torsdag 25. august 2011

Heisan!


Tida flyg og vi har no begynt på skule alle fem her i heimen i Storetveitvegen på Wergeland i Bergen.

Vi har som sagt brukt mykje av tida før skulestart på å kome i orden. Vi har henta både sofa som ungane ikkje treng å vere redd for å rote i (eller var det mora som var redd for det???) og som følast som om den søkk eitt hakk lenger ned for kvar gong vi set oss i han. Spisebord som er kjempeflott og stort og tungt (…veldig tungt når trapp nr 3 sto for tur…) har vi kjøpt, seng med skrivepult til Anna som er kjempestolt og til slutt ein godt brukt sykkel til meg for å skysse meg til og frå Haukeland når eg skal på arbeid. - Nei, det er ikkje motor på sykkelen, derimot er det eit sete som er litt for høgt og fastrusta, eit framdekk som er punktert og ein bremsekloss som ligg og bremsar det meste av tida... Alt dette til den nette pris av 3200,- kr på finn.no inkludert fraktfri henting. Av oss. OVI kart og GPS på Nokiaen er kjekt å ha!

IKEA er kjekt å ha det òg. Atskillig mykje kjekkare utan ungar, men kjekt uansett. Der har vi kjøpt hyller til klede og lego, bestikkdings til kjøkkenskuffa, 2 stk klestørkestativ (ja, for tørketrommel treng vi sjølvsagt ikkje med tre ungar.) og ekstra klesklyper (for å henge opp alt som vi ikkje treng å ha i tørketrommelen som vi ikkje treng.) og…..tja….det var i alle fall veldig viktige ting vi kjøpte då vi kjøpte det! ;-) Rart kor mykje ein eigentleg treng når ein finn det i butikkane i grunn. Krokar har vi forresten kjøpt òg, på den butikken som ikkje heiter Lefdal, men Clas Ohlson? Eller noko i den duren. Rett attmed IKEA du veit, inne på det senteret... Åsane Storsenter? Lat oss kalle det for det.

Ungane var eit par gonger på skulen for å sjå før dei begynte der på måndag. Dei konkluderte med at det var liten uteplass, men at det blir større når dei får ferdig turnbassenget som forresten blir mindre enn Kviltorp Skole sitt turnbasseng. Eg visste ikkje at det var turnbasseng på Kviltorp ein gong. Er det det? Eg var liksom med i FAU førre skuleår, he he… ;-S FAU står forresten for ”ForeldreArbeidsUtvalg”. Trur eg.

Vi har òg lært oss vegen frå skulen til ungane og bort til skulen vår i Kristent Fellesskap sitt bygg i Møllendalsbakken 6. Det er i bunn og grunn rett ned gjennom ein gravplass og rett opp att på andre sida av ei lita elv. Tek om lag 12 min ”effektiv gange” for ungar, eller 45-50 min i reell tidsbruk når ungar går utan vaksne… Ære være ungar og deira fantastiske evne til å finne interessante ting å studere! I alle fall når eg slepp å stå og vente på dei 10 m lenger framme. Passar i grunn perfekt i og med at dei sluttar på skulen kl 13.15 medan vi er ferdige kl 14.00.

I nærmiljøet vårt har vi greidd å finne ut at vi bor 2 etg over ein pizza-restaurant (hadde vel vore relativt mistenkeleg om vi ikkje hadde funne ut det enno…), det er 100 m til Rema og 4 min å gå til NRK-bygget og Kristkirken. På kjøreturen herifrå til Haukeland (ca 8 min) kjører vi forbi omtrent 10 butikkar med eksotisk mat og kinarestaurantar. Det er dessutan to bensinstasjonar innan 1 km og det næraste kjøpesenteret er rett attmed bensinstasjonen som er lengst vekke, altså 1 km unna. Kortare enn til Roseby i Molde og fleire butikkar. Trur eg. Der er det forresten sal no, passar glimrande, sikkert avslutta til vi får lånet utbetalt frå lånekassa. Kanskje ein fordel det? Bortsett frå den vinterdressen som Anna skulle hatt… Og regnkleda til Jørgen og støvlar til Hans Arne og… Kva var det no… Støvlar til meg var det, ja. Om eg kan finne støvlar med høge hæler då!

No må eg slutte av for vi har fått streng beskjed av fungerande rektor Norleif på bibelskulen om at nok søvn er veldig viktig for å leve eit godt liv og greie å følgje med i undervisninga. I tillegg til eit godt kosthald og å ta vare på kroppen (=trene??) er visst det grunnlaget for det meste. Så du har visst hatt rett heile tida du, Håkon-Inge! ;-) Må berre til slutt sei at Hans Arne feira bursdagen sin med grilling på Sotra hos rektoren saman med bibelskuleklassen. Han kosa seg og fekk lego-romferge (modell av Discovery-romferga om eg forsto det rett.) og ”Biler 2-lego”. Veldig vellykka. Jepp, då får vi ta resten ein annan gong.

Dette er altså skrevet i kveld, men blir ikkje lagt ut før i morgon 25. august, vi har visst problem med tilgangen på internett… Fint. Får ikkje dokumentert at eg er ferdig kl 22.55 ein gong! Good night! ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar