fredag 14. oktober 2016

Egoistisk? Eller...


For ei tid tilbake fekk eg vite at ein bekjent av meg var død. Ikkje at eg kjente han så veldig godt, men vi snakka ilag når vi treftest og han hadde alltid eit smil på lur om vi hasta forbi kvarandre på veg til kva det no skulle vere. Eg likte han, og eg vart glad når eg såg han, sjølv om vi ikkje alltid hadde tid til meir enn eit smil. No var han altså død. Kva som hadde hendt? Eg visste ikkje. Eg hadde ikkje høyrt at han var sjuk, for rykta går jo i ein liten by. Ikkje hadde eg fått med meg at noko ulykke hadde skjedd heller, men eg var raskt på nett for å sjekke det. Ingenting.

Det sto ikkje «ble brått revet bort» eller «ble tatt fra oss» i dødsannonsa. Det sto noko anna, noko som ofte står når den det gjeld ikkje har vorte revet eller tatt bort, men heller har valt å gå sjølv. Rykta går i ein liten by, og ryktet hadde nådd meg før eg såg dødsannonsa, så kanskje eg tolka det feil?

Eg veit ikkje kva som har skjedd. Men det gjorde noko med meg, tanken på at han, som alltid smilte når eg trefte han, alltid veksla nokre ord om tida var der, han kan ha valt dette sjølv.

Var det nokon som såg at det kom? Var det nokon som skjønte? Heilt sikkert. Var det nokon som prøvde å hjelpe? Sannsynlegvis. Forhåpentlegvis. Hjalp det? Kanskje. I alle fall litt, der og då.

Å velje å forlate verda er ikkje noko du gjer impulsivt. Å velje å avslutte livet, det har vore i tankane lenge. Det har vore vege for og imot, det har vore argumentert i seine nattetimar og svarte stunder. Det har vore desperasjon og fortvilte rop om hjelp, men om hjelpa kjem greier du ikkje ta imot.

Eg veit. Eg har vore der. Eg har ropt og eg har grine. Eg har vore overbevist om at alle andre, dei eg er glad i, dei har det betre utan meg. Det er mykje eg ikkje hugsar frå den perioden av livet mitt, men det står klart for meg. Dei eg var glad i, dei ville få det betre om eg ikkje var der. Eg ville gjort dei ei teneste, frigjort dei for ei byrde. Skrudd tankegang? Ja. Men blodig alvor for meg. Eg ville - for ein gongs skuld - gjere det rette.

Det er lett å tenke: «Ærleg talt, skjerp deg! Slutt å tenke slik, det stemmer ikkje. Ta deg saman og få orden på livet ditt!» Lett å tenke for dei rundt, uoppnåeleg for den det gjeld. Når alt er svart og du ikkje ser noko utveg. Når du har kome så langt at det å avslutte alt står for deg som ein aktuell tanke og ei fornuftig løysing, då er du ikkje rasjonell. Du tenker ikkje rasjonelt når du seriøst vurderer det til at dei du er glad i har det betre utan deg. Då er det ikkje berre å «ta seg saman» og skjerpe seg. Du er forbi det stadiet.

Eg kom aldri så langt at eg gjorde det. Eg prøvde aldri. Men eg kan forstå dei som ikkje ser nokon annan utveg. Eg kan forstå at ikkje alle kjem gjennom det slik eg gjorde. Eg trur at dei som gjer alvor av det, dei gjer det ikkje for å såre dei rundt seg. Eg har høyrt at det
å ta livet sitt er det mest egoistiske nokon kan gjere. Eg trur ikkje det. Eg trur at ganske mange tenker heilt motsett. Dei vil gjere livet lettare for dei rundt, hjelpe dei gjennom å fjerne seg sjølv.

Har dei som er igjen ei anna oppfatning? Heilt klart. Er dei sinte, frustrerte og fortvilte? Heilt klart. Det må dei ha lov til. Det er dei som sit att med sorga og saknet. Det er deira rett å sørge slik dei kan, slik dei får til. Vi andre skal ikkje, og kan ikkje, bestemme korleis dei skal reagere. Slik må det vere.

Det gjer noko med meg. At han, som eg alltid vart så glad av å møte, hadde han eit skrikande mørke inni seg? Eit mørke han gøymte bak smilet eg vart så glad av? Har eg gløymt mitt eige skrikande mørke, så eg ikkje kjenner det igjen i andre?

Eg veit ikkje kva som skjedde. Men eg vil sakne han og smilet hans. Og eg vil forsøke å sjå mørket bak andre smil.