mandag 31. oktober 2011

Er forvirra!

Det er visst ikkje alt ein skal forstå... Eg les 31.okt på kalenderen i dag, noko som for meg betyr ullunderklede, skjerf i halsen, fleesjakke, støvlettar, vindtett jakke +++ når eg skal ut. (Ja, eg er frossen av meg, ja!) Men når eg kom ut?? Jau, då var det direkte varmt! No viser gradstokken utanfor stovevindauget 14 grader, kl 20.43!! (På baksida viser rett nok den digitale målaren 11,9 grader, men...) No veit eg ikkje kva eg skal tru. For eit par dagar sidan frykta eg for at det skulle vere frost på frontruta morgonen etter! He he... Ja, for ikkje å snakke om julestemninga som kom krypande her ein morgon då vi småsprang bort til bilen, i småregn og småkald vind i mørket... Ikkje det at eg klager, altså! På ingen måte! Eg er berre glad til for litt varme, ikkje akkurat skjemt vekk med det i sommar!

I helga var det "teamhelg" på bibelskulen. Halve klassen reiste til Skien og resten av oss (les: gamlingane...) tok turen til Askøy. På fredag og laurdag var i på eit kjøpesenter der ute og ba og snakka med folk, ei lita barriere som måtte brytast der, ja... I går var vi med på møtet i KF på Askøya og vart litt meir kjent med dei som er med der. Kjekt. Vi skal ha tre helger til der ute, så det blir nok både fleire barrierer som må brytast og utfordringar som må løysast før det prosjektet er over! ;-)

Den første oppgåva vår skal leverast på torsdag. Litt usikker på kvifor fristen vart utsett tre dagar, men tida kjem godt med! Ifølge PE, i alle fall...

I dag mota vi oss opp til å ha samtale med læraren til Jørgen (i grunn fort gjort å mote seg opp til det...), berre for å oppdage at det er neste måndag samtalen skal vere. Heldigvis oppdaga vi det eit kvarter før og ikkje når vi sto og etterlyste læraren! Anna har fått lekser fleire dagar enn torsdagane. Skrekk og gru, tenkte eg, men ho kom heim frå skulen og forkynte gledesstrålande (ja, faktisk!) at ho hadde lekser ho måtte gjere i dag, fann fram leksa og gjorde den på 1-2-3! Slikt varmar eit mamma-hjarte! Reknar med at det fortset slik i 15-20 år! He he...

tirsdag 25. oktober 2011

Paintball og VilVite

Vi har hatt ei flott helg! På laurdag var Hans Arne (som overnatta på KF i den nye soveposen sin) på gardsbesøk. Der hadde han skutt paintball på bøtteblink, prøvd å besøke eselet (som var ute på beitet...) og grilla på bål i vikingestova på låven (!) - stor stas!

Jørgen, Anna og eg var på VilVite i 5 timar på laurdag, veldig kjekt det òg, sjølv om eg må innrømme at det begrensar seg kor artig eg synes det er etter nokre timar... Men ungane storkosa seg! Vi såg film om nordlyset og 3D film om ein gut og katten hans som flaug gjennom byen (og kloakken!) med jet-pack på ryggen. Artig... PE var heime åleine og kosa seg med oppgåva si. He he...

På søndag var vi på gudsteneste på KF der Yohans tala om "utholdenhet", veldig bra! Etterpå måtte vi ein tur på..... VilVite, sjølvsagt! HA hadde jo ikkje fått vere der dagen før, så det sa seg i grunn sjølv. Ding-ding-- årskorta inntjent!! ;-)

Einaste skåret i gleda var at det vart oppdaga at Anna har fått leigebuarar -igjen! I håret, ja... Lurer på kva det er med Bergen?? Lus tre gonger på to månader?? Og ja, dei var utrydda før dei kom att!! No har vi tatt den primitive, slitsomme, grusomme og VELDIG effektive måten i bruk, vi handplukkar ALLE egg og lus for hand (pussig at handplukking inneber å plukke for hand.....) KVAR DAG! Anna fortener tolmodspremie til slutt, det tek omlag ein time å finkjemme gjennom hårpryden... Ja då, vi har elektrisk lusekam, effektiv den, men berre på lus, ikkje på egg. Dessutan tek det si tid å bruke den òg, i tillegg til at ho må dusje etter kvar gong.

Så det er det vi brukar dagane på! He he... Til helga er første praksishelg og vi skal vere med på Askøya. Ganske spanande, og veldig nytt! Rapport kjem sikkert etter kvart.

Og der var natta igjen, gitt! Rare greier. Den kjem plutseleg - kvar kveld! I morgon skal Arne Skagen undervise, så då blir det vel evangelisering det kjem til å dreie seg om. Blir bra det!

fredag 21. oktober 2011

Helg!

Helg igjen... Hans Arne er på Race, dei skal overnatte på KF i natt og skal på gårdsbesøk i morgon. Sikkert ganske eksotisk for bergensungar. He he... Jørgen og Anna koser seg med film nr 2 for dagen. Ja då, veit at det ikkje er pedagogisk, men det er faktisk første gong dei ser film etter at dei kom att frå haustferie!

I morgon skal husfrua evakuere saman med dei to håpefulle som er att heime, slik at sjefen i huset får fred til å skrive oppgåve. VilVite blir invadert! Ja, og så må vi jo ta ein tur dit på søndag òg, slik at Hans Arne får med seg opplegget med nordlys, eller kva det no var... Årskort er fint! :-)

Denne veka er det Jørgen som har vore sjuk. Han har hatt feber og hostar stygt. Det passa eigentleg fint. Bortsett frå at eg gjekk glipp av undervisning, så passa det veldig bra for meg å vere heime, så fekk eg tid til å kome meg skikkeleg eg òg. Den sjuka her heng i lenge! I alle fall i meg. Trur nok at ungane slepp unna lettare, Anna er ikkje sjuk, ho berre hostar. For ikkje å snakke om så uforskamma upåverka Per Edvin er av alt! Fnys.

Ellers er snøen kome nedover Ulriken og haglet har besøkt oss opptil fleire gonger. Føler på ein måte at vi er snytt for ein sommar! Viss ikkje dei to vekene i april / mai skulle vere sommaren i år, det kan tenkast det. Litt knapt, spør du meg! Men det er berre 6-7 månader til det er sommar att! Fatt mot! He he.

Ha ei god og velsigna helg!

søndag 16. oktober 2011

9 veker og 5 dagar...

...til vi skal heim til jul! Haustferien er over og det er tydeleg at ungane har kosa seg på ferie! Dei har jabba i eitt sidan dei kom av flyet i ettermiddag, og jammen trur eg dei har vokst 10-12 cm på turen òg! Dei var ikkje så store då dei fòr for ei veke sidan! Eller... Det var i alle fall godt å få dei heim att, sjølv om Jørgen fremdeles ganske hardnakka proklamerer at vi ikkje bur her! "Detta e jo bare ei lita leilighet!" - med andre ord ikkje godkjent i forhold til huset vårt i Molde. Noko eg i grunn må sei meg einig i... :-)

lørdag 15. oktober 2011

Haustferien går mot slutten

Og her sit eg og hostar. Har no brukt ei veke på å bli sjuk og å bli frisk att og no trur eg at eg er på rett veg. ;-) I går var eg feberfri for første gong sidan feberen kom snikande på laurdag og i dag hostar eg mindre (trur eg...). Trur ungane skal vere glade for at dei har vore på haustferie denne veka, eg er ikkje akkurat hyggeleg å vere saman med når eg er sjuk... Stakkars Per Edvin.

Ungane har storkosa seg hos vener, tanter og onklar, farfar og farmor. No er dei hos bestemor og bestefar og eg har ein mistanke om at dei har det like fint der! He he... Jørgen hadde feber i går kveld, forresten, ikkje så kjekt å vere her i Bergen når ungen din ikkje er frisk i Romsdalen... :-( Men i morgon kjem dei heim att til oss, det skal bli godt! Ei heil veke er lang tid, i alle fall når dei er så langt unna. Anna har aldri vore borte frå oss så lenge i eitt strekk før, så det er litt merkeleg. I morgon skal dei ta fly åleine alle tre, ja, dei er jo saman dei tre då, så heilt åleine er dei vel teknisk sett ikkje. Dessutan blir dei påpassa av "flyfolk" så eg er ikkje bekymra. Det falt tydeleg i smak å ta fly, i alle fall for Anna, ho var rimeleg gledesstrålande i stemma då ho sa at ho skulle ta fly heim att på søndag!

