke den òg, i tillegg til at ho må dusje etter kvar gong.

Så det er det vi brukar dagane på! He he... Til helga er første praksishelg og vi skal vere med på Askøya. Ganske spanande, og veldig nytt! Rapport kjem sikkert etter kvart.

Og der var natta igjen, gitt! Rare greier. Den kjem plutseleg - kvar kveld! I morgon skal Arne Skagen undervise, så då blir det vel evangelisering det kjem til å dreie seg om. Blir bra det!

fredag 21. oktober 2011

Helg!

Helg igjen... Hans Arne er på Race, dei skal overnatte på KF i natt og skal på gårdsbesøk i morgon. Sikkert ganske eksotisk for bergensungar. He he... Jørgen og Anna koser seg med film nr 2 for dagen. Ja då, veit at det ikkje er pedagogisk, men det er faktisk første gong dei ser film etter at dei kom att frå haustferie!

I morgon skal husfrua evakuere saman med dei to håpefulle som er att heime, slik at sjefen i huset får fred til å skrive oppgåve. VilVite blir invadert! Ja, og så må vi jo ta ein tur dit på søndag òg, slik at Hans Arne får med seg opplegget med nordlys, eller kva det no var... Årskort er fint! :-)

Denne veka er det Jørgen som har vore sjuk. Han har hatt feber og hostar stygt. Det passa eigentleg fint. Bortsett frå at eg gjekk glipp av undervisning, så passa det veldig bra for meg å vere heime, så fekk eg tid til å kome meg skikkeleg eg òg. Den sjuka her heng i lenge! I alle fall i meg. Trur nok at ungane slepp unna lettare, Anna er ikkje sjuk, ho berre hostar. For ikkje å snakke om så uforskamma upåverka Per Edvin er av alt! Fnys.

Ellers er snøen kome nedover Ulriken og haglet har besøkt oss opptil fleire gonger. Føler på ein måte at vi er snytt for ein sommar! Viss ikkje dei to vekene i april / mai skulle vere sommaren i år, det kan tenkast det. Litt knapt, spør du meg! Men det er berre 6-7 månader til det er sommar att! Fatt mot! He he.

Ha ei god og velsigna helg!

søndag 16. oktober 2011

9 veker og 5 dagar...

...til vi skal heim til jul! Haustferien er over og det er tydeleg at ungane har kosa seg på ferie! Dei har jabba i eitt sidan dei kom av flyet i ettermiddag, og jammen trur eg dei har vokst 10-12 cm på turen òg! Dei var ikkje så store då dei fòr for ei veke sidan! Eller... Det var i alle fall godt å få dei heim att, sjølv om Jørgen fremdeles ganske hardnakka proklamerer at vi ikkje bur her! "Detta e jo bare ei lita leilighet!" - med andre ord ikkje godkjent i forhold til huset vårt i Molde. Noko eg i grunn må sei meg einig i... :-)

lørdag 15. oktober 2011

Haustferien går mot slutten

Og her sit eg og hostar. Har no brukt ei veke på å bli sjuk og å bli frisk att og no trur eg at eg er på rett veg. ;-) I går var eg feberfri for første gong sidan feberen kom snikande på laurdag og i dag hostar eg mindre (trur eg...). Trur ungane skal vere glade for at dei har vore på haustferie denne veka, eg er ikkje akkurat hyggeleg å vere saman med når eg er sjuk... Stakkars Per Edvin.

Ungane har storkosa seg hos vener, tanter og onklar, farfar og farmor. No er dei hos bestemor og bestefar og eg har ein mistanke om at dei har det like fint der! He he... Jørgen hadde feber i går kveld, forresten, ikkje så kjekt å vere her i Bergen når ungen din ikkje er frisk i Romsdalen... :-( Men i morgon kjem dei heim att til oss, det skal bli godt! Ei heil veke er lang tid, i alle fall når dei er så langt unna. Anna har aldri vore borte frå oss så lenge i eitt strekk før, så det er litt merkeleg. I morgon skal dei ta fly åleine alle tre, ja, dei er jo saman dei tre då, så heilt åleine er dei vel teknisk sett ikkje. Dessutan blir dei påpassa av "flyfolk" så eg er ikkje bekymra. Det falt tydeleg i smak å ta fly, i alle fall for Anna, ho var rimeleg gledesstrålande i stemma då ho sa at ho skulle ta fly heim att på søndag!

PE og eg har starta på oppgåvene våre, men eg må sei at for min del så hadde eg nok fått meir gjort om eg ikkje hadde hatt feber alle dagane. Blir liksom litt slapp av det! Men eg er godt i gang, så det går nok bra. Den første skal ikkje leverast før 1. nov, og det er jo over to veker til! Har ein mistanke om at det blir enno mindra husarbeid gjort dei to vekene... Ja, det er vel eigentleg berre å hive seg over arbeidet, kan ikkje sitje her og trykke om det skal bli skrevet oppgåve! :-)

torsdag 13. oktober 2011

Der slo Paraceten inn, ja.

Det tok berre 45 min... Etter 4 t og 45 min på venterommet på Bergen Legevakt tok det tilsaman 25 min frå vi kom inn til vi var gjennom. Då snakka eg med legen i 10-12 min... Men eg fekk sjukmelding for dei to ekstravaktene eg ikkje kan ta i morgon og fredag. Det betyr at eg ikkje taper sjukepengane, eg har nemleg ikkje vore tilsett lenge nok til å bruke eigenmelding før på søndag! Synes eg fortener pengane, tre av timane på venterommet sat eg og fraus, paraceten gjekk nemleg ut og eg hadde ikkje tatt med "niste"! 39,4 målte dama i øyret mitt... Neste gong eg skal på legevakta i Bergen skal eg møte opp kl 16.30 med brudd i fingeren. Det gjekk mykje raskare! ;-)

Men no frys eg ikkje meir (nesten) og ventar berre på at varmelakenet skal bli varmt så eg kan krype til køys. I morgon er atter ein dag, og eg "slepp" å gå på arbeid! Får satse på at forma er betre og at eg kan fortsetje på oppgåvene mine...

tirsdag 11. oktober 2011

Sjuk...

Ja, eg er sjuk. er det ikkje slik det ofte er når ungane er vekke? Då kollapsar alt. He he... I går sto eg opp kl 13.00, i og for seg godt det, hadde det berre ikkje vore for at eg var sjuk. På ettermiddag i går reiste vi opp til Gullbotn for å ta dei to siste dagane før haustferien her. Veldig kjekt, i alle fall kjekt at undervisninga foregår i "sofaavdelinga". Fekk ikkje så mykje med meg av undervisninga før lunsj... Opptak på mp3 er kjekt å ha! Men eg er mykje betre enn i går, så eg satsar på å vere frisk i morgon!

Ungane gledde seg stort til å dra på ferie og har det fint veldig fint. No er dei hos tante Lise, onkel Leidulf, farmor og farfar i Eresfjorden, i går var dei med på skulen i Molde og besøkte klassane og venene sine. Og vi har fått begynne på oppgåvene våre. Jippi! Men det skal bli godt å få ungane heim att på søndag... :-)

fredag 7. oktober 2011

Haustferie!

No er haustferien i gang! Ja, eg veit at de heime i Romsdalen er ferdig... ;-) Men vi startar no! I går fekk vi besøk av Malene, Timoteus og Tobias, til stor jubel for både liten og stor. Kjekt å ha nokon kjente rundt seg igjen! Det var ikkje berre artig å gå på skulen i dag, det var vel gjerne meir forlokkande å vere heime og leike med vener... På laurdag skal Hans Arne ta fly heim heilt åleine, men flybytte i Oslo... Men det går bra, han er heldigvis innanfor kategorien "jeg reiser alene", så eg reknar med at det er ei eller anna flyvertinne som tek ansvar. Forhåpentlegvis. Han skal besøke bestekompisen sin i Molde på søndag før dei andre kjem heim. Det gler han seg til! Men no må eg starte innsanking av ungar og vaksne frå skule og... tja, eg veit eigentleg ikkje kvar dei andre er... Ja ja, vi finn dei vel! I morgon tenkte vi det passa med ein tur på VilVite, trur det er fleire ungar enn våre som vil synest det er kjekt!

søndag 2. oktober 2011

Verdt ein kikk?

Mike Bickle snakkar om "manifestering i ånden", altså skjelvingar, latter, kramper +++, slett ikkje dumt sagt! http://mikebickle.org/resources/resource/3131

Livet i Bergen...

...går sin gang. Anna har mista tann nr to, veldig stas, særleg fordi det ikkje er nokon andre enn ho som har mista tenner i Bergen! He he... Ho har dessutan begynt på SFO og er stolt av det.

Hans Arne er sjuk og har vore med på skulen vår i fire dagar. Det går veldig greit, han ligg på sofa bakerst i klasserommet og får med seg det meste av undervisninga. Då han eine dagen fekk valget mellom å vere heime og å bli med, kom svaret raskt og klart: han ville bli med oss på skulen. Han er fortsatt ikkje heilt i strøk, så han blir nok med oss i morgon òg. Men så bør det vere slutt, han skal på forskerkurs på Forskerfabrikken på tirsdag, då bør han helst vere frisk!

Jørgen er djupt såra og vonbroten, han har ikkje fått vere med oss på skulen så mange dagar som Hans Arne har! Snakk om feigt! Men han har derimot kjøpt inn julegåva si. Han fekk lovnad på at om han greidde å spare (nesten) halve summen så skulle han få "Lego-Big Ben" til jul. No manglar han 40,- kr, så no står det ei stor pakke med julepapir på oppe på peisen (som vi ikkje har fyr i, nei!). Det er berre det at det er så leeeenge til jul!!

Det store samtaleemnet i heimen no for tida er at det er haustferie. I dag har vi vore på Osterøy på hytta til foreldra til Annveig. Der var det fullt hus og stor gjensynsglede! Det var kjekt. Lenge sidan vi har sett kvarandre no! Malene, Timoteus og Tobias kjem med fly på torsdag og det er stas! Det gler vi oss veldig til, både store og små. Hans Arne skal ta fly åleine til Molde på laurdag for å få ein dag saman med bestekompis Adrian i Molde før Jørgen og Anna kjem oppover med fly på søndag. Dei tek då same flyet som fam. Trondsen. Så skal dei ein dag på Kviltorp, skulen i Molde, før dei fer til besteforeldre, tanter og onklar på ferie. Ikkje kvar dag jubelen står i taket når eg foreslår at dei skal ta ein dag på skulen. Og så til og med i ferien! :-D

Per Edvin og eg kastar inn håndkledet i haustferien. Vi blir her og skriv oppgåver, i alle fall er det tanken... Ikkje lett å få tid til alt likevel når vi er fem som går på skule og skal gjere lekser. Det tok ikkje mange dagane før vi skjønte det... Men vi trivs og har det bra alle, sjølv om Hans Arne og Jørgen synes det er vanskeleg å få vener på skulen. Likevel trur eg dei har det bra, dei har nok veldig godt av at foreldra har betre tid på ettermiddagane, så det veg opp ein del. Dessutan har Gud lova oss at han skal ordne opp, så det trur vi på! Eg har forresten så godt som aldri vondt i hovudet lenger, og nakken og skuldrane er veldig bra dei òg. Eg trur eg er helbreda og takkar Gud for det! Ikkje ein tablett har eg tatt sidan den torsdagen. Det sei litt, det er ikkje lite eg har konsumert opp gjennom åra! All ære til Gud! <3

Avslørt!

Eg har avslørt det. Det er ein konspirasjon. IKKJE BEGYNN Å FARGE HÅRET, FOLKENS!! Det øydelegg håret. Når farga går ut er det ikkje berre "ekstrafarga" som forsvinn, all farge forsvinn!! Det blir rett og slett utan farge! Ja, ikkje alt håret, då, berre litt, nokre få hårstrå her og der... :-( Ikkje alle "avdukingane" som er like kjekke! He he...

mandag 26. september 2011

Frå barnemunn (4)

"Kva er det som er gale med 7-tala dine, Jørgen?" spør eg. Eg kunne jo sjølvsagt sjå det, dei var bak fram alle tre.
 "Ser du ikke de? Dæm e kvite av spedalskhet!" sa Jørgen.

søndag 25. september 2011

Helg!!!!

Nok ei vellykka helg er straks ferdig. I går var vi både på VilVite (kan absolutt anbefalast! (http://www.vilvite.no) Vi har investert i årskort...) og på familiefest på KF, i tillegg til at vi fekk sove lenge alle saman! Det måtte jo berre bli bra! Ja, bortsett frå at det gjekk ALT for lang tid frå "frukost" til neste måltid. Det endte med at mora sette seg ned i trass på VilVite og forkynte at "no gidd eg ikkje meir, no er eg SUR!!" Veldig pedagogisk. Men utanom det var dagen super. Her er PE i aksjon i "Sentrifugalskapen", der han driv seg rundt med sentrifugalkrafta. Veldig artig (og litt kvalmande...)!
I dag har vi vore på husvisning borti gata her. Tenkte å kjøpe hus, billigare enn å leige! Eller... Nei, eg tulla visst igjen eg! Cecilie som går i klassen vår, og Erlend skal ha hus og dei leigde inn eksperthjelp i form av meg som "kritisk blikk" og ungane som "utforskarar og kuriositetsfinnarar". Ja, og så var Per Edvin sjølvsagt frampå og måtte plage oss med alt det elektriske han absolutt skulle bite seg merke i! He he... Prisantydninga er på 3.290.000,- kr. Heilt sprøtt spør du meg, men det er visst på det nivået prisane ligg. Huset er 25 år eldre enn vårt er og ikkje vedlikeholdt eller pussa opp på noko måte, med unntak av nokre små forsøk på å pusse opp nokre bad. Ja ja. Eg ville nok ikkje kjøpt det, men eg er ikkje 25 år lenger og har skjønt at med to-tre ungar så blir det plutseleg ikkje så god tid til oppussing som ein trur. Ein annan av dei harde realitetane i livet som plutseleg slår inn med full kraft.
Anna har vore i skateboardrampen i Velvet i KF saman med Hans Arne og Jørgen. Og på onsdag skal dei ta bilete av 1. klassingane på Kronstad Skole... Veldig bra. Det spørs om vi må søke om utsettelse på fotograferinga. No har Jørgen og Anna laga julepynt, englar, av papir og "kakeblonder" så heile stovegolvet er fullt av papirbitar. Kjekt. No er tannpuss og legging neste post på programmet, så det spørs om eg må trå støttande til! :-D Til veka kjem Håvard Kjøllesdal og skal undervise oss, det gler vi oss veldig til! Neste søndag er det Terje Dahle som skal undervise på gudstenesten og etter det eg har forstått skal han undervise oss veka etterpå òg. Dette blir bra! Blir kjekt å høyre korleis det går i Trondheim òg!

onsdag 21. september 2011

Juhu!

:-D Ferdig med 3. Mosebok og alle lovane og reglane, all ofringa og alt blodet og... Ja, nok om det. He he... No er det berre testen i morgon som står att før vi kan hive oss over den så åpenbart mykje meir spanande 4. Mosebok der alle folketeljingane kjem..... Tenker at det i grunn er veldig greit at vi ikkje lever i gamaltestamentleg tid der dei i alle ting var avhengige av ein mellommann for å nå Gud!

Tenk, no har vi ein open himmel over oss, vi kan henvende oss til pappan vår i himmelen kva tid som helst, kvar som helst og for alle ting! Det er sanneleg noko å vere takknemleg for! I alle fall etter å ha lese 27 (til dels veldig lange) kapittel om reglar og forskrifter rundt ofringane til Gud, kva som skulle ofrast for kva og kvifor, korleis det skulle gjerast og kva som skjedde om dei ikkje gjorde alt rett. Og dette dreiv dei på med der dei surra rundt i ørkenen i sånn ca 40 år. Kan levande forestille meg at det ikkje var så enkelt!

Men trur nok ikkje eg får like høg poengsum i morgon som sist veke, då hadde eg 4 meir enn PE! Og sjølvagt er det slik at det ikkje spelar noko rolle kor mange poeng eg får eller kven andre eg kan ha slått, berre eg slår Per Edvin! He he!

mandag 19. september 2011

Ei ny helg er over...

...innhaldsrik som alltid! Livet er i grunn spanande, vil eg sei. I KF er temaet for hausten "Identitet" og "Identitet i Kristus". Veldig bra forkynnelse, anbefaler å gå inn på heimesidene til KF for å sjekke det ut. Så får du jo vite litt kva vi fyller oss med om dagen... He he... Direktelink til gudstenestene: http://www.kristentfellesskap.no/mediefiler/gudstjenester -men ingen tvang! :-)

Ellers er temaet på skulen 3. Mosebok, som skal vere ferdig lese til torsdag. Eg er pr no ferdig med kapittel 7 (av 27...). Jadda. Eit hav av tid før torsdag! Det er jo så ufatteleg spanande! Har til no fått grundig innføring i dei forskjellige offera og korleis dei skulle bli utført. No begynner innføringa i korleis levittane, "Arons sønner", skulle innviast til prestar. Men, det er faktisk ganske interessant om ein tenker på at alt Gud gav befaling om i ofringane og prestetenesta +++ er bilete på Jesus, livet og offeret hans for oss. Har aldri tenkt slik på det før eg, anna enn at offerlammet symboliserer Jesus som offer for oss. Det er ganske mykje meir symbolikk om du ser etter og veit kva du skal sjå etter.

Var forresten på arbeid i helga, rekk det òg eg! Det var kjekt, og litt stress. Det er ikkje stort anna her enn i Molde, vi spring for å rekke det vi skal og håper at vi får tid til å ete... Men det er kjekke folk som arbeider der og dei er flinke til å ta seg av ein fersking som ikkje veit opp-ned på avdelinga! Fekk forresten vere med å sjå på innleggelse av CVK (sentralt venekateter) i går, sto vel i praksis heilt i ro og holdt pasienten i ro (ja, fysisk holdt pasienten som ikkje var så begeistra for å ligge stille), men eg fekk med meg korleis det vart gjort. Interessant! Ja, eg veit eg er rar! Stakkars legen som gjorde det var så nervøs at han skalv på hendene, trur ikkje han har lagt inn så mange åleine før. Stakk nokre gonger, men fekk det til til slutt. Eg vart imponert over at han ikkje gav opp med ein gong, men han var samtidig fornuftig og sa at "nå stikker jeg en gang til, går det ikke da ringer vi på xxx så får han gjøre det". Gode eigenskapar begge deler.

Til slutt vil eg ikkje anbefale å kjøpe same sort tørketrommel som vi har her. Vi merker at den ikkje er den dyraste, for å seie det slik. Men vi skal berre ha den eitt år, så vi overlever! Vi kan i alle fall legge oss utan å henge opp klede i timesvis først! ;-) God natt!

lørdag 17. september 2011

Tidlegvakt...

= TRØTT!! Ikkje nok med at vi må opp i 6-tida kvar skuledag, eg må sjølvsagt ta på meg tidlegvakter på sjukehuset i tillegg. Som startar kl 07.00... Fordelen er jo at eg berre skal ha meg sjølv i kleda og ut døra, ikkje tre andre i tillegg, så eg står opp omtrent samtidig som på kvardagane. 15 min før ein styrtar ut døra på morgonen er nok det. Motivasjonen er at eg kan skryte av å ha arbeidd på lungeavdelinga på Haukeland. Ja, og så er det jo litt motiverande når eg sjekker kontoen den 12. i kvar månad!

Det hjelper vel ikkje akkurat på at PE kjem på at han skal snakke om djupe og alvorlege ting kvelden før heller. Eg er veldig glad for at han ville snakke om det han tok opp, forresten, så eg sat gjerne oppe for å vere med på det. Snakking er veldig bra det, men soving før arbeid er heller ikkje å forakte! Det sei vel sitt at eg hadde sovna før han kom og la seg i natt, det er ikkje kvardagskost i fam. Frisvoll!

Trur  ikkje dette innlegget er det beste eg har skrevet, eg sovnar litt innimellom... He he... Håper på meir soving neste helg! I morgon trur eg at eg får sove tre timar lenger enn i dag, forresten, det skal bli godt!

fredag 16. september 2011

No kjem vi oss i seng ein halv time tidlegare kvar kveld!

Ja, då var tørketrommelen på plass. Men vi har overlevd i over ein månad utan! Salg er fint. :-) Kva det har med legging å gjere? Trudde det var soleklart. Vi kjem oss sjølvsagt i seng ein halv time tidlegare kvar kveld fordi vi ikkje treng å legge saman kleda som heng på stativet frå før før vi kan henge opp det våte før vi til slutt kan velte oss ned i senga. Vi greier oss dessutan med mindre klede, så vi treng ikkje å kjøpe så mykje, med andre ord sparer vi pengar der (-ikkje sant?? Ja då. Sparer mykje på sikt på å ha tørketrommel... He he.) Sparer i alle fall tid og litt frustrasjon! Plana er å selge den igjen i juni før vi flytter heim. Då er det ein stor fordel med salg. Ja, salg no, altså. Vi fekk 25 % avslag. Tru kva avslag vi skal gje neste år?

Trommelen er no trygt plassert i det gigantiske badet vårt, som sjølvsagt er eit godt ventilert rom, for tromlar skal ha god ventilasjon! Det eg ikkje visste var at ein tørketrommel ikkje skal stå bak ei låsbar dør heller. Her velger eg å tolke bokstavleg. Vi har ikkje plassert trommelen bak noko låsbar dør. Dodøra vår går utover, så teknisk sett kan ingen ting som står inne på badet stå bak den døra! Tørketrommelen vår står derimot oppe på vaskemaskina med utsøkt ventilasjon. Det er i alle fall minst tre cm klaring på sidene (tilsaman...) og... tja... 7,5 cm bak? Sånn ca. Fint det, i og med at utluftinga er bak og under (!) trommelen. Vi måtte berre rydde ut alt frå badet og hekte dodøra av hengslene for å få han på plass. ;-) Dama i butikken såg relativt tvilande på meg då vi troppa opp ein familie på 5 for å kjøpe tørketrommel, ho ville ikkje anbefale den eg ville ha for så mange. Ho ga seg då eg forklarte at vi berre skal ha den for eitt år... Og vi er strålande fornøgde! I alle fall til no. (Første vask er til pers no...)

Ellers så vart Hans Arne vekke frå klassen og lærarane på tur på Fløyen i dag. Rektoren ringte og sa at dei hadde eit problem... :-D Min umiddelbare reaksjon var at dette ikkje var noko å stresse over fordi han hadde jo både Jesus og englevakt med seg! Mobil er ein fin ting! Etter ein time var alt ordna og alle var glade. Trur læraren til Hans Arne var mest glad, forresten.

Å ja, bilbatteriet vart forresten bytta i dag, sånn ca kl 08.10. Passande tidspunkt, i alle fall når ungane startar skuledagen kl. 08.30! Då var vi i utgangspunktet ein halv time for seint ute... Vi hadde prøve (!) kl. 08.30, så vi måtte eigentleg berre vere der... Vi sprang inn døra fem minutt over halv og rakk prøva med (ikkje så veldig) god margin. Slik er det å ha ein rask og flink mann i hus! Eller i bilen, forresten...

torsdag 15. september 2011

Frå barnemunn (3)

"Nei, hei Jørgen, bur du her?" spurte eg Jørgen då eg nådde han att på trappa vår ein dag.
"Nei!" svarte han, "I e bare hær fordi du å pappa ska gå på bibelskole!"
Så, om nokon lurte: vi bur ikkje i Bergen, vi berre er her...

mandag 12. september 2011

Valg

Kommune- og fylkesvalget har uante konsekvensar for småbarnsforeldre (og studentar). Eg har aldri hørt om det før, men det er visst heilt vanleg. I alle fall her i Bergen. Det er visst obligatorisk for ungar å vere med foreldra å stemme. Eller... i alle fall er alle skular, SFO og dei barnehagane eg har hørt om stengte i dag. På grunn av at det er valg. Veldig praktisk. Eller nei.

Vi har hatt filmmaraton for fire ungar på KF i dag, i naborommet til der vi sit. Våre tre pluss verdens søtaste 4-åring (som ikkje på langt nær har same filmkondisen som våre har!). Det gjekk veldig bra det, tre filmar på strak arm! Jammen bra at det er noko som heiter matpause!

Ja, så begynner batteriet i Caravella å tulle igjen, flaks at vi parkerte i nedoverbakke ved KF i dag tidleg kan du sei. Veit ikkje kva vi skal gjere, verkstaden i Molde sa at det ikkje er noko gale med bilen... Hjelp lite det når vi står der med dødt batteri kl 07.45 på morgonen! Trur vi satser på å parkere i nedoverbakke ei stund. Bonusen kom i dag, forresten, løn for ekstravaktene eg hadde i Molde i juli og her i Bergen i august. Kanskje vi skal koste på bilen eit nytt batteri? Eller så veit eg at handspålegging er ganske effektivt. :-)

Ei helg går fort!

