onsdag 30. mai 2012

Festhelg!

Denne pinsa har vore rå. Vi starta på laurdag med å vere med å sjå på bryllaup, fortsette på søndag med barnevelsigning og på måndag med 2.pinsedagsgudsteneste i KF, før vi avslutta i dag (ja, det kjentes i alle fall ut som helg...) med besøk på hytta til eine læraren vår, med bålbrenning og grilling.

Ungane har kosa seg! Det er fortsatt sol her i Bergen, sjølv om temperaturen nok er på veg ned. Vi kjente at sydentemperaturane var her på søndag, i alle fall! Bunaden var god å ha på 17.mai med 2-3 grader og vind, på søndag var det 20 grader meir og ingen vind... Alle som har prøvd det veit at bunad desidert egnar seg best rundt 10 grader.

Uansett var det artig å vere med på barnevelsigning. Heller ikkje her har eg så veldig lang fartstid, eg har vel vore med på omlag tre stk, vil eg tru. Som observatør, rett nok! No var eg plutseleg midt oppi det og skulle delta på både den eine og den andre måten. Som eg brukar å gjere så hadde eg òg denne gongen sagt "ja då, klart eg kan det!" då eg vart spurt. Men det er ein god ting. Eg får utvida grensene mine, og det er sunt.

Eg hadde det heilt fortreffeleg, for å vere ærleg. Barnevelsigning er ein fantastisk skikk! Når forsamlinga løftar ungen opp til Gud og i fellesskap ber for han og velsignar han, det er flott. Dessutan blir familien inkludert på ein suveren måte, dei blir på same måten som ungen løfta fram for Gud av forsamlinga og bedt for. Herleg.

Etter gudstenesta var det middag og selskap, og vi var inviterte! Stas! Kjekt å treffe att folk eg kjente for... oj... 20 år sidan, +/-... Dei var som før, berre annleis, om du forstår. Finstasen gjekk gradvis over til shorts og bare bein for den yngre garde, for min del krympa både lengda og tjukkelsen på stasen etter som dagen gjekk mot kveld. Deilig!

Vi kjenner no at det nærmar seg slutten av året vårt i Bergen. Det er ganske vemodig. Vi har fått for mange gode vener her omkring til at det kan gå for seg utan ein viss grad av vemod. I dag var det ei i klassen vår som konkluderte med at ho skulle begynne å be om at vi skulle få oss ei billeg hytte på Askøy. Det hørtes i grunn ut som ei god plan!

tirsdag 29. mai 2012

Pinse

Pinsa er artig. Det er den høgtida eg likar best av alle høgtidene vi har, trur eg. Ikkje det at det ikkje var stort at Jesus kom til jorda, eller at han døydde og sto opp att. For all del! Utan det hadde vi ikkje hatt noko å tru på, så det er viktige høgtider å markere. Men likevel. Det er noko spesielt med pinsa. Eg har tenkt ein god del på dette dei siste månadane. Eller åra, kanskje? Litt vanskeleg å sei.

I påska skjedde det som gjer at vi har ein bodskap å gå ut med. I pinsa skjedde det som gjer at vi tørr å snakke med andre om det. Den Heilage Ande kom til jorda! Berre lyden var "like the roaring of a mighty windstorm"! Det sei litt om kor kraftig og mektig han er. Og han bur i oss. Jesus sa at han skulle sende kraft frå himmelen over læresveinane sine, og vi har del i det same som dei. Tenk på det. I oss bur den same Heilage Ande som budde i Peter, Paulus, Johannes, Stefanus +++ - og den same Anden som budde i Jesus då han gjekk omkring på jorda. Wow!

Frå barnemunn (7)

Samtale i bilen om framtida...
Anna: "Jamen, jeg vil bo sammen med deg på ekte!"
Hans Arne: "Jada, viss kona mi syns de e greit så."

mandag 28. mai 2012

Livets nest viktigste valg...

På laurdag var vi på vigsel i KF Bergen. Eg har berre ein "pinsevigsel" og ein frikyrkjeleg vigsel på samvitet utanom statskyrkja, så vi var spente på korleis dette vart. Vi gjekk altså dit litt for å tilfredsstille den nysgjerrige hjernen min og litt fordi Hans Arne kjenner brudeparet gjennom barne- / ungdomsarbeidet (litt vanskeleg å vite om ein skal definere den alderen som barn eller ungdom...).

Det første som slo meg var at det ikkje skulle så veldig mykje til for å forandre eit heilt vanleg forsamlingslokale til eit storslagent bryllaupslokale. For ei som har vorte utstyrt med andre gåver enn kreativitet på det planet var det imponerande. Verkeleg.

Ettersom klokka nærma seg kjente vi at høgtida senka seg over forsamlinga. Det er noko spesielt med ein vigsel. Når to menneske skal love kvarandre livslang truskap. Då blir ein automatisk litt høgtidsstemt. Til og med i ei karismatisk forsamling der nokon kan føle at det er litt for lite høgtid og "ærefrykt" til vanleg. Det er berre slik. For the record: eg trivast veldig godt slik det er i KF...

Per Arne Gjerde forretta, på ein glimrande og jordnær måte. Han kalla ein spade for ein spade fleire gonger og sa at dette blir ikkje alltid lett. Sjølv om det naturleg nok er fryd og gaman i dag, så består livet av flest kvardagar. Det er der livet blir levd, i kvardagane, saman i heimen. Det er der kjærleiken blir sett på prøve, og det er der vi får bryne oss og slipt oss.

Medan eg sat der og hørte og såg vart eg plutseleg rørt, slik eg overraskande nok blir i dei fleste vigslane eg er i. Eg ser ikkje på meg sjølv som ein lettrørt person, men innser etter kvart at eg kanskje bør revurdere den oppfatninga... I alle fall hadde eg heller ikkje denne gongen med noko som likna på papir til å tørke snørr og tårer, så eg bestemte meg for å bite tennene saman og slutte med slik tull. Men tankane var der enno.

Tankane sa at desse to var heldige. Dei er heldige som har eit så godt utgangspunkt for ekteskapet sitt. Dei er heldige som begge to er grunnfesta i Jesus som sin Herre og frelsar. Dei er begge to solide og reflekterte og har fått "kvardagsundervisning" som vil hjelpe dei til å møte utfordringane som kjem på ein god måte. Tankane gjekk attende til vårt bryllaup. Til vår start på ekteskapet. Vi hadde eit utgangspunkt så himmelvidt frå det desse to har. Tankane førte til bøn. Bøn for brudeparet, for framtida deira og ekteskapet. Og eg vart fyllt av takk til Gud! Takk for at desse to har fått eit så godt utgangspunkt. Takk for at ikkje alle ektepar er nødt til å gå gjennom det vi har gjort, og takk for at eg er gift med Per Edvin!

Det er som Per Arne sa: Det er det nest viktigaste valet eit menneske gjer i livet, nest etter valet om å følgje Jesus eller ikkje. Det er så sant!

lørdag 12. mai 2012

Høgtlesing

Den nye sporten i heimen. For mor, i alle fall. Vi har i løpet av vinteren vore gjennom alle sju Narniabøkene, to gonger. Ja, for Hans Arne og Jørgen starta sjølvsagt ikkje samtidig, skal vite! Men eg kan ikkje skryte på meg å ha lese 799 sider høgt to gonger, for målet var at dei skulle lese sjølv... Hans Arne gjorde nok grovarbeidet sjølv, og fekk høgtlesing innimellom som belønning. Jørgen vil eg påstå las over halvparten sjølv han òg, ikkje verst for ein tredjeklassing!

No har mora blitt bitt av "kjøpe bøker-basillen", så no har ho vore på shopping både på nettet og i bokhandlar i byen. Ja, fortsatt Bergen. Eg greier faktisk å finne fram i sentrum om eg absolutt vil. -og viss eg berre ikkje rotar meg så langt vekk at eg ikkje veit kvar Grieghallen, endestasjonen til bybana og Fløibana er. Då greier eg meg bra. Eg veit dessutan kvar "den blå steinen" og Dolly Dimples er, så då er eg berga. Tør til og med å kjøre inn til sentrum med bil - utan mann og GPS! He he. Når ingen andre skryt, så må eg gjere det sjølv!

Men altså. Ungane fekk låne Jules Verne av Margrethe, og Jørgen er godt i gang med "En verdensomseiling under havet" og Hans Arne med "En reise til jordens indre". Eg hadde ein runde på nettet, eigentleg for å sjå om eg fann Jules Verne, men enda opp med noko heilt anna. "En liten prinsesse", "Den hemmelige hagen" og "Lille lord Fauntleroy" kan vel knapt kallast fengande for gutar på Hans Arne og Jørgen sin alder? Det fenga vel mest mora. Jørgen (stakkar) var med inn til sentrum ein dag, og då kom eg på den lyse idèen om at det kanskje var Jules Verne på ein vanleg bokhandel. For ganske ofte har dei bøker i butikkane som ikkje går an å få tak i på nettet! Eller... Etter tre-fire bokhandlar begynte nok entusiasmen å dale litt i den yngre generasjonen (det var ein god porsjon entusiasme då vi starta runden, faktisk), medan eg hadde fått blod på tann. Det vart ikkje noko Jules Verne, men derimot "Huck Finn og eventyra hans" og "Skatten på Sjørøverøya". Vil tru dei fell i betre jord hos jr og jr. Den første boka er på nynorsk, men i følge Jørgen går visst det "heeiilt fiint"! Eit aldri så lite "Yesss!!" må eg innrøme kom for meg, inni hjernen min, men time will show...

Anna fekk derimot æra av å velge seg ei bok av dei tre tidlegare nemnte bøkene som fenga mora, og pussig nok fall valet på den boka som var raud, med rosa prinsessekroner på og tittelen "En liten prinsesse"! Shocking! Den største utfordringa der i garden er korleis ein skal forklare ord som "indignert", "forlegen", "bekjentskap" og at rektoren har eit "horn i siden" til stjerneeleven. Konklusjonen første kvelden var at vi var glade for at vi ikkje måtte sende vår (snart) sjuåring på kostskule på andre sida av jorda. Anna forkynte at ho alltid skal gå på skulen som er nærast oss slik at ho kan bu heime. Vi får håpe at det ikkje skjer...

Fordelen med å lese for Anna er at eg får lese heile boka, i samanheng. Fordelen med dei to andre er at eg kan seie at eg ikkje har tid, dei får lese sjølv. Bakdelen er at den første versjonen fører til mykje høgtlesing (=oppbrukt stemme, som faktisk er ei ganske god unnskyldning når du synest du har lese nok. Berre prøv.). Bakdelen med den andre er at eg berre får lese kvart andre-tredje kapittel i bøkene (=samanheng?). Målet er uansett at dei skal bli glad i å lese, og det trur eg er oppnådd. I alle fall med dei to eldste. Trur eg. God bok!

Praksis

Vi har no i to veker vore i praksis på Askøy (utanfor Bergen, for dei som ikkje veit det, he he...). Tenkte det var på tide at de får vite litt om korleis det går. Vi har vore ein del rundt på øya og bedt, og vi har fått stadfesta at Gud har store planer for Askøy! Vi har vore på skulebesøk, på omsorgssenter og på kjøpesenter, og vi har sett at Gud berører menneska som vi (Han) kjem i kontakt med. Berre på desse få dagane har fleire vorte helbreda og fri frå smerter, og tre unge menn har teke imot Jesus som sin Herre og frelsar! Det er så bra! Bibelskulen har hatt eitt team i Bolivia og eitt på Filippinene i tillegg til oss på Askøy, anbefaler å lese elevbloggen til Bergen Bibelskule for meir detaljert oppdatering på alt det gode som skjer! http://bibelelev.wordpress.com/ Som de vil sjå så er det mest eg som har skrevet frå Askøy på den bloggen òg, difor har det ikkje vore så høgt prioritert å skrive her... Enjoy! Gud er god!

tirsdag 8. mai 2012

Hetetokter??

Dei siste 20 åra har alderen min steget frå 25 til 30 år når nokon skal gjette på alderen min. Om dei då ikkje går systematisk til verks og begynner å rekne på alderen til ungane eller benyttar seg av andre måtar å jukse på. No begynner eg likevel for alvor å tvile på om eg ser så ung ut som eg gjerne vil tru. På søndag vart temperaturen for ein gongs skuld litt over middels, så eg tok av meg jakka og gjekk i korte ermer. Rett nok var dette inne i eit lokale med 100-150 menneske. Eg hadde dessutan ullstilongs og tre lag med singlet / toppar på meg sjølv om eg ranga jakka av, men eg såg sikkert ut til å vere veldig varm.

"Å ja, du blir sånn varm innimellom du òg." var det ei som sa til meg. Eg nikka for å bekrefte at ja, eg blir av og til så varm at eg kan gå i korte ermer. "Ja, eg har hatt sånne hetetokter i over 8 år, men no begynner det å gi seg." sa ho. What to say...

Oppgradering...

Ja, lat oss kalle det oppgradering. Eller justering? I alle fall har eg endra namn på bloggen. Men det såg de sikkert... He he. Uansett så er det fortsett eg som skriv meir eller mindre vettuge innlegg om alt det rare vi kjem på å gjere og sei.

søndag 6. mai 2012

Småbarnsfamilie og butikkdrift

I familien Frisvoll har vi det for tida særdeles travelt. Vi driv butikk. Eller, det er vel strengt tatt Jørgen som driv butikken, han er butikksjef, eller adm. dir., kanskje? Høres enno meir flott ut det, i grunn. Han er ein veldig omgjengeleg og flott sjef, vil eg sei. Han deler all inntekt på tre, slik at både han, Anna (som er produktdesignar, innovativ medarbeidar og selgar) og Hans Arne (som er konsulent og selgar) får like mykje løn uansett innsats. Imponerande. Han er veldig oppteken av at alt skal vere rettferdig, men eg trur at eg hadde hatt eit anna syn på kva som er rettferdig lønsdeling i denne situasjonen...


Butikken heiter Angen, etter ANna og JørGEN, med tydeleg G, vel å merke. På opningsdagen, for to veker sidan, var det loddsal med påfølgande trekning, og eg vann! Eg må dessverre med skam innrøme at eg enno ikkje har henta premien min, to valfrie varer frå eine veggen i butikken, noko eg til stadig får høyre. "Korti ska du ringe med bjella for å komme og få premien din, mamma?" Lurer på korleis eg skal få sagt at det er begrensa kor attraktivt utvalet i butikken er? Det er vel eigentleg ikkje noko ei god mor seier, er det vel?

No har varesortementet rett nok vorte utvida dei siste dagane. Jørgen har laga arbeidshefter og teikneseriehefter, sirleg kopiert frå Donald-blad og diverse aktivitetshefter. Forresten, om du treng ein fargekopi av noko - ikkje kom hit. All farga i printaren er brukt opp... Bestillinga som eg har inne, og har betalt for, har eg enno ikkje fått, for vi har gløymt å kjøpe tape. Som de kanskje forstår så er inntektene i butikken rein nettoinntekt for gründaren Jørgen og medarbeidarane hans. Uansett så har dei, særleg Jørgen, noko å halde seg i ånde med, og det er jo bra i desse maidagane - som minner mest om november...

Eg får vel ta meg ein tur i butikken i morgon og hente premien min. Lurer på om eg skal ta heimelaga bursdagskort, teikneseriehefte, julepynt, eller eit bilete, kanskje?

onsdag 2. mai 2012

Vår, hage, minner og alder...

Jepp, det er endeleg eit fakta og ikkje lenger berre ein draum og eit håp. Det er vår!