PE og eg har starta på oppgåvene våre, men eg må sei at for min del så hadde eg nok fått meir gjort om eg ikkje hadde hatt feber alle dagane. Blir liksom litt slapp av det! Men eg er godt i gang, så det går nok bra. Den første skal ikkje leverast før 1. nov, og det er jo over to veker til! Har ein mistanke om at det blir enno mindra husarbeid gjort dei to vekene... Ja, det er vel eigentleg berre å hive seg over arbeidet, kan ikkje sitje her og trykke om det skal bli skrevet oppgåve! :-)

torsdag 13. oktober 2011

Der slo Paraceten inn, ja.

Det tok berre 45 min... Etter 4 t og 45 min på venterommet på Bergen Legevakt tok det tilsaman 25 min frå vi kom inn til vi var gjennom. Då snakka eg med legen i 10-12 min... Men eg fekk sjukmelding for dei to ekstravaktene eg ikkje kan ta i morgon og fredag. Det betyr at eg ikkje taper sjukepengane, eg har nemleg ikkje vore tilsett lenge nok til å bruke eigenmelding før på søndag! Synes eg fortener pengane, tre av timane på venterommet sat eg og fraus, paraceten gjekk nemleg ut og eg hadde ikkje tatt med "niste"! 39,4 målte dama i øyret mitt... Neste gong eg skal på legevakta i Bergen skal eg møte opp kl 16.30 med brudd i fingeren. Det gjekk mykje raskare! ;-)

Men no frys eg ikkje meir (nesten) og ventar berre på at varmelakenet skal bli varmt så eg kan krype til køys. I morgon er atter ein dag, og eg "slepp" å gå på arbeid! Får satse på at forma er betre og at eg kan fortsetje på oppgåvene mine...

tirsdag 11. oktober 2011

Sjuk...

Ja, eg er sjuk. er det ikkje slik det ofte er når ungane er vekke? Då kollapsar alt. He he... I går sto eg opp kl 13.00, i og for seg godt det, hadde det berre ikkje vore for at eg var sjuk. På ettermiddag i går reiste vi opp til Gullbotn for å ta dei to siste dagane før haustferien her. Veldig kjekt, i alle fall kjekt at undervisninga foregår i "sofaavdelinga". Fekk ikkje så mykje med meg av undervisninga før lunsj... Opptak på mp3 er kjekt å ha! Men eg er mykje betre enn i går, så eg satsar på å vere frisk i morgon!

Ungane gledde seg stort til å dra på ferie og har det fint veldig fint. No er dei hos tante Lise, onkel Leidulf, farmor og farfar i Eresfjorden, i går var dei med på skulen i Molde og besøkte klassane og venene sine. Og vi har fått begynne på oppgåvene våre. Jippi! Men det skal bli godt å få ungane heim att på søndag... :-)

fredag 7. oktober 2011

Haustferie!

No er haustferien i gang! Ja, eg veit at de heime i Romsdalen er ferdig... ;-) Men vi startar no! I går fekk vi besøk av Malene, Timoteus og Tobias, til stor jubel for både liten og stor. Kjekt å ha nokon kjente rundt seg igjen! Det var ikkje berre artig å gå på skulen i dag, det var vel gjerne meir forlokkande å vere heime og leike med vener... På laurdag skal Hans Arne ta fly heim heilt åleine, men flybytte i Oslo... Men det går bra, han er heldigvis innanfor kategorien "jeg reiser alene", så eg reknar med at det er ei eller anna flyvertinne som tek ansvar. Forhåpentlegvis. Han skal besøke bestekompisen sin i Molde på søndag før dei andre kjem heim. Det gler han seg til! Men no må eg starte innsanking av ungar og vaksne frå skule og... tja, eg veit eigentleg ikkje kvar dei andre er... Ja ja, vi finn dei vel! I morgon tenkte vi det passa med ein tur på VilVite, trur det er fleire ungar enn våre som vil synest det er kjekt!

søndag 2. oktober 2011

Verdt ein kikk?