Store planer om å skrive og å legge ut bilder forsvinn i natta... Vi får ta det igjen. He he....særlig! Må berre nemne at vi i går var vi på Fløyen, kjørte med Fløibanen og handla souvenir i den billige kiosken på toppen...

I dag var vi på besøk hos Margrethe på Askøya. Det var så kjekt! Vi har omtrent ikkje snakka saman på 11 år, likevel gjekk det ikkje 10 min før vi var inne i djupe samtalar, både om åndelege spørsmål og andre kjekke emner. Ungane hadde det fantastisk og Anna var veldig begeistra for å treffe namnesøstra si Anna Rebecca som er 10 dagar yngre enn ho. Stor suksess som må gjentakast, gjerne ein gong Michael ikkje er i Huston...

Glad for å vere nærare Margrethe! :-)

lørdag 10. september 2011

Bykjøring

Eg er steingod på å kjøre bil i Bergen! Det er eigentleg ikkje så veldig vanskeleg, om det ikkje hadde vore for at det er einvegskjøring i 77 % av gatene... GPS er fortsatt ein god ven, forstår ikkje kva vi gjorde før? Eller, det veit eg for så vidt. Då var eg sur fordi PE ikkje kjørte dit eg sjølvsagt meinte var best og fordi han ikkje hørte kva eg sa og PE var sur fordi eg masa og skjente. Ja, og så var sjølvsagt begge to sure fordi ungane i baksetet var sure fordi dei måtte vere stille og sitje i bil... Hmm. GPS er definitivt ein genial oppfinnelse!

Berre ikkje send meg inn i sentrum utan mann og GPS...

fredag 9. september 2011

Dei harde realitetane i livet...

Har skjønt at eg ikkje er ungdom lenger. Slik er det berre, med opptil fleire medstudentar under 20 år... PE sa så tørt her ein dag: Eg kunne i teorien vore far deira. Sant nok. Å innrømme det er halvvegs til å akseptere det. (-eller noko slikt svada-greier.) Men vi har det fint likevel! Dessutan er det berre eg som greier å gå rundt min eigen akse med hovudet i golvet! He he...

Frå barnemunn (2)

Samtale mellom Anna og mamma på tur til skulen i dag tidleg:"Se mamma, en liten katt! .... En søt liten katt, mamma!" "Ja..a" svarar ei lettare fråværande mor.
"Verden e stor, ikke sant? .... Ikke sant verden e stor?" "Ja, verden e stor, de e sant" svarar mora, fortsatt like fråværande. "Ja, verden e stor - åsså litt søt da!" konkluderer Anna.

torsdag 8. september 2011

Forresten:

Gratulerer til mamma som har bursdag i dag og vart "ekte pensjonist" som ho seier sjølv! Glad i deg!

Frå barnemunn...

Dagens frå Jørgen:
"Mamma, va Paulus en a' disiplan'?" spør han der han sit og les om pinsedag i "Manga metamorfose" (livet til Paulus som teikneserie)
"Nei, han forfulgte dei kristne han, veit du, sette dei i fengsel og ville drepe dei..." svara eg.
"Han Paulus va egentli veldi grei, bare dæm fikk ordna det med han..." sa Jørgen.
Så sant.

tirsdag 6. september 2011

7 år i barnehage...

...og skule på Molde utan noko, 12 dagar på skule i Bergen og der var den. Lusa. Hans Arne kjemte Anna og kom og sa at han hadde funne ei lus! Eg har aldri sett lus eg, så eg visste ikkje. Men i håret hennar fann eg egg og dermed var det berre å hoppe i skoa og springe på apoteket, altså den vanvittige distansen av 100 m, for å kjøpe lusemiddel. No er verdens mest ekle greie på plass i håret til Anna for å få vekk dei fire egga eg har funne og håpe på at det var det. 12 timar skal det vere oppi håret. Æsj! Men vondt skal vondt fordrive, er det ikkje slik? Har ikkje sansen for det eg.

I dag har vi - utanom at vi har kverka lus - vore på seminar i Kristkirken. Ein frå USA snakka om tilbedelse og helbredelse og praktiserte begge deler. Ikkje kvardagskost for ein sindig romsdaling det, men du verden kor godt det var å vere med på. For ikkje å snakke om kor godt det gjorde for skuldrane og nakken min! Frå å starte dagen med hovudverk og smerter i nakke og skuldrar er eg no bortimot smertefri og kulane i nakken min er borte! All ære til Gud!

I morgon er ein ny dag med lusemiddel-dusjing før skulestart (!) og nytt seminar i Kristkirken. Ikkje alt eg gler meg like mykje til, he he!

mandag 5. september 2011

Ja, var det ikkje det eg sa?

Dei to-tre første vekene er det ekstrem-blogging med minst eitt innlegg kvar dag, før det dabbar av til ingenting. He he, kjenner meg sjølv, ja! Men: ingen er uforanderlege, så eg skal fortsetje! - men kanskje ikkje eitt innlegg for dagen. Det gjeld å legge lista på eit oppnåeleg nivå!

Vi har no vore på "helg" på Gullbotn, KF sitt konferansesenter som ligg ca 35-40 min utanfor Bergen. "Helg" fordi det teknisk sett var frå onsdag til fredag, men alle kalla det helg. Det er jo i helger slike ting skjer, så det fall heilt naturleg. Uansett var det ei kjekk helg med gode folk og god mat! Det er tre frå Fillipinene i klassen og dei laga middag til oss på torsdag. Fantastisk god mat!

Vi har lært om grunnvollen, om kva evangeliet er, om dåpen, om Den Heilage Ande, om tru og om å leve menighet. I tillegg til ein god del anna, for eksempel har vi blitt meir kjent med kvarandre i klassen. Vi er 16 stk, alle forskjellige - det hadde du ikkje venta - med kvar vår historie og kvar våre forventningar til dette året og til Gud. Artig å bli kjent med dei.

Hans Arne, Jørgen og Anna var på skulen både torsdag og fredag, så vi sto opp kl 06.00 for å få tid til å få på oss klede og få i oss mat før vi måtte kjøre litt over halv åtte for å rekke skulen kl 08.30. Og så var det å kjøre opp att til Gullbotn for å få med oss undervisninga før vi måtte hente ungane igjen... Men vi fekk faktisk med oss all undervisninga begge to!

Vi har forresten ingenting å klage på i Molde, rushtrafikken her i Bergen går oss ein høg gang! Ein kjøretur frå KF og heim tek 7 min utanom rushet, men kan bli 20 min om vi er litt seint ute. Slik som i dag, for eksempel, då ungane brukte ein og ein halv (1 1/2) time på turen frå skulen sin bort til KF, ein tur eg brukar 8-9 min på. Mykje spanande å forske på, skal vite! Dessutan må dei jo prøve alle vegane som går på kryss og tvers på gravplassen! "Vi bare utforske nye veia, du får ringe om det tar for lang tid!" sa Jørgen då PE ringte for å høyre kvar dei var ein time etter at skulen var slutt...

Foreldremøtet for Anna var i kveld, forresten. Dei er fortsatt veldig fokusert på at det er så stort kull. 44 elevar! På turdagane deler dei seg ofte opp fordi det blir for mange å ta med på ein gong (!) og eg må berre fnise litt inni meg og tenker at det er eit luksusproblem. Men ære være dei for at dei er så fokusert på å sjå alle og få dei med frå dag ein. Trur vi skaut blink med skulevalet til ungane.

Til neste gong: Guds fred! Saknar dykk alle saman.

torsdag 1. september 2011

Føler for å takke i kveld!

Takk til alle som hjalp oss slik at huset vart ferdig og klart til utleige. Det er farleg å nemne namn, men eg prøvar meg likevel... Takk til Eva og Olav for pakking, vasking, skifting av do +++. Takk til mamma og pappa for vasking, måling, skifting av dører, listing, lån av hengar til flyttelass +++. Takk til Odd Einar for riving av vegg... -og oppsetting av ny. Takk til Malene og Kjetil for foringar, rydding, vasking og pakking +++. Takk til Håkon-Inge for garderobedører +++. Takk til Liesbeth og Ragnar for pakking og plenklipp. Takk til Iren og Ottar for at de tek alle våre ville idear på strak arm og med godt humør og vilje til å få ting til å gå - og for all hjelp både før og etter at vi flytta. Takk til Annveig og Jan Egil som tok med hengaren opp att til Molde. Takk til Marit og Ola for senger! Takk til alle for varme tankar og gode bøner. Kjenner at vi er lagt vekke frå alle vi er glade i!

Takk til den som gav oss pengegåve i veka som var, den kjem godt med! Takk til KF Trondheim for all støtte, oppmuntring og forbøn. Ikkje minst: takk til Gud for alt godt Han velsignar oss med! All ære til Han!

Vi er så takknemlege for at vi har så mange og så gode vener og eg ber om tilgjeving dersom det er nokon eg har gløymt, det er ikkje meininga! De fortener alle å få anerkjennelse for det de har gjort. Mest av alt er vi takknemlege for alle de som er med oss i bøn, vi merkar at Gud har omsorg for oss!

Ein stor takk til dykk alle, Gud vil velsigne dykk rikeleg attende!
Eg er veldig glad i dykk alle saman og må vel berre seie meg einig med Jørgen, han saknar venene sine - og foreldra deira!

Dette vart veldig seriøst, men det kjem verkeleg frå hjarterota!

tirsdag 30. august 2011

Velsignelse og foreldremøte...

I dag vart vi velsigna med ein sykkel. Splitter ny - ser i alle fall slik ut. Per Erik i KF hadde ein ståande i garasjen, sånn tilfeldigvis... Så den kunne vi jo få! Vi er rikt velsigna og manglar ingen ting.

Første foreldremøtet på Kronstad Skole er unnagjort òg, det var ...kjekt? Nei, kan ein eigentleg seie at det er kjekt på foreldremøte? Men i den grad det går an så var i alle fall dette eit kjekt foreldremøte. Litt mindre forhold, kan du sei, foreldremøter for ein klasse på 68-69 elevar er litt anna enn i ein klasse på 21... Alle hadde gangavstand til skulen, trur det berre var eg som kom i bil, så parkering var ikkje noko problem. Berre det er jo kjekt! Så kan eg ha det så godt som melder ungane inn på ein skule som ikkje er i gangavstand! - i alle fall ikkje for mor ein regnfull kveld... Trur at det i alle fall er ein skule nærare oss enn Kronstad, sjølv om avstanden dit er kortare enn det er heimanfrå og til Kviltorp Skole heime i Molde...

Hans Arne går altså i eit kull med 21 elevar, 5 av dei er nye av året... Rektor sa at førsteklassen der Anna har begynt er eit kjempestort kull, det største på mange år: 45 elevar!! Då måtte eg berre fnise litt inni meg. 45 elevar... Dei måtte til og med dele dei i to grupper! Luksus for oss, tenkte eg. På Kviltorp er den minste klassen så vidt eg veit på 42? Eller noko der omkring. Og det er eit veldig lite kull! Jørgen sin klasse er på 29 elevar og er i ei gruppe heile tida, om eg har forstått rett.

Jørgen var forresten med på bibelskulen i dag, for frisk til å vere heime og for pjusk til å gå på skulen, i alle fall skulen sin. Han hadde det som plommen i egget der han sat på bakerste benk med DS og PC. Ingen begrensning på tida, noko han ikkje sørga over. Pussig.

No har mesterkokken i heimen trylla fram middag med biff og fløtegratinerte potetar, så no skal vi nyte (s)ein romantisk middag før natta kjem for alvor!
Ha ei velsigna natt!

mandag 29. august 2011

Innrømmer det glatt!

Jepp, eg er hekta. Nytt innlegg kvar dag, kva er dette for noko? Nyt det så lenge det varer, folkens, brukar ikkje slikt å dabbe av etter eit par veker eller der omkring? Time will show!

Jørgen og pappa vart heime i dag. "I e litt sånn rar å svimmel i hodet mitt" sa Jørgen. Kanskje greit å sleppe skulen då. Forresten har vi hatt familiens første krangel fordi dei ikkje fekk lov å vaske opp. Ja, du las rett, dei ville vaske opp, men fekk ikkje lov. Det vil sei, Jørgen ville vaske opp, men eg hadde lovt at Anna skulle få gjere det. Løna er nemleg 5,- kr og Jørgen er litt desperat for det "kommer jo ikke en eneste barnevakt forbi her jo!!" - som då er den måten dei har fått pengar på før, å vere snille når dei har barnevakt. Ja, vi har forresten krangla før, om de lurte på det, men aldri fordi dei ikkje har fått vaske opp...

I dag har mellom anna vi lært at Adam er eit bilete på Jesus. Ja, har vel forsåvidt visst før at det har ein samanheng, men.. Det som var nytt for meg var at på same måte som Gud, då Adam sov tungt, tok eit ribbein ut av sida hans for å bygge Eva, hans like og hjelpar, likeins kom det vatn og blod ut av sida til Jesus då Han hadde døydd. Blod som kjøpte fri bruda Hans. Puh! Vanskeleg å skrive på ein forståeleg og (forholdsvis) kort måte! He he...

Plana for kvelden er: å kome tidleg til sengs.  - igjen... Jo fleire gonger ein prøvar, jo fleire gonger blir det suksess! Ein annan sak er at tittelen på blogen her var eit resultat av desperat hjernevridning den kvelden eg oppretta han. Den tittelen står nok i fare for å få eit heller kort liv! Ikkje bli sjokkert om det plutseleg dukkar opp ein revidert tittel! :-) No er det kaffe og hermetiske pærer (- ja, ikkje heimelaga då!) før det er sengetid.

søndag 28. august 2011

Må berre beklage, ser at blogen forutset at ein har konto (no har eg alt gløymt kva slags konto det er...), eg har ikkje hatt som mål å lure nokon inn i noko de ikkje vil vere med på. Men men. Det er sjølvsagt fortsatt frivillig å lage konto og vere med! Eg hadde tydelegvis ein konto frå før, for eg fekk ikkje beskjed om å opprette ein då eg kom på at dette var ein lugom plass å ha blog.

I dag har vi altså vorte presentert for menigheten (vanskeleg ord dette, har liksom ikkje noko godt nynorsk ord!) i KF Bergen. Det var fort gjort, namn og kvar vi kjem frå, dei ba for oss og så fekk forsamlinga oppfordring om å be for oss gjennom året. Veldig godt å vite at vi har mange forbedarar, det kan ikkje bli for mange.

Anna sette seg forresten rett ned innanfor døra til salen då ho kom til KF i dag. Der sat ho og nytte lovsangen (øving før gudstenesten begynte) lenge, før ho etter kvart begynte å danse, eller i alle fall svinge seg rundt til musikken. Det var tydeleg at det fall i smak!

Det var innsetjing av ny eldste i dag òg, Håkon, veldig godt å vere med på. Fantastisk å få vere vitne til at dei som er og har vore leiarar før omslutta han og kona Eva i bøn. Det var ein omsorg og varme som rørte fleire enn dei som sto der framme. Alle i salen var med og omslutta dei og løfta dei fram for Herren på ein måte som er vanskeleg å beskrive. Det rørte i alle fall meg djupt i hjartet.

Terje Dahle var med, han hadde god og jordnær undervisning om kven vi er i Kristus, at vi må vere livsnære og jordnære samtidig som vi er sett i himmelen hos Gud. Gud har sendt sin Heilage Ande til jorda gjennom oss, difor kan ikkje vi halde det for oss sjølv, vi må ut og dele det vi får frå Gud med menneska rundt oss! Vi må vere tilstade og skape samfunnsendring slik Hans Nielsen Hauge gjorde. Vi må vere villige til å ta korset opp, og forklaringa Terje ga på det er den beste eg har høyrt: Når Guds vilje går i kryss med vår vilje så velger vi Guds vilje. Eg er jo ein person som er god på bilder og fakter, så då Terje illustrerte det med å vise med hendene at Guds vilje går vertikalt og vår vilje går horisontalt (=danna eit "kors".) så sit det som spikra i knollen min! :-)

Etter gudstenesten var vi inviterte på middag til Elise og Marius, vener av Malene og Kjetil. Det var kjekt! Ungane kosa seg med høner og kalkun, minihamster og motorisert ola-bil! Ein kjekk søndag! At alle ungane faktisk åt noko av middagen kan vel strengt tatt bidra ganske mykje til at eg opplevde søndagen som ein kjekk dag. Dessutan meinte Elise og Marius at ungane våre var velopdragne!! Dei sat fint attmed bordet, ja, men eg er litt usikker på om det var fordi dei var usikre og sjenerte på ein ny plass eller om det er oppdragelsen som er god... Sikkert det siste. Godt å sjå at ungane kan oppføre seg når vi er på besøk!

No har Jørgen 38,7 i temp, så det spøker for skuledagen hans og for ein av oss vaksne. Slik er det, men vi reknar med at det gje seg relativt raskt! Gud er god og har ei plan med dette òg...
Ja, der er tidspunktet endra. Bergen er visst ikkje i søramerika-eit-eller-anna-tidssone....
Og ja, klokka er faktisk 01.57... Dessverre...

lørdag 27. august 2011

Ai ai ai...

He he... Det er ikkje lett når ein skal late som om ein kan ting og tang. :-P No har eg brukt litt tid på å forstå kvifor det har vore så laber interesse for å lese bloggen. Ikkje at eg skal skryte på meg at det blir noko betre no, men no har eg i alle fall gjort eit ærleg forsøk på å få det til! Tydelegvis er dette meir komplisert enn eg har begrep om. Enten det, eller så er eg berre mindre bevandra i slike ting enn det eg har lyst til å tru. Sannsynlegvis det siste.

I går hadde eg mi første "vanlege" vakt på Lunge 3 på Haukeland. Heldigvis var det roleg og eg fekk tid til å rote rundt inne i journalsystemet for å gjere meg kjent. Eg er imponert over kor brukarvenleg det er! Eg har aldri vore inne i systemet før, men greide både å skrive notat, finne blodprøvesvar og å bestille blodprøver, i tillegg til å flytte over ein pasient til ei anna avdeling. No flytta eg rett nok over feil pasient først, men... Ny vakt i kveld og nye sjanser til å gjere feil - eller: å lære noko, heiter det vel!

Hans Arne var på Race i går, ein klubb for 5.-7. klasse i Kristent Fellesskap (KF). Han kosa seg stort og då Per Edvin kom inn for å hente han sat han på eit bord saman med tre jenter. For at han skulle sleppe å vere der heilt åleine første gongen tok PE med seg Jørgen og Anna òg. Dei vart plasserte på eit leikerom i ein annan del av huset. Anna lurte veldig på kva pappan gjorde der då han stakk hovudet inn døra for å sjå korleis det gjekk... Ei god løysing syntes pappan, han sat i gangen og fekk med seg ungdomsmøtet!

Hans Arne er invitert i bursdag i dag, invitasjonen kom i går og selskapet er i dag. Omtrent like lang varsel som i Molde, med andre ord. GPS på mobilen er fortsatt veldig grei å ha... I morgon er vi inviterte til middag til Marius og ... ja, det var namnet hennar då? Malene, kan du hjelpe? Men først er det gudstjeneste i KF med presentasjon av bibelskuleelevane. Det betyr at vi må vere tidleg ute til gudstjenesten det! Hmm...

PE fekk ei melding på mobilen i dag der det sto at Ottar hadde fått ei pengegåve til oss! Tusen takk til den det er, Gud vil velsigne rikeleg attende!

Men no er det middag, snille, gode PE lagar mat til meg før eg må på arbeid! <3
Forresten er det eit eller anna rart med tidspunkta som står når eg legg ut eit innlegg, klokka er fx 13.45 no...
God helg fortsatt, og Guds rike signing over dagane!

torsdag 25. august 2011

Heisan!


Tida flyg og vi har no begynt på skule alle fem her i heimen i Storetveitvegen på Wergeland i Bergen.

Vi har som sagt brukt mykje av tida før skulestart på å kome i orden. Vi har henta både sofa som ungane ikkje treng å vere redd for å rote i (eller var det mora som var redd for det???) og som følast som om den søkk eitt hakk lenger ned for kvar gong vi set oss i han. Spisebord som er kjempeflott og stort og tungt (…veldig tungt når trapp nr 3 sto for tur…) har vi kjøpt, seng med skrivepult til Anna som er kjempestolt og til slutt ein godt brukt sykkel til meg for å skysse meg til og frå Haukeland når eg skal på arbeid. - Nei, det er ikkje motor på sykkelen, derimot er det eit sete som er litt for høgt og fastrusta, eit framdekk som er punktert og ein bremsekloss som ligg og bremsar det meste av tida... Alt dette til den nette pris av 3200,- kr på finn.no inkludert fraktfri henting. Av oss. OVI kart og GPS på Nokiaen er kjekt å ha!

IKEA er kjekt å ha det òg. Atskillig mykje kjekkare utan ungar, men kjekt uansett. Der har vi kjøpt hyller til klede og lego, bestikkdings til kjøkkenskuffa, 2 stk klestørkestativ (ja, for tørketrommel treng vi sjølvsagt ikkje med tre ungar.) og ekstra klesklyper (for å henge opp alt som vi ikkje treng å ha i tørketrommelen som vi ikkje treng.) og…..tja….det var i alle fall veldig viktige ting vi kjøpte då vi kjøpte det! ;-) Rart kor mykje ein eigentleg treng når ein finn det i butikkane i grunn. Krokar har vi forresten kjøpt òg, på den butikken som ikkje heiter Lefdal, men Clas Ohlson? Eller noko i den duren. Rett attmed IKEA du veit, inne på det senteret... Åsane Storsenter? Lat oss kalle det for det.

Ungane var eit par gonger på skulen for å sjå før dei begynte der på måndag. Dei konkluderte med at det var liten uteplass, men at det blir større når dei får ferdig turnbassenget som forresten blir mindre enn Kviltorp Skole sitt turnbasseng. Eg visste ikkje at det var turnbasseng på Kviltorp ein gong. Er det det? Eg var liksom med i FAU førre skuleår, he he… ;-S FAU står forresten for ”ForeldreArbeidsUtvalg”. Trur eg.

Vi har òg lært oss vegen frå skulen til ungane og bort til skulen vår i Kristent Fellesskap sitt bygg i Møllendalsbakken 6. Det er i bunn og grunn rett ned gjennom ein gravplass og rett opp att på andre sida av ei lita elv. Tek om lag 12 min ”effektiv gange” for ungar, eller 45-50 min i reell tidsbruk når ungar går utan vaksne… Ære være ungar og deira fantastiske evne til å finne interessante ting å studere! I alle fall når eg slepp å stå og vente på dei 10 m lenger framme. Passar i grunn perfekt i og med at dei sluttar på skulen kl 13.15 medan vi er ferdige kl 14.00.

I nærmiljøet vårt har vi greidd å finne ut at vi bor 2 etg over ein pizza-restaurant (hadde vel vore relativt mistenkeleg om vi ikkje hadde funne ut det enno…), det er 100 m til Rema og 4 min å gå til NRK-bygget og Kristkirken. På kjøreturen herifrå til Haukeland (ca 8 min) kjører vi forbi omtrent 10 butikkar med eksotisk mat og kinarestaurantar. Det er dessutan to bensinstasjonar innan 1 km og det næraste kjøpesenteret er rett attmed bensinstasjonen som er lengst vekke, altså 1 km unna. Kortare enn til Roseby i Molde og fleire butikkar. Trur eg. Der er det forresten sal no, passar glimrande, sikkert avslutta til vi får lånet utbetalt frå lånekassa. Kanskje ein fordel det? Bortsett frå den vinterdressen som Anna skulle hatt… Og regnkleda til Jørgen og støvlar til Hans Arne og… Kva var det no… Støvlar til meg var det, ja. Om eg kan finne støvlar med høge hæler då!

No må eg slutte av for vi har fått streng beskjed av fungerande rektor Norleif på bibelskulen om at nok søvn er veldig viktig for å leve eit godt liv og greie å følgje med i undervisninga. I tillegg til eit godt kosthald og å ta vare på kroppen (=trene??) er visst det grunnlaget for det meste. Så du har visst hatt rett heile tida du, Håkon-Inge! ;-) Må berre til slutt sei at Hans Arne feira bursdagen sin med grilling på Sotra hos rektoren saman med bibelskuleklassen. Han kosa seg og fekk lego-romferge (modell av Discovery-romferga om eg forsto det rett.) og ”Biler 2-lego”. Veldig vellykka. Jepp, då får vi ta resten ein annan gong.

Dette er altså skrevet i kveld, men blir ikkje lagt ut før i morgon 25. august, vi har visst problem med tilgangen på internett… Fint. Får ikkje dokumentert at eg er ferdig kl 22.55 ein gong! Good night! ;-)

mandag 22. august 2011

Heisan!

Tenkte at dette er ein grei måte å spre informasjon på. Tanken er etter kvart å skrive litt om det som skjer her i urbane Bergen. Til no har vi hatt fire (4) turar til IKEA på ei veke og handla som gale på Finn.no... Tre ungar har starta på bergensk skule og vi startar i morgon. Grundigare oppdatering kjem! Lovar!! ;-)