mandag 26. september 2011

Frå barnemunn (4)

"Kva er det som er gale med 7-tala dine, Jørgen?" spør eg. Eg kunne jo sjølvsagt sjå det, dei var bak fram alle tre.
 "Ser du ikke de? Dæm e kvite av spedalskhet!" sa Jørgen.

søndag 25. september 2011

Helg!!!!

Nok ei vellykka helg er straks ferdig. I går var vi både på VilVite (kan absolutt anbefalast! (http://www.vilvite.no) Vi har investert i årskort...) og på familiefest på KF, i tillegg til at vi fekk sove lenge alle saman! Det måtte jo berre bli bra! Ja, bortsett frå at det gjekk ALT for lang tid frå "frukost" til neste måltid. Det endte med at mora sette seg ned i trass på VilVite og forkynte at "no gidd eg ikkje meir, no er eg SUR!!" Veldig pedagogisk. Men utanom det var dagen super. Her er PE i aksjon i "Sentrifugalskapen", der han driv seg rundt med sentrifugalkrafta. Veldig artig (og litt kvalmande...)!
I dag har vi vore på husvisning borti gata her. Tenkte å kjøpe hus, billigare enn å leige! Eller... Nei, eg tulla visst igjen eg! Cecilie som går i klassen vår, og Erlend skal ha hus og dei leigde inn eksperthjelp i form av meg som "kritisk blikk" og ungane som "utforskarar og kuriositetsfinnarar". Ja, og så var Per Edvin sjølvsagt frampå og måtte plage oss med alt det elektriske han absolutt skulle bite seg merke i! He he... Prisantydninga er på 3.290.000,- kr. Heilt sprøtt spør du meg, men det er visst på det nivået prisane ligg. Huset er 25 år eldre enn vårt er og ikkje vedlikeholdt eller pussa opp på noko måte, med unntak av nokre små forsøk på å pusse opp nokre bad. Ja ja. Eg ville nok ikkje kjøpt det, men eg er ikkje 25 år lenger og har skjønt at med to-tre ungar så blir det plutseleg ikkje så god tid til oppussing som ein trur. Ein annan av dei harde realitetane i livet som plutseleg slår inn med full kraft.
Anna har vore i skateboardrampen i Velvet i KF saman med Hans Arne og Jørgen. Og på onsdag skal dei ta bilete av 1. klassingane på Kronstad Skole... Veldig bra. Det spørs om vi må søke om utsettelse på fotograferinga. No har Jørgen og Anna laga julepynt, englar, av papir og "kakeblonder" så heile stovegolvet er fullt av papirbitar. Kjekt. No er tannpuss og legging neste post på programmet, så det spørs om eg må trå støttande til! :-D Til veka kjem Håvard Kjøllesdal og skal undervise oss, det gler vi oss veldig til! Neste søndag er det Terje Dahle som skal undervise på gudstenesten og etter det eg har forstått skal han undervise oss veka etterpå òg. Dette blir bra! Blir kjekt å høyre korleis det går i Trondheim òg!

onsdag 21. september 2011

Juhu!

:-D Ferdig med 3. Mosebok og alle lovane og reglane, all ofringa og alt blodet og... Ja, nok om det. He he... No er det berre testen i morgon som står att før vi kan hive oss over den så åpenbart mykje meir spanande 4. Mosebok der alle folketeljingane kjem..... Tenker at det i grunn er veldig greit at vi ikkje lever i gamaltestamentleg tid der dei i alle ting var avhengige av ein mellommann for å nå Gud!

Tenk, no har vi ein open himmel over oss, vi kan henvende oss til pappan vår i himmelen kva tid som helst, kvar som helst og for alle ting! Det er sanneleg noko å vere takknemleg for! I alle fall etter å ha lese 27 (til dels veldig lange) kapittel om reglar og forskrifter rundt ofringane til Gud, kva som skulle ofrast for kva og kvifor, korleis det skulle gjerast og kva som skjedde om dei ikkje gjorde alt rett. Og dette dreiv dei på med der dei surra rundt i ørkenen i sånn ca 40 år. Kan levande forestille meg at det ikkje var så enkelt!

Men trur nok ikkje eg får like høg poengsum i morgon som sist veke, då hadde eg 4 meir enn PE! Og sjølvagt er det slik at det ikkje spelar noko rolle kor mange poeng eg får eller kven andre eg kan ha slått, berre eg slår Per Edvin! He he!

mandag 19. september 2011

Ei ny helg er over...

...innhaldsrik som alltid! Livet er i grunn spanande, vil eg sei. I KF er temaet for hausten "Identitet" og "Identitet i Kristus". Veldig bra forkynnelse, anbefaler å gå inn på heimesidene til KF for å sjekke det ut. Så får du jo vite litt kva vi fyller oss med om dagen... He he... Direktelink til gudstenestene: http://www.kristentfellesskap.no/mediefiler/gudstjenester -men ingen tvang! :-)

Ellers er temaet på skulen 3. Mosebok, som skal vere ferdig lese til torsdag. Eg er pr no ferdig med kapittel 7 (av 27...). Jadda. Eit hav av tid før torsdag! Det er jo så ufatteleg spanande! Har til no fått grundig innføring i dei forskjellige offera og korleis dei skulle bli utført. No begynner innføringa i korleis levittane, "Arons sønner", skulle innviast til prestar. Men, det er faktisk ganske interessant om ein tenker på at alt Gud gav befaling om i ofringane og prestetenesta +++ er bilete på Jesus, livet og offeret hans for oss. Har aldri tenkt slik på det før eg, anna enn at offerlammet symboliserer Jesus som offer for oss. Det er ganske mykje meir symbolikk om du ser etter og veit kva du skal sjå etter.

Var forresten på arbeid i helga, rekk det òg eg! Det var kjekt, og litt stress. Det er ikkje stort anna her enn i Molde, vi spring for å rekke det vi skal og håper at vi får tid til å ete... Men det er kjekke folk som arbeider der og dei er flinke til å ta seg av ein fersking som ikkje veit opp-ned på avdelinga! Fekk forresten vere med å sjå på innleggelse av CVK (sentralt venekateter) i går, sto vel i praksis heilt i ro og holdt pasienten i ro (ja, fysisk holdt pasienten som ikkje var så begeistra for å ligge stille), men eg fekk med meg korleis det vart gjort. Interessant! Ja, eg veit eg er rar! Stakkars legen som gjorde det var så nervøs at han skalv på hendene, trur ikkje han har lagt inn så mange åleine før. Stakk nokre gonger, men fekk det til til slutt. Eg vart imponert over at han ikkje gav opp med ein gong, men han var samtidig fornuftig og sa at "nå stikker jeg en gang til, går det ikke da ringer vi på xxx så får han gjøre det". Gode eigenskapar begge deler.

Til slutt vil eg ikkje anbefale å kjøpe same sort tørketrommel som vi har her. Vi merker at den ikkje er den dyraste, for å seie det slik. Men vi skal berre ha den eitt år, så vi overlever! Vi kan i alle fall legge oss utan å henge opp klede i timesvis først! ;-) God natt!

lørdag 17. september 2011

Tidlegvakt...

= TRØTT!! Ikkje nok med at vi må opp i 6-tida kvar skuledag, eg må sjølvsagt ta på meg tidlegvakter på sjukehuset i tillegg. Som startar kl 07.00... Fordelen er jo at eg berre skal ha meg sjølv i kleda og ut døra, ikkje tre andre i tillegg, så eg står opp omtrent samtidig som på kvardagane. 15 min før ein styrtar ut døra på morgonen er nok det. Motivasjonen er at eg kan skryte av å ha arbeidd på lungeavdelinga på Haukeland. Ja, og så er det jo litt motiverande når eg sjekker kontoen den 12. i kvar månad!

Det hjelper vel ikkje akkurat på at PE kjem på at han skal snakke om djupe og alvorlege ting kvelden før heller. Eg er veldig glad for at han ville snakke om det han tok opp, forresten, så eg sat gjerne oppe for å vere med på det. Snakking er veldig bra det, men soving før arbeid er heller ikkje å forakte! Det sei vel sitt at eg hadde sovna før han kom og la seg i natt, det er ikkje kvardagskost i fam. Frisvoll!

Trur  ikkje dette innlegget er det beste eg har skrevet, eg sovnar litt innimellom... He he... Håper på meir soving neste helg! I morgon trur eg at eg får sove tre timar lenger enn i dag, forresten, det skal bli godt!

fredag 16. september 2011

No kjem vi oss i seng ein halv time tidlegare kvar kveld!

Ja, då var tørketrommelen på plass. Men vi har overlevd i over ein månad utan! Salg er fint. :-) Kva det har med legging å gjere? Trudde det var soleklart. Vi kjem oss sjølvsagt i seng ein halv time tidlegare kvar kveld fordi vi ikkje treng å legge saman kleda som heng på stativet frå før før vi kan henge opp det våte før vi til slutt kan velte oss ned i senga. Vi greier oss dessutan med mindre klede, så vi treng ikkje å kjøpe så mykje, med andre ord sparer vi pengar der (-ikkje sant?? Ja då. Sparer mykje på sikt på å ha tørketrommel... He he.) Sparer i alle fall tid og litt frustrasjon! Plana er å selge den igjen i juni før vi flytter heim. Då er det ein stor fordel med salg. Ja, salg no, altså. Vi fekk 25 % avslag. Tru kva avslag vi skal gje neste år?

