onsdag 30. juli 2014

Rasisme? Her? Nei.

For nokre dagar sidan fant eg meg sjølv sitjande i ein liten gjeng med damer. Ikkje noko uvanleg i seg sjølv det. Det var ein gjeng damer eg kjenner. Nokre av dei har eg kjent i årsvis, nokre kjenner eg ikkje så godt. Men eg likar dei alle. Veldig godt faktisk.

Samtalen kom inn på terrortrusselen som er i Noreg og alt det fører med seg. Eg må litt brydd innrømme at eg ikkje alltid får med meg alt som skjer. Vi ser ikkje på TV kvar dag av den enkle grunn at vi ikkje har TV. Ikkje fordi eg er imot det, men eg kom til eit punkt der eg kjente at TV-en brukte litt for mykje av tida mi. Dessutan har eg funne ut at ein greier seg heilt fint utan å følge med på alt som skjer på TV. Mannen vart veldig glad då eg kom dit, han hadde vore der lenge.

Men altså damegjengen og terrortrusselen. Eg har fått med meg at ting skjer, eg er inne på nettet og les, så eg er ikkje heilt i mørkret. No sa dei at det var oppfordra til ikkje å gå på arbeid denne dagen. Eg må innrømme at min intuitive reaksjon var litt vantru småfnising. Her, i litle Noreg? Likevel, Utøya er fortsatt for friskt i minne til å avfeie det heilt. Samtalen gjekk vidare til bakgrunnen for terrortrusselen, og det er her det uvanlege kjem inn. Eg kjenner at eg no, fleire dagar etterpå, fortsatt er lei meg og sjokkert.

"Ja, der ser vi resultatet av innvandringa." "Ja, ikkje sant? Vi tek imot dei og når vi sender nokon ut av landet så skal dei drepe oss alle saman." Eg må innrømme at eg ikkje hugsar heile samtalen, men han var innom både kjønnslemlesting, burka og niqab. "Kvinnesynet? For dei er kvinnfolk berre til å tisse og bæsje og tråkke på." "Dei er ikkje verdt nokon ting." "Og sjølvmordsbombarar? Dei sender ungar rigga full av bomber for å sprenge seg i lufta! Kven er det som gjer slikt? Kva slags mødrer er det som gjer slikt?"

Samtalen hadde gått frå terrortrussel i Noreg, via innvandrarar, til islamske ekstremistar på få sekund, og dette var for dei forskjellige sider av same sak. Norge har opna opp for muslimane og no ser vi resultatet. Det var spesielt sjølvmordsbombarane dei hengte seg opp i. Korleis kan nokon gjere noko slikt? "Dei vil det jo sjølv!"

Eg er ikkje ekspert på islam, men har fått med meg at ein som drep fiendar i krig og sjølv blir drepne, automatisk hamnar hos Allah, altså i "paradis". Den handlinga veg opp for alt anna den personen har gjort. Eg har òg høyrt historier om trugslar, at dersom dei ikkje gjennomførte aksjonen ville dei bli drepne. Om det stemmer kan eg ikkje garantere (ein link eg fann interessant om akkurat dette: Farstad-om-martyriet-i-islam.pdf). Eg prøvde i alle fall å få fram at det kanskje ikkje er så svart-kvitt som dei framstilte det. Det var det ikkje gehør for.

Dei vel sjølv å vere med, sa dei. Eg er av den oppfatning at det ikkje er alt ein person "vel sjølv" som djupast sett er eit fritt val. Korleis skal vi då forklare korleis Hitler fekk så mange tilhengarar? Hitler tok ikkje makta i eit statskupp. Han fekk overgitt makta frå dei som fekk fleirtal i valet. Han var ein eksepsjonell mann som meistra kunsten med å trollbinde folket og selje ideologien sin på ein ufatteleg effektiv måte. Han fekk kontroll over informasjonskanalane og fekk folket til å velje hans syn på samfunnet, på jødane og på krigen. Det var det tyske folket som ga Hitler rommet han trengte. Valde dei det sjølv? Heilt frivillig? Ut frå det dei hadde tilgang til av informasjon, ut frå tilstanden i landet på den tida, ut frå situasjonen mange av innbyggarane var i: Ja, dei valde det sjølv. Men var det eit fritt val basert på nøytral, balansert og korrekt informasjon? Nei.

Då eg nemnte Hitler for samanlikning vart det raskt avfeia med at då hadde dei ikkje noko val. Anten var du med nazistane, eller du vart skoten. I mitt stille sinn tenkte eg at det var mange nordmenn som verva seg under krigen for å kjempe på Tyskland si side. Det var mange som meldte seg inn i norske NS. Heilt frivillig. Ja, du fekk problem dersom du ytra noko negativt om Hitler og NS. For ikkje å snakke om dersom du vart tatt medan du dreiv motstandsarbeid. Men det var fåtalet av nordmenn som vart tvinga til å bli med av ein pistol.

Eg begynte å kjenne meg lita. Var eg den einaste som tenkte slik? Ei av dei andre sa at det trass alt ikkje er alle muslimske land som er like ille. Ho nemnte Tyrkia, der reglane er liberale mellom anna for påkledning og bruk av burka. Responsen var: "Ja, men prøv å gå ut der åleine på kvelden du. Du kjem ikkje mange meter før du blir voldtatt." Denne kommentaren hausta samtykkande nikk og dei var fortsatt einige i at muslimane er farlege. Alle muslimane.

