søndag 17. mai 2015

17. mai er vi så glad i...?

No sit eg her med bunadsøljene til rens i sitronsyre og Zalo og funderer på korleis 17. mai alltid kjem som julekvelden på kjerringa. I alle fall her i huset. I år er det verre enn nokon gong. Eg har ei oppgåve som skal leverast på fredag, og som vanleg har eg ikkje akkurat starta skrivinga i så veldig god tid. Neste søndag skal håpefulle nr.1 feire konfirmasjon, og planlegginga til det er vel heller ikkje heilt i boks.

Nattdyr som eg er så går sjølvsagt natta med til skriving av oppgåve og dagen går med til soving. Meir usosial enn det er det vanskeleg å bli, i alle fall om du spør sjefen i heimen som må halde ut med meg dei få timane vi er våkne og heime samtidig. Men han har, som alltid, eit heilt utruleg tolmod og overser og overhøyrer dei verste utbrota. Stakkars ungar som ikkje forstår noko som helst når mora brøler fordi dei flyttar på ein stol eller spør om dei kan få mat. Berre fem dagar att, folkens!


17.mai kom så lite lageleg som det går an i år, midt i oppgåveskrivinga. Som eg for så vidt kunne ha gjort unna for lenge sidan, om det ikkje var for at eg er ein evig tidsoptimist! Fint ord, ikkje sant? Høyrest  mykje betre ut enn at eg alltid er for seint ute. Eg er evig optimist når det kjem til å vurdere kor mykje tid eg har.

Ellers har eg i mange år hatt lite til overs for 17.mai, med småungar som skal gå i tog sjølv om dei eigentleg ikkje vil, i surt og grått vèr, med frukostbrødskiva i handa og bunaden på snei, stupande ut døra alt for seint - i år igjen. Sjarmen har liksom ikkje vore der på same måten som då eg var lita. Då gjekk alle i tog. Og då meiner eg alle. Vi gjekk rebusløp frå skulen til aldersheimen, dit korpset kom for å spele før toget gjekk attende til skulen. Først gjekk korpset, som hadde vore i 4-5 bygder og gått 17.mai-tog tidlegare på dagen, så kom skulen. Når alle skuleklassane hadde gått, ja då gjekk alle andre etter i toget. Dei skulle jo bort på skulen, skal vite, for der var festen.

Og toget gjekk midt på riksvegen! Å få gå midt i bilvegen var ulideleg spanande for ei lita ei som ikkje fekk sykle på besøk til venninnene sine før ho var både 11 og 12 år. Det var så mykje langtransport forbi hos oss, og alle skulle rekke ei ferge. Alle som har prøvd å rekke ei ferge veit at fartsgrensene alltid er for lave og tida alt for kort. 12-åringen min såg ikkje heilt fasinasjonen med å få gå midt i vegen, han berre himla med augene og rista overberande på hovudet. Etter kvart som ungane blir større blir det trass alt enklare med 17.mai-feiring òg, heldigvis. Ungane går sjølv og dei får ikkje panikk om du ikkje står der toget sluttar for å ta imot. Men strevsamt for mora? Ja, det er det enno.

17.mai i år vart spesiell for meg. Ikkje berre på grunn av oppgåveskriving, men fordi det er 70 år sidan krigen var slutt i 1945. No var ikkje eg der då, men eg er nok over middels interessert i både historie og etter kvart politikk, og eg innser at vi er heldige. Du, så heldige vi er! Vi får gå i tog og feire at vi bur i eit fritt land. Vi har barnetog! Barna feirer at Norge er eit fritt land. Kontrasten mellom markeringa av frigjeringsdagen 8.mai i Norge og markeringa 9.mai i Russland var markant. Feiring av eit fritt land versus militær maktdemonstrasjon frå eit land som yppar seg i Europa. Vi er heldige.

Og ein ting til: eg er lettrørt. Du veit at du er lettrørt når du må svelge klumpen i halsen når du ser korpset marsjere forbi og spelar opp "Gammel jægermarsj" og innser at dei ungane der, dei gjer ein fantastisk innsats på 17.mai! Og når eg ser at russen er med i korpset og får fritak frå uniformsreglane, då blir eg glad langt inn i hjarterota, og må svelge litt til. Og no er søljene ferdig rensa, blanke og fine til konfirmasjonen.