Trommelen er no trygt plassert i det gigantiske badet vårt, som sjølvsagt er eit godt ventilert rom, for tromlar skal ha god ventilasjon! Det eg ikkje visste var at ein tørketrommel ikkje skal stå bak ei låsbar dør heller. Her velger eg å tolke bokstavleg. Vi har ikkje plassert trommelen bak noko låsbar dør. Dodøra vår går utover, så teknisk sett kan ingen ting som står inne på badet stå bak den døra! Tørketrommelen vår står derimot oppe på vaskemaskina med utsøkt ventilasjon. Det er i alle fall minst tre cm klaring på sidene (tilsaman...) og... tja... 7,5 cm bak? Sånn ca. Fint det, i og med at utluftinga er bak og under (!) trommelen. Vi måtte berre rydde ut alt frå badet og hekte dodøra av hengslene for å få han på plass. ;-) Dama i butikken såg relativt tvilande på meg då vi troppa opp ein familie på 5 for å kjøpe tørketrommel, ho ville ikkje anbefale den eg ville ha for så mange. Ho ga seg då eg forklarte at vi berre skal ha den for eitt år... Og vi er strålande fornøgde! I alle fall til no. (Første vask er til pers no...)

Ellers så vart Hans Arne vekke frå klassen og lærarane på tur på Fløyen i dag. Rektoren ringte og sa at dei hadde eit problem... :-D Min umiddelbare reaksjon var at dette ikkje var noko å stresse over fordi han hadde jo både Jesus og englevakt med seg! Mobil er ein fin ting! Etter ein time var alt ordna og alle var glade. Trur læraren til Hans Arne var mest glad, forresten.

Å ja, bilbatteriet vart forresten bytta i dag, sånn ca kl 08.10. Passande tidspunkt, i alle fall når ungane startar skuledagen kl. 08.30! Då var vi i utgangspunktet ein halv time for seint ute... Vi hadde prøve (!) kl. 08.30, så vi måtte eigentleg berre vere der... Vi sprang inn døra fem minutt over halv og rakk prøva med (ikkje så veldig) god margin. Slik er det å ha ein rask og flink mann i hus! Eller i bilen, forresten...

torsdag 15. september 2011

Frå barnemunn (3)

"Nei, hei Jørgen, bur du her?" spurte eg Jørgen då eg nådde han att på trappa vår ein dag.
"Nei!" svarte han, "I e bare hær fordi du å pappa ska gå på bibelskole!"
Så, om nokon lurte: vi bur ikkje i Bergen, vi berre er her...

mandag 12. september 2011

Valg

Kommune- og fylkesvalget har uante konsekvensar for småbarnsforeldre (og studentar). Eg har aldri hørt om det før, men det er visst heilt vanleg. I alle fall her i Bergen. Det er visst obligatorisk for ungar å vere med foreldra å stemme. Eller... i alle fall er alle skular, SFO og dei barnehagane eg har hørt om stengte i dag. På grunn av at det er valg. Veldig praktisk. Eller nei.

Vi har hatt filmmaraton for fire ungar på KF i dag, i naborommet til der vi sit. Våre tre pluss verdens søtaste 4-åring (som ikkje på langt nær har same filmkondisen som våre har!). Det gjekk veldig bra det, tre filmar på strak arm! Jammen bra at det er noko som heiter matpause!

Ja, så begynner batteriet i Caravella å tulle igjen, flaks at vi parkerte i nedoverbakke ved KF i dag tidleg kan du sei. Veit ikkje kva vi skal gjere, verkstaden i Molde sa at det ikkje er noko gale med bilen... Hjelp lite det når vi står der med dødt batteri kl 07.45 på morgonen! Trur vi satser på å parkere i nedoverbakke ei stund. Bonusen kom i dag, forresten, løn for ekstravaktene eg hadde i Molde i juli og her i Bergen i august. Kanskje vi skal koste på bilen eit nytt batteri? Eller så veit eg at handspålegging er ganske effektivt. :-)

Ei helg går fort!

Store planer om å skrive og å legge ut bilder forsvinn i natta... Vi får ta det igjen. He he....særlig! Må berre nemne at vi i går var vi på Fløyen, kjørte med Fløibanen og handla souvenir i den billige kiosken på toppen...