"Islam er ein livsfarleg religion. Den skulle vore utrydda. Hadde det vore opp til meg skulle alle muslimane vore "laina opp" og skutt ned for fote." Slik som nazistane gjorde under krigen? "Ja, men jødane hadde ikkje gjort noko gale. Det har muslimane." Eg prøvde å få fram at det er forskjell på muslimar og at det er unnatak der slik det er hos alle oss andre. Reaksjonen eg fekk på det er noko av det som sit tydelegast att i tanken min: Det ligg i dei. Dei har vokse opp i det og fått det inn sidan dei var små. Dei har det i seg. Får dei valet mellom oss og dei er det ikkje tvil om kva som vil skje. Ei av dei som sat der fortalte at ho hadde muslimske vener, men at ho ikkje hadde tvil i si sjel om at dersom dei måtte velje var det ho som vart ofra til fordel for islam. Sjølv om dei ikkje er "praktiserande muslimar" no. Dei andre var skjønt einige med ho, dei var heller ikkje i tvil om det. Det ligg i dei.

Etter dette hugsar eg ikkje meir av kva som vart sagt. Gruppa løyste seg opp og samtalen var over. Eg kjente at eg var overvelda over tankemåten som viste seg i desse damene. Eg kjente på at eg skulle ha stått på meir, sagt meir imot. For å vere heilt ærleg er eg usikker på om det hadde vore gagn i, men eg kjenner på at eg skulle prøvd likevel.

Eg har tenkt på denne samtalen fleire gonger etterpå og eg veit ikkje heilt om eg greier å legge det frå meg på ei stund. Tankane kvernar rundt det faktum at dei var dønn seriøse. I alle samtalar kan det kome kommentarar som ein på eit vis kan fleipe vekk og unnskylde. Dette var annleis. Dette var ein heil samtale som dreidde seg om eit spesifikt tema, og alle var seriøse. Dei delte meiningane sine, oppfatningane dei har. For all del, eg er heller ikkje for sjølvmordsbombarar og ekstremisme, berre så det er sagt. Men å skjere alle muslimar over ein kam?

Eg kjenner at eg blir skremt. Er dette haldningar vi vil ha? Er det dette vi i Noreg eigentleg står for? Er vi då eigentleg noko betre enn dei vi kritiserer? Å påstå at alle som tilfeldigvis er født i eit muslimsk land eller inn i ein muslimsk kultur er potensielle terroristar og sjølvmordsbombarar, kan ikkje det kallast å vere rasistisk? Sjåvinistisk og full av fordomar? Det er det same som Hitler og nazistane sa om jødane, alle jødar var ein trussel og øydeleggande for kulturen og den reine, ariske rasen. Ingen jødar var tilrekna retten til liv. Om vi let dei haldningane eg møtte om muslimane få grobotn og rotfeste, er då vi i Noreg djupast sett betre enn nazistane?

Eg nemnte at eg vart sjokkert og at eg vart skremt. Mest av alt vart eg lei meg. Lei meg for at vi har slike haldningar i Noreg. Lei meg for at vi, som vil ha det til at vi er så tolerante, kanskje ikkje har så veldig mykje toleranse når det kjem til stykke, når det gjeld oss sjølv. Lei meg for at så flotte damer, som eg likar å vere saman med, i fullt alvor kjem med slike uttalingar. Eg likar dei fortsatt. Veldig godt. Men eg er lei meg.

Back again!

Det siste halvanna året har ikkje eg vore inne på bloggen meir enn to-tre gonger, medrekna i dag. Det er ein ganske enkel grunn for det. Eg har så lyst til å skrive, men eg prioriterer det ikkje. Det er då det dårlege samvitet kjem krypande, og gode forsvarsmekanismer mot det er fornekting, neglisjering, fortrenging og andre slike ord. Det resulterer i at eg ikkje går inn på bloggen, noko som igjen resulterer i at han ikkje blir oppdatert, naturleg nok.

Visjonen for bloggen no er at eg, sannsynlegvis med veldig varierande tidsintervall, skal skrive litt om det eg opplever og tenker på. Med andre ord ein blogg som er lik dei fleste andre bloggane som finns. Forhåpentlegvis er det nokon som gidd å lese likevel.

Ein liten "quick update" før eg går skikkeleg i gang, det er trass i alt over to år sidan sist innlegg:
Eg er fortsatt velsigna og gift med den mest fantastiske mannen og har dei tre flottaste ungane. Vi bur fortsatt i Molde, i huset som stadig nærmar seg å bli ferdig oppussa. Eg legg meg fortsatt ikkje før normale folk står opp om eg har sjansen til det, til mannen sin store frustrasjon. Eg har eit halvår att i 30-åra og har tenåringsgut(!) i huset. På førstkomande tirsdag har vi 19 års bryllaupsdag, forresten, så fekk eg sagt det óg. Eg har sommarjobb! Har nemleg kasta meg inn i studentlivet igjen, sjølv om eg nok ikkje er den "typiske studenten". Eg nyt at ungane har skuleferie og eg nyt den fantastiske somaren vi har i år! Akkurat no nyt eg at eg har huset for meg sjølv og at eg straks skal legge meg. Faktisk.
Trener fortsatt på å leve etter dette: