lørdag 6. juni 2015

Kvinnfolk bak rattet og gentlemen-fakter.

Eg ser på meg sjølv som ein god sjåfør. Eg har ein far som var fast bestemt på at hans ungar ikkje skulle vere av den hjelpelause sorten, og då tenkte han nok kanskje spesielt på systrene mine og meg. Han skulle ikkje ha noko av at vi vart ståande i vegkanten med flatt dekk som vi ikkje kunne å skifte sjølv. Så eg kan å skifte dekk (eller "å skifte hjul" heiter det vel?). Ikkje at eg har gjort det så ofte dei siste åra, ikkje i det heile, for å være ærleg, men eg kan det. Eg kan dessutan å peile og fylle olje, i tillegg til å fylle på spylevæske og vatn. På kvar sin plass, sjølvsagt.

Ikkje nok med det, på den tida då ungane hans dreiv med kjøreopplæring hadde pappa ein relativt heftig frustrasjon over kjøreskulane. Dei lærte ikkje frå seg verken rygging eller lukeparkering! Dette var uakseptabelt, og alle ungane måtte fint rygge nabobygda rundt - der var det ikkje riksveg, berre vanleg, smal bygdeveg - i tillegg til å lukeparkere mellom brusflasker eller liknande på skuleplassen. Han skulle ikkje ha på seg at ungane hans ikkje kunne det heller. Så eg er ein meister i rygging og lukeparkering, og ryggar alltid inn når eg parkerar. Sjølv om kjøreskulane var inkompetente trong ikkje ungane hans å vere det, var hans filosofi.

Eg er veldig glad for at pappa lærte meg alt det. Eg er stolt over at eg er ein god sjåfør og at eg kan ta eit dekkskift på strak arm. Eg elskar å ta laust på speilglatt slapseveg når det står ein kar fast i brøytekanten rett ved. Eg frydar meg når eg tek lukeparkeringa rett framfor augene på gjengen med mannfolk. Og eg avskyr det enno meir om det viser seg at eg har feilrekna og må rette opp bilen og ta andre forsøk. I alle fall om nokon ser meg.

Det er lite som får fram feministen i meg på samme måte som generalisering og steriotyping av dårlege sjåførar, og då gjerne med bruk av kommentaren "kvinnfolk". Eg trur at ein god del tenker at dårlege sjåførar er synonymt med kvinnelege sjåførar, og det irriterer meg grenselaust. Eg har blitt fotfulgt av ein spirrevipp av ein tilsett ved bensinstasjonen der eg kjøpte spylevæske, fordi han ikkje trudde på meg då eg gjentatte gonger forsikra om at eg greidde å fylle det på rett plass utan hjelp. Han tok til slutt flaska ut av hendene på meg og fylte på for meg. Hadde det vore ei teikning frå Disney hadde røyken stått ut av øyrene på meg.

Ein kamerat lurte på kvifor eg ikkje berre kunne vere takknemleg fordi det fortsatt finns gentlemen her i verda. Då tenkte eg at han ikkje har skjønt det. Eg synest det er stas når mannfolk held døra for meg eller gje meg ei hand å halde i om det er glatt på vegen. Eg synest det er stas med gentlemen-fakter. Eg er gift med ein gentleman. Den beste i verda, fakstisk. Problemet kjem når dei ikkje gjer det for å gjere stas på oss eller for å hjelpe oss, men fordi dei automatisk går ut frå at vi alltid, til ei kvar tid treng hjelp til alt, og at vi ikkje får til nokon ting. Ikkje ein gong å fylle spylevæske.

Når det er sagt må eg innrømme at eg sannsynlegvis bidreg til stereotypien eg óg. Ikkje fordi eg er ein dårleg sjåfør, men fordi eg, når eg ser ei dårleg parkering, eller nokon som strevar med rygginga, ja då tenker eg: "kvinnfolk!". Eg må dessverre tilstå at eg er skuldig i automatisk å tenke at det er kvinnelege sjåførar som parkerar midt på kvitstreken og ein meter frå kanten. Eg blir overraska om det viser seg at det er ein mannleg sjåfør. Dessverre.

Eg trur derimot ikkje det er fordi eg trur at kvinnelege sjåførar ikkje kan å kjøre. Eg trur det er fordi eg ikkje kan forstå at dei ikkje har lært seg å kjøre betre! Og eg er fullstendig klar over at det er ganske så generaliserande det óg. På samme måte som ikkje alle mannfolk er like stødige sjåførar kan ikkje alle kvinnfolk vere det heller. Dessutan trur eg at det er stoltheita mi som får seg ein knekk, fordi eg veit at dersom eg feilreknar lukeparkeringa mi og må gjere fleire forsøk, då står mannfolka der og tenker: "kvinnfolk!". Det er nesten meir enn eg kan bere.