Mike Bickle snakkar om "manifestering i ånden", altså skjelvingar, latter, kramper +++, slett ikkje dumt sagt! http://mikebickle.org/resources/resource/3131

Livet i Bergen...

...går sin gang. Anna har mista tann nr to, veldig stas, særleg fordi det ikkje er nokon andre enn ho som har mista tenner i Bergen! He he... Ho har dessutan begynt på SFO og er stolt av det.

Hans Arne er sjuk og har vore med på skulen vår i fire dagar. Det går veldig greit, han ligg på sofa bakerst i klasserommet og får med seg det meste av undervisninga. Då han eine dagen fekk valget mellom å vere heime og å bli med, kom svaret raskt og klart: han ville bli med oss på skulen. Han er fortsatt ikkje heilt i strøk, så han blir nok med oss i morgon òg. Men så bør det vere slutt, han skal på forskerkurs på Forskerfabrikken på tirsdag, då bør han helst vere frisk!

Jørgen er djupt såra og vonbroten, han har ikkje fått vere med oss på skulen så mange dagar som Hans Arne har! Snakk om feigt! Men han har derimot kjøpt inn julegåva si. Han fekk lovnad på at om han greidde å spare (nesten) halve summen så skulle han få "Lego-Big Ben" til jul. No manglar han 40,- kr, så no står det ei stor pakke med julepapir på oppe på peisen (som vi ikkje har fyr i, nei!). Det er berre det at det er så leeeenge til jul!!

Det store samtaleemnet i heimen no for tida er at det er haustferie. I dag har vi vore på Osterøy på hytta til foreldra til Annveig. Der var det fullt hus og stor gjensynsglede! Det var kjekt. Lenge sidan vi har sett kvarandre no! Malene, Timoteus og Tobias kjem med fly på torsdag og det er stas! Det gler vi oss veldig til, både store og små. Hans Arne skal ta fly åleine til Molde på laurdag for å få ein dag saman med bestekompis Adrian i Molde før Jørgen og Anna kjem oppover med fly på søndag. Dei tek då same flyet som fam. Trondsen. Så skal dei ein dag på Kviltorp, skulen i Molde, før dei fer til besteforeldre, tanter og onklar på ferie. Ikkje kvar dag jubelen står i taket når eg foreslår at dei skal ta ein dag på skulen. Og så til og med i ferien! :-D

Per Edvin og eg kastar inn håndkledet i haustferien. Vi blir her og skriv oppgåver, i alle fall er det tanken... Ikkje lett å få tid til alt likevel når vi er fem som går på skule og skal gjere lekser. Det tok ikkje mange dagane før vi skjønte det... Men vi trivs og har det bra alle, sjølv om Hans Arne og Jørgen synes det er vanskeleg å få vener på skulen. Likevel trur eg dei har det bra, dei har nok veldig godt av at foreldra har betre tid på ettermiddagane, så det veg opp ein del. Dessutan har Gud lova oss at han skal ordne opp, så det trur vi på! Eg har forresten så godt som aldri vondt i hovudet lenger, og nakken og skuldrane er veldig bra dei òg. Eg trur eg er helbreda og takkar Gud for det! Ikkje ein tablett har eg tatt sidan den torsdagen. Det sei litt, det er ikkje lite eg har konsumert opp gjennom åra! All ære til Gud! <3

Avslørt!

Eg har avslørt det. Det er ein konspirasjon. IKKJE BEGYNN Å FARGE HÅRET, FOLKENS!! Det øydelegg håret. Når farga går ut er det ikkje berre "ekstrafarga" som forsvinn, all farge forsvinn!! Det blir rett og slett utan farge! Ja, ikkje alt håret, då, berre litt, nokre få hårstrå her og der... :-( Ikkje alle "avdukingane" som er like kjekke! He he...