fredag 13. november 2015

Bil, fordomar og kjekke folk.

Eg har bil. Eg har hatt bil i mange år. Vi hadde to bilar i fleire år. Det sto tre bilar som vi disponerte utanfor huset vårt, om ein skal rekne med firmabilen til mannen. Til alt overmål hadde vi faktisk fire bilar ståande ein periode. Ein til å kjøre ungar med, ein om vi ikkje hadde med ungar, ein firmabil, og ein avskilta bil som venta på hjelp til å kome seg til opphogginga. Skal eg noko tek eg bilen. Som ein kammerat sa: "Folk flest kler på seg bilen som ei jakke." That's me.

I haust har eg forlatt tilværet som heiltidsstudent og er no heiltidsstudent og sjukepleiar i 50 %. Sjukepleiar i 50 % stilling betyr kveldsvakter og helgejobbing. Null stress, eigentleg. Men med éin bil og tre ungar sto eg plutseleg med eit logistikkproblem. Logistikkutfordringar har det vore før òg, men det har vore meir av typen "kven kjører kva for ein unge hit eller dit, då og då". No er det plutseleg "det går ikkje opp"-type problem. Eg skal på arbeid til kl 07.30, er litt usikker på om det er sunt i lengda å skysse ungar til skulen kl 07 når skulen ikkje startar før kl 08.20, og det ikkje er åpent på SFO ein gong.

Løysinga på problemet kraup inn i hjernen min ein kveld. Litt usikker på kvar ho kom frå forresten, men løysinga var: BUSS! Sidan enkelte i familien har meir dramatiske busserfaringar enn meg, så førte løysinga til at det vart eg som måtte ta buss. Eg har ikkje tatt buss sidan før eg gifta meg for 20 år sidan. Før no.

Sannsynlegvis har eg fleire fordomar enn eg trudde. Mi forventning til å ta buss var irriterte medpassasjerar, seine bussar og mutte sjåførar som vart stressa og sure om dei måtte vente på passasjerar, eller enno verre: hjelpe passasjerane! Der tok eg feil.

Eg har fått fordomane mine rett attende i fleisen. For eksempel bussjåføren som smiler og seier hei til alle som kjem ombord i bussen. Sjølv om klokka er 06.45 på morgonen og dei fleste andre av oss ikkje har fått opp korkje auge eller munn. Første gongen eg møtte han vart eg rett forundra. "Oj, oj! Eg såg deg ikkje!" ropa han og hoppa ut av bussen på busstasjonen for å hjelpe ei gamal dame med å få rullatoren ombord. Han smilte og sa hei til alle, og ropa "Ha ein god dag!" til dei som gjekk ut bak i bussen. Om dei hørte han veit eg ikkje, men eg hørte. Og eg kjente at eg vart glad.

Eller han som sat på skrå overfor meg ein annan dag, sikkert ikkje meir enn 20 år. Bussen vart fullare og fullare, og fleire og fleire måtte bryte den personlege barriera si og sette seg attmed nokon dei ikkje kjente på bussen. Eg måtte gjere det eg òg. Ingen sat attmed 20-åringen og ei eldre dame med trillebag spurte om ho kunne sette seg. "Ja, naturlegvis!" sa 20-åringen, smilte og letta trillebagen hennar opp frå midtgangen for henne.

Det er ikkje så verst å ta buss i Molde. Eg blir glad av det.

(Forresten så laug eg litt: Det er ikkje null stress med seinvakter og helg.)

onsdag 4. november 2015

Ein liten hyllest

For nokre dagar sidan kjørte eg bak ein bobil. Kvar gong eg ser ein bobil går tankane mine til ei av dei mest fantastiske damene eg har møtt i heile mitt liv. Som nyutdanna sjukepleiar begynte eg på natt på ei travel medisinsk avdeling på sjukehuset. Som nyutdanna sjukepleiar kunne eg eigentleg ingenting. Ikkje eigentleg. Det "kliniske blikket" var dårleg utvikla og læringskurva var bratt.