Og som ganske mange andre her i verda kjenner eg at eg er litt våryr... Veldig udefinerbar følelse å kjenne på, eigentleg, "våryr"... Men eg trur det er det eg må kalle det. Alt eg må gjere blir liksom litt lite viktig, berre fordi det er vår. På eitt eller anna finurleg vis. Hmm...

Uansett så har vi fått nyte godt av finveret som har vore her dei siste dagane. I dag har vi hatt fri alle fem, og var så heldige å bli invitert på grilling hos Margrethe på Askøy. Forresten, om ho inviterte oss, eller om eg gjorde det sjølv, det lurer eg litt på. Uansett hadde vi ein fantastisk dag i sol og vårluft. Dei har nemleg noko ikkje vi har. Hage. Det er ein av dei få tinga eg verkeleg saknar sårt frå huset vårt i Molde. Hagen. Ungane kan ikkje springe ut og inn som dei vil på finversdagane her i Bergen, for vi har ikkje HAGE! Men i dag sprang dei. Og kosa seg. Deilig. Tusen takk til Margrethe!

I helga var vi på Gullbotn saman med ein heilt fantastisk gjeng frå Askøy. Vi er så velsigna at vi får vere med dei i fjorten dagar som ein del av skuleopplegget vårt. Klassen vår er delt i tre, eitt team er i Bolivia, eitt på Filippinene og vi er på eksotiske Askøy. Vi er så heldige som får vere med på det som skjer der ute, dei har hatt ein eksplosiv vinter med fleire nyfrelste kvar veke i periodar. Eg blir heilt stum, dette er ikkje vanleg kost for ein (som før nemt...) sindig romsdaling. Men Gud er god -og er heldigvis ikkje begrensa av mine erfaringar! He he... Det er veldig inspirerande og kjekt å få vere vitne til det Gud gjer blandt sitt folk.

Vi var som sagt med dei i helga på Gullbotn, og Per Edvin og eg fekk lov å prøve oss på litt undervisning på laurdag. Veldig spanande og veldig artig! Eg må innrømme at eg koste meg litt, faktisk. Eg er veldig klar over at då eg var lita var det to ting eg tydeleg sa frå om at eg ikkje skulle bli når eg vart stor, nemleg sjukepleiar og lærar. No er det snart 13 år sidan eg var ferdig utdanna sjukepleiar, og no kan eg nesten ikkje vente på å få begynne å undervise! Ja ja, det er nok ikkje berre dette eg har endra oppfatning om etter som åra har gått, kan eg tenke meg. Heldigvis.

Etter at helga på Gullbotn var ferdig på søndag, kom eg på den fantastiske ideen om å kjøre til Norheimsund og Framnes, berre for å sjå. Det er berre 40 min å kjøre frå Gullbotn, så det var jo berre rundt neste sving, på ein måte. For dei som ikkje veit det så gjekk eg på Framnes i den tida det var folkehøgskule. For lenge sidan, med andre ord. Så lenge sidan at det for nokre veker sidan kom invitasjon til jubileum i juni... Smarte hjerner greier sikkert å tenke seg fram til at sidan eg har ein gut som snart er 12 år, så er det ikkje 10 års jubileum, og sidan det sjeldan blir arrangert 15 års jubileum, så må det vere... Jepp. Det er 20 års jubileum. Faktisk. Oj, oj, oj. Tida går visst litt for fort!

Men uansett så var det kjekt å sjå att skulen. Det har sjølvsagt forandra seg ein god del på 20 år, men det har jo eg òg, så det må vel vere greit. Kanskje. Hadde vore fint om alt var som før, eller? At tida hadde stått stille og eg kunne innbille meg at eg var 16-17 år igjen? Nei. Eg har for lenge sidan konkludert med at eg er glad for at eg ikkje er tenåring lenger. Sjølv om livet ikkje alltid har vore A4 så er eg så fantastisk mykje rikare no enn for 20 år sidan. Eg har ein uvurderleg, gullande god mann og tre umistelege ungar som eg elskar over alt på jord. Kvifor skal eg då ønske at eg var 17 år?? 22 år, derimot... ;-)