I dag var vi på besøk hos Margrethe på Askøya. Det var så kjekt! Vi har omtrent ikkje snakka saman på 11 år, likevel gjekk det ikkje 10 min før vi var inne i djupe samtalar, både om åndelege spørsmål og andre kjekke emner. Ungane hadde det fantastisk og Anna var veldig begeistra for å treffe namnesøstra si Anna Rebecca som er 10 dagar yngre enn ho. Stor suksess som må gjentakast, gjerne ein gong Michael ikkje er i Huston...

Glad for å vere nærare Margrethe! :-)

lørdag 10. september 2011

Bykjøring

Eg er steingod på å kjøre bil i Bergen! Det er eigentleg ikkje så veldig vanskeleg, om det ikkje hadde vore for at det er einvegskjøring i 77 % av gatene... GPS er fortsatt ein god ven, forstår ikkje kva vi gjorde før? Eller, det veit eg for så vidt. Då var eg sur fordi PE ikkje kjørte dit eg sjølvsagt meinte var best og fordi han ikkje hørte kva eg sa og PE var sur fordi eg masa og skjente. Ja, og så var sjølvsagt begge to sure fordi ungane i baksetet var sure fordi dei måtte vere stille og sitje i bil... Hmm. GPS er definitivt ein genial oppfinnelse!

Berre ikkje send meg inn i sentrum utan mann og GPS...

fredag 9. september 2011

Dei harde realitetane i livet...

Har skjønt at eg ikkje er ungdom lenger. Slik er det berre, med opptil fleire medstudentar under 20 år... PE sa så tørt her ein dag: Eg kunne i teorien vore far deira. Sant nok. Å innrømme det er halvvegs til å akseptere det. (-eller noko slikt svada-greier.) Men vi har det fint likevel! Dessutan er det berre eg som greier å gå rundt min eigen akse med hovudet i golvet! He he...

Frå barnemunn (2)

Samtale mellom Anna og mamma på tur til skulen i dag tidleg:"Se mamma, en liten katt! .... En søt liten katt, mamma!" "Ja..a" svarar ei lettare fråværande mor.
"Verden e stor, ikke sant? .... Ikke sant verden e stor?" "Ja, verden e stor, de e sant" svarar mora, fortsatt like fråværande. "Ja, verden e stor - åsså litt søt da!" konkluderer Anna.

torsdag 8. september 2011

Forresten:

Gratulerer til mamma som har bursdag i dag og vart "ekte pensjonist" som ho seier sjølv! Glad i deg!

Frå barnemunn...

Dagens frå Jørgen:
"Mamma, va Paulus en a' disiplan'?" spør han der han sit og les om pinsedag i "Manga metamorfose" (livet til Paulus som teikneserie)
"Nei, han forfulgte dei kristne han, veit du, sette dei i fengsel og ville drepe dei..." svara eg.
"Han Paulus va egentli veldi grei, bare dæm fikk ordna det med han..." sa Jørgen.
Så sant.

tirsdag 6. september 2011

7 år i barnehage...

...og skule på Molde utan noko, 12 dagar på skule i Bergen og der var den. Lusa. Hans Arne kjemte Anna og kom og sa at han hadde funne ei lus! Eg har aldri sett lus eg, så eg visste ikkje. Men i håret hennar fann eg egg og dermed var det berre å hoppe i skoa og springe på apoteket, altså den vanvittige distansen av 100 m, for å kjøpe lusemiddel. No er verdens mest ekle greie på plass i håret til Anna for å få vekk dei fire egga eg har funne og håpe på at det var det. 12 timar skal det vere oppi håret. Æsj! Men vondt skal vondt fordrive, er det ikkje slik? Har ikkje sansen for det eg.

I dag har vi - utanom at vi har kverka lus - vore på seminar i Kristkirken. Ein frå USA snakka om tilbedelse og helbredelse og praktiserte begge deler. Ikkje kvardagskost for ein sindig romsdaling det, men du verden kor godt det var å vere med på. For ikkje å snakke om kor godt det gjorde for skuldrane og nakken min! Frå å starte dagen med hovudverk og smerter i nakke og skuldrar er eg no bortimot smertefri og kulane i nakken min er borte! All ære til Gud!

I morgon er ein ny dag med lusemiddel-dusjing før skulestart (!) og nytt seminar i Kristkirken. Ikkje alt eg gler meg like mykje til, he he!

mandag 5. september 2011

Ja, var det ikkje det eg sa?

Dei to-tre første vekene er det ekstrem-blogging med minst eitt innlegg kvar dag, før det dabbar av til ingenting. He he, kjenner meg sjølv, ja! Men: ingen er uforanderlege, så eg skal fortsetje! - men kanskje ikkje eitt innlegg for dagen. Det gjeld å legge lista på eit oppnåeleg nivå!

Vi har no vore på "helg" på Gullbotn, KF sitt konferansesenter som ligg ca 35-40 min utanfor Bergen. "Helg" fordi det teknisk sett var frå onsdag til fredag, men alle kalla det helg. Det er jo i helger slike ting skjer, så det fall heilt naturleg. Uansett var det ei kjekk helg med gode folk og god mat! Det er tre frå Fillipinene i klassen og dei laga middag til oss på torsdag. Fantastisk god mat!

Vi har lært om grunnvollen, om kva evangeliet er, om dåpen, om Den Heilage Ande, om tru og om å leve menighet. I tillegg til ein god del anna, for eksempel har vi blitt meir kjent med kvarandre i klassen. Vi er 16 stk, alle forskjellige - det hadde du ikkje venta - med kvar vår historie og kvar våre forventningar til dette året og til Gud. Artig å bli kjent med dei.

Hans Arne, Jørgen og Anna var på skulen både torsdag og fredag, så vi sto opp kl 06.00 for å få tid til å få på oss klede og få i oss mat før vi måtte kjøre litt over halv åtte for å rekke skulen kl 08.30. Og så var det å kjøre opp att til Gullbotn for å få med oss undervisninga før vi måtte hente ungane igjen... Men vi fekk faktisk med oss all undervisninga begge to!

Vi har forresten ingenting å klage på i Molde, rushtrafikken her i Bergen går oss ein høg gang! Ein kjøretur frå KF og heim tek 7 min utanom rushet, men kan bli 20 min om vi er litt seint ute. Slik som i dag, for eksempel, då ungane brukte ein og ein halv (1 1/2) time på turen frå skulen sin bort til KF, ein tur eg brukar 8-9 min på. Mykje spanande å forske på, skal vite! Dessutan må dei jo prøve alle vegane som går på kryss og tvers på gravplassen! "Vi bare utforske nye veia, du får ringe om det tar for lang tid!" sa Jørgen då PE ringte for å høyre kvar dei var ein time etter at skulen var slutt...

Foreldremøtet for Anna var i kveld, forresten. Dei er fortsatt veldig fokusert på at det er så stort kull. 44 elevar! På turdagane deler dei seg ofte opp fordi det blir for mange å ta med på ein gong (!) og eg må berre fnise litt inni meg og tenker at det er eit luksusproblem. Men ære være dei for at dei er så fokusert på å sjå alle og få dei med frå dag ein. Trur vi skaut blink med skulevalet til ungane.

Til neste gong: Guds fred! Saknar dykk alle saman.

torsdag 1. september 2011

Føler for å takke i kveld!

Takk til alle som hjalp oss slik at huset vart ferdig og klart til utleige. Det er farleg å nemne namn, men eg prøvar meg likevel... Takk til Eva og Olav for pakking, vasking, skifting av do +++. Takk til mamma og pappa for vasking, måling, skifting av dører, listing, lån av hengar til flyttelass +++. Takk til Odd Einar for riving av vegg... -og oppsetting av ny. Takk til Malene og Kjetil for foringar, rydding, vasking og pakking +++. Takk til Håkon-Inge for garderobedører +++. Takk til Liesbeth og Ragnar for pakking og plenklipp. Takk til Iren og Ottar for at de tek alle våre ville idear på strak arm og med godt humør og vilje til å få ting til å gå - og for all hjelp både før og etter at vi flytta. Takk til Annveig og Jan Egil som tok med hengaren opp att til Molde. Takk til Marit og Ola for senger! Takk til alle for varme tankar og gode bøner. Kjenner at vi er lagt vekke frå alle vi er glade i!

Takk til den som gav oss pengegåve i veka som var, den kjem godt med! Takk til KF Trondheim for all støtte, oppmuntring og forbøn. Ikkje minst: takk til Gud for alt godt Han velsignar oss med! All ære til Han!

Vi er så takknemlege for at vi har så mange og så gode vener og eg ber om tilgjeving dersom det er nokon eg har gløymt, det er ikkje meininga! De fortener alle å få anerkjennelse for det de har gjort. Mest av alt er vi takknemlege for alle de som er med oss i bøn, vi merkar at Gud har omsorg for oss!

Ein stor takk til dykk alle, Gud vil velsigne dykk rikeleg attende!
Eg er veldig glad i dykk alle saman og må vel berre seie meg einig med Jørgen, han saknar venene sine - og foreldra deira!

Dette vart veldig seriøst, men det kjem verkeleg frå hjarterota!