Det var då eg vart kjent med denne dama. Det var ikkje første gongen ho hadde møtt ein nyutdanna, forvirra og totalt uvitande sjukepleiar. Dei hadde ho møtt mange av, og ho hadde lært mange kva det kliniske blikket eigentleg handla om. Ho lærte meg korleis eg skulle snakke med pasientane, korleis eg skulle reie ei seng på ein god måte, kva tid eg måtte ringe legen, korleis eg skulle vise pasientane respekt, korleis eg skulle opptre overfor pårørande, korleis eg kunne takle dei vanskelege situasjonane, kor viktige dei små detaljane var. Ho lærte meg å ta søpla ut frå romma før vaktskiftet og å stå på krava for pasientane. Eg kunne ramsa opp mykje.

Ho sa sjeldan "no skal eg vise deg...", ho berre gjorde det ho alltid hadde gjort. Ho var eit førebilete for meg i måten ho var på og holdningane ho hadde. Ho hadde ein genuin omsorg for pasientane, dei ho arbeidde for og saman med. Ho hadde ein arbeidsmoral som overgår dei fleste, og sette ære i å gjere ein god jobb. Ho er stemma som er i hovudet mitt når eg blir freista til å ta snarvegar og gjere halvgodt arbeid. Ho hadde høge krav til seg sjølv, og forventa at dei rundt også gjorde sitt beste. Ho sette ein standard i yrkesutøvinga si som vi andre gjorde vårt beste for å leve opp til. Ikkje fordi vi følte vi måtte, men fordi ho fekk oss til å ønske det.

Ho høyres ut som ein helgen, men ho var nok ikkje det. Ho var eit menneske med følelsar, tankar og meiningar, ho som alle oss andre. Ho kunne bli sint og føle seg urettferdig behandla. Ho blei fortvilt når ho følte ho ikkje fekk det ho meinte ho trong og hadde rett på, og ho hadde sterke meiningar om mangt.

I mange år arbeidde vi mykje ilag, vi to. Etter kvart vart det mindre og mindre, eg skifta arbeidsplass og møtepunkta vart færre. Men kontakten var der dei gongene vi møttes. I korridoren på sjukehuset vart dagen lysare og betre kvar gong eg såg ho. Ho trong ikkje å ha tid til å prate med meg ein gong.

Eg kjem aldri til å gløyme morgonen på arbeid då kollegaen min sa: "Ja, du veit vel kva som har skjedd??" Nei, det visste eg ikkje, og det er sjeldan eg har vore så sett ut som då ho kunne fortelje at ho som eg har sett på som eit førebilete og ein morsfigur i så mange år, hadde døydd berre få dagar før.

Det går sjeldan ei heil veke utan at ho er innom tankane mine. Som her eine dagen då eg kjørte bak bobilen. Då kom ho i tankane mine igjen. Ho elska turane i bobilen, saman med mannen og gjerne eit barnebarn eller tre. Framfor alt var familien det viktigaste for ho. At dei hadde det bra var avgjerande for om ho hadde det bra. Eg trur at svigersønene hennar hadde ei like god svigermor som svigersønene til mamma, og det seier litt.

Ein liten hyllest til ei av dei mest fantastiske damene eg har møtt. Ho har lært meg så utruleg mykje om livet og har mykje av æra for at eg er ein så god sjukepleiar som eg er i dag.

lørdag 6. juni 2015

Kvinnfolk bak rattet og gentlemen-fakter.

Eg ser på meg sjølv som ein god sjåfør. Eg har ein far som var fast bestemt på at hans ungar ikkje skulle vere av den hjelpelause sorten, og då tenkte han nok kanskje spesielt på systrene mine og meg. Han skulle ikkje ha noko av at vi vart ståande i vegkanten med flatt dekk som vi ikkje kunne å skifte sjølv. Så eg kan å skifte dekk (eller "å skifte hjul" heiter det vel?). Ikkje at eg har gjort det så ofte dei siste åra, ikkje i det heile, for å være ærleg, men eg kan det. Eg kan dessutan å peile og fylle olje, i tillegg til å fylle på spylevæske og vatn. På kvar sin plass, sjølvsagt.

Ikkje nok med det, på den tida då ungane hans dreiv med kjøreopplæring hadde pappa ein relativt heftig frustrasjon over kjøreskulane. Dei lærte ikkje frå seg verken rygging eller lukeparkering! Dette var uakseptabelt, og alle ungane måtte fint rygge nabobygda rundt - der var det ikkje riksveg, berre vanleg, smal bygdeveg - i tillegg til å lukeparkere mellom brusflasker eller liknande på skuleplassen. Han skulle ikkje ha på seg at ungane hans ikkje kunne det heller. Så eg er ein meister i rygging og lukeparkering, og ryggar alltid inn når eg parkerar. Sjølv om kjøreskulane var inkompetente trong ikkje ungane hans å vere det, var hans filosofi.

Eg er veldig glad for at pappa lærte meg alt det. Eg er stolt over at eg er ein god sjåfør og at eg kan ta eit dekkskift på strak arm. Eg elskar å ta laust på speilglatt slapseveg når det står ein kar fast i brøytekanten rett ved. Eg frydar meg når eg tek lukeparkeringa rett framfor augene på gjengen med mannfolk. Og eg avskyr det enno meir om det viser seg at eg har feilrekna og må rette opp bilen og ta andre forsøk. I alle fall om nokon ser meg.

Det er lite som får fram feministen i meg på samme måte som generalisering og steriotyping av dårlege sjåførar, og då gjerne med bruk av kommentaren "kvinnfolk". Eg trur at ein god del tenker at dårlege sjåførar er synonymt med kvinnelege sjåførar, og det irriterer meg grenselaust. Eg har blitt fotfulgt av ein spirrevipp av ein tilsett ved bensinstasjonen der eg kjøpte spylevæske, fordi han ikkje trudde på meg då eg gjentatte gonger forsikra om at eg greidde å fylle det på rett plass utan hjelp. Han tok til slutt flaska ut av hendene på meg og fylte på for meg. Hadde det vore ei teikning frå Disney hadde røyken stått ut av øyrene på meg.

Ein kamerat lurte på kvifor eg ikkje berre kunne vere takknemleg fordi det fortsatt finns gentlemen her i verda. Då tenkte eg at han ikkje har skjønt det. Eg synest det er stas når mannfolk held døra for meg eller gje meg ei hand å halde i om det er glatt på vegen. Eg synest det er stas med gentlemen-fakter. Eg er gift med ein gentleman. Den beste i verda, fakstisk. Problemet kjem når dei ikkje gjer det for å gjere stas på oss eller for å hjelpe oss, men fordi dei automatisk går ut frå at vi alltid, til ei kvar tid treng hjelp til alt, og at vi ikkje får til nokon ting. Ikkje ein gong å fylle spylevæske.

Når det er sagt må eg innrømme at eg sannsynlegvis bidreg til stereotypien eg óg. Ikkje fordi eg er ein dårleg sjåfør, men fordi eg, når eg ser ei dårleg parkering, eller nokon som strevar med rygginga, ja då tenker eg: "kvinnfolk!". Eg må dessverre tilstå at eg er skuldig i automatisk å tenke at det er kvinnelege sjåførar som parkerar midt på kvitstreken og ein meter frå kanten. Eg blir overraska om det viser seg at det er ein mannleg sjåfør. Dessverre.

Eg trur derimot ikkje det er fordi eg trur at kvinnelege sjåførar ikkje kan å kjøre. Eg trur det er fordi eg ikkje kan forstå at dei ikkje har lært seg å kjøre betre! Og eg er fullstendig klar over at det er ganske så generaliserande det óg. På samme måte som ikkje alle mannfolk er like stødige sjåførar kan ikkje alle kvinnfolk vere det heller. Dessutan trur eg at det er stoltheita mi som får seg ein knekk, fordi eg veit at dersom eg feilreknar lukeparkeringa mi og må gjere fleire forsøk, då står mannfolka der og tenker: "kvinnfolk!". Det er nesten meir enn eg kan bere.

søndag 17. mai 2015

17. mai er vi så glad i...?

No sit eg her med bunadsøljene til rens i sitronsyre og Zalo og funderer på korleis 17. mai alltid kjem som julekvelden på kjerringa. I alle fall her i huset. I år er det verre enn nokon gong. Eg har ei oppgåve som skal leverast på fredag, og som vanleg har eg ikkje akkurat starta skrivinga i så veldig god tid. Neste søndag skal håpefulle nr.1 feire konfirmasjon, og planlegginga til det er vel heller ikkje heilt i boks.

Nattdyr som eg er så går sjølvsagt natta med til skriving av oppgåve og dagen går med til soving. Meir usosial enn det er det vanskeleg å bli, i alle fall om du spør sjefen i heimen som må halde ut med meg dei få timane vi er våkne og heime samtidig. Men han har, som alltid, eit heilt utruleg tolmod og overser og overhøyrer dei verste utbrota. Stakkars ungar som ikkje forstår noko som helst når mora brøler fordi dei flyttar på ein stol eller spør om dei kan få mat. Berre fem dagar att, folkens!


17.mai kom så lite lageleg som det går an i år, midt i oppgåveskrivinga. Som eg for så vidt kunne ha gjort unna for lenge sidan, om det ikkje var for at eg er ein evig tidsoptimist! Fint ord, ikkje sant? Høyrest  mykje betre ut enn at eg alltid er for seint ute. Eg er evig optimist når det kjem til å vurdere kor mykje tid eg har.

Ellers har eg i mange år hatt lite til overs for 17.mai, med småungar som skal gå i tog sjølv om dei eigentleg ikkje vil, i surt og grått vèr, med frukostbrødskiva i handa og bunaden på snei, stupande ut døra alt for seint - i år igjen. Sjarmen har liksom ikkje vore der på same måten som då eg var lita. Då gjekk alle i tog. Og då meiner eg alle. Vi gjekk rebusløp frå skulen til aldersheimen, dit korpset kom for å spele før toget gjekk attende til skulen. Først gjekk korpset, som hadde vore i 4-5 bygder og gått 17.mai-tog tidlegare på dagen, så kom skulen. Når alle skuleklassane hadde gått, ja då gjekk alle andre etter i toget. Dei skulle jo bort på skulen, skal vite, for der var festen.

Og toget gjekk midt på riksvegen! Å få gå midt i bilvegen var ulideleg spanande for ei lita ei som ikkje fekk sykle på besøk til venninnene sine før ho var både 11 og 12 år. Det var så mykje langtransport forbi hos oss, og alle skulle rekke ei ferge. Alle som har prøvd å rekke ei ferge veit at fartsgrensene alltid er for lave og tida alt for kort. 12-åringen min såg ikkje heilt fasinasjonen med å få gå midt i vegen, han berre himla med augene og rista overberande på hovudet. Etter kvart som ungane blir større blir det trass alt enklare med 17.mai-feiring òg, heldigvis. Ungane går sjølv og dei får ikkje panikk om du ikkje står der toget sluttar for å ta imot. Men strevsamt for mora? Ja, det er det enno.

17.mai i år vart spesiell for meg. Ikkje berre på grunn av oppgåveskriving, men fordi det er 70 år sidan krigen var slutt i 1945. No var ikkje eg der då, men eg er nok over middels interessert i både historie og etter kvart politikk, og eg innser at vi er heldige. Du, så heldige vi er! Vi får gå i tog og feire at vi bur i eit fritt land. Vi har barnetog! Barna feirer at Norge er eit fritt land. Kontrasten mellom markeringa av frigjeringsdagen 8.mai i Norge og markeringa 9.mai i Russland var markant. Feiring av eit fritt land versus militær maktdemonstrasjon frå eit land som yppar seg i Europa. Vi er heldige.

Og ein ting til: eg er lettrørt. Du veit at du er lettrørt når du må svelge klumpen i halsen når du ser korpset marsjere forbi og spelar opp "Gammel jægermarsj" og innser at dei ungane der, dei gjer ein fantastisk innsats på 17.mai! Og når eg ser at russen er med i korpset og får fritak frå uniformsreglane, då blir eg glad langt inn i hjarterota, og må svelge litt til. Og no er søljene ferdig rensa, blanke og fine til konfirmasjonen.

lørdag 28. mars 2015

Ei heilt ny rolle. Dessverre.

I fjor sommar fekk eg utdelt ei ny rolle. I tillegg til at eg er ektefelle, mor, student, sjukepleiar og alle andre kjekke roller. Eg fekk utdelt "pårørande-rolla". Ikkje berre vart eg pårørande, eg vart "sjukepleiarpårørande". Alle som arbeider i helsevesenet veit at andre som arbeider i helsevesenet er dei verste pårørande som finns. Dei veit for mykje, kan for mykje og vil vite alt for mykje. Dei forstår for mykje. Og dei forstår for lite.

Ikkje sjeldan har ein sjukepleiar eller ein lege hausta medlidande blikk etter ein telefonsamtale med påfølgande sukk og orda: "Det var pårørande til NN. Han er lege/sjukepleiar." Eg har sjølv himla med augene og fulgt opp med: "Han bur vel i Oslo òg, då? Eller Bergen?" Svaret er ofte ja, og vi er skjønt einige, utan å ytre eit einaste ord til. At det er dei verste pårørande som er. Dei med utdanning innan helse og som bur langt vekke.

Det er noko med måten desse helse-pårørande ordlegg seg. Dei forventar at når vi får vite at dei har utdanning innan helsesektoren, så skal vi automatisk vere innforstått med at alt vi seier, det forstår dei. Uansett. Bruk helst latinske ord og uttrykk. Dei forstår. Uansett. Om han som ringer er overlege ved psykiatrisk avdeling ved eit sjukehus i Oslo eller Tromsø, så forstår han automatisk alt som foregår med mora som er innlagt på lungeseksjonen i Molde. Eller ved infeksjonsseksjonen. Uansett. "Eg er lege." = "Eg forstår alt, eg vil vite alt, ikkje prøv å skjule noko!" "Har de prøvd å..." " Eg meiner at..." "Eg vil at..." Sjukepleiarane er ikkje det grann betre enn legane. Berre så det er sagt.

Mi historie som sjukepleiarpårørande startar med at eg har eit ærend inn på den medisinske sengeposten eg har vore tilsett ved i mange år. Eg kjenner alle og alle kjenner meg. Det er kollegaer og vener, og dei blir alltid litt forvirra over om eg er på vakt der eller om eg er ute på ærend frå poliklinikken eg no har arbeidd på.

Eg surra rundt og tulla meg til slutt inn på vaktrommet der eg kastar eit blikk på pasienttavla. Der finn eg eit underleg kjent namn. Eit namn eg ikkje kjente, men kjente likevel. Eg forsto ingenting og lurte på kvifor namnet var så kjent? Kven var det som heitte det? Det demra for meg til slutt - klart eg kjente namnet! Det var berre på heilt feil plass. Heilt feil.

Å vere pårørande betyr at ein du er glad i ikkje er frisk eller har behov for meir hjelp enn det du er van med. Det betyr at den du er glad i ikkje er udøyeleg. Det betyr at livet, og verda, blir sett i eit anna perspektiv. Det betyr at du revurderer ditt eige liv.

Det betyr også at du innser kor heldig du er som bur i Norge. Her står legar og sjukepleiarar til disposisjon døgnet rundt. Ja, det er mykje som kunne vore betre, og det er ikkje optimalt at gamlemor på 80 må reise med "samlebuss" når ho skal på kontroll på sjukehuset. Men ho får i alle fall kontroll!

Som sjukepleiar veit eg og forstår meir enn dei fleste andre i familien min. Eg er med glede med på legevisittar for å høyre og forstå kva legen seier. Eg vurderer kva eg skal seie vidare og kva som er best å halde stilt om. Og eg forstår meir enn legane seier. Eg har sett det før. Eg har skrekkscenariet klart for meg og forandrar ferieplanane, fordi alt plutseleg blir så usikkert.

Eg var pårørande på avdelinga der eg hadde arbeidd i årevis. For meg var det trygt. Trygt fordi eg slapp å gjere meg kjent med dei som arbeidde der og som hadde ansvaret for min kjære. Trygt fordi eg kunne vere meg sjølv. Trygt fordi eg visste at eg kunne stole på legane. Samtidig var det slitsamt. Veldig slitsamt. Fordi alle kjente meg. Alle visste at ein eg var glad i var sjuk. Sannsynlegvis alvorleg sjuk.

Det var slitsamt fordi eg var sjukepleiarpårørande som krevde meir enn ein "vanleg" pårørande gjer. Og eg krevde det av kollegaene mine. Venene mine. Balansegangen var ikkje lett. Dei stilte opp med glede, sjukepleiarane, hjelpepleiarane og legane. Dei var fantastiske og eg prøvde "å halde meg i skinnet" og ikkje kreve urimeleg mykje. Eg håpar at eg greidde det, eg trur eg gjorde det, men sjølvinnsikta er vel ikkje alltid til å stole på?

Eg er heldig og har fortsatt alle mine kjære, friske og raske. Det var betennelse og ikkje kreft, slik den mikroskopiske sjansen var. Skrekkscenariet slo ikkje til. Men eg har fått eit glimt av at dei rundt meg ikkje er udøyelege. Ikkje dei heller.