tirsdag 26. juni 2012

Reunion...

I helga var eg med på noko eg aldri har vore med på før. 20 årsjubileum! Ja, eg er så gamal. Tru det eller ei! He he... Jau då, 20 årsjubileum på Framnes Folkehøgskule, som det heitte då. No er det visst vidaregåande, og berre det gjer at alt blir litt rart. Men etter det eg forstår så går skulen godt som vidaregåande, så då får det berre stå si prøve at eg synest det er rart.

Vi var ikkje så mange, men vi som var der hadde det veldig kjekt! Vi fekk til og med sjå film frå revyen vi i musikklassa laga. Du store mi tid så flinke vi var! For ein gjeng med 16-20 åringar var vi rett proffe. Læraren som sto i spissen var ikkje meir enn 26 år han heller. Eg mistar litt munn og mæle av slikt. For ikkje å snakke om kor mange flotte hårsveisar og klede som dukka opp, det er i seg sjølv grunn god nok til å miste det meste...

Eg må innrømme at det sit litt langt inne å innrømme at det er 20 år sidan eg gjekk der. Det slo meg der eg sat: "Er eg på same alder som desse?? Då er må jo eg vere vaksen eg òg!!" Men eg ser det tydeleg, eg gjer nok det. Eg har ikkje eit "ungpike-ansikt", slik eg hadde då. Dei lyse, lange og krøllete lokkane er borte òg. Eg kan ikkje skryte av eit rynkefritt ansikt, heller ikkje av eit hår utan eitt og anna grått strå her og der (-når eg ikkje fargar det...). Det blir på ein måte vanskeleg å bortforklare alt dette når eg står ansikt til ansikt med "fortida" i form av skulevener frå 20 år attende.



Men eg har mykje no som eg ikkje hadde då. For eksempel ein fantastisk mann og flotte ungar og ei god utdanning. 20 år med erfaringar og (forhåpentlegvis) visdom. -og no ser eg plutseleg at alt dette ikkje hadde betydd så veldig mykje for meg for 20 år sidan. I alle fall biten med erfaringar og visdom. Det synes eg å erindre var assosiert med å vere gamal. "Gamal og vis". Hmm... Det får vere det same, eg har konkludert med det før, og gjer det igjen. Eg er glad for at eg ikkje er 16 år lenger, så får det berre vere at dei som faktisk er 16 år ser på meg som gamal. Så det så.

lørdag 23. juni 2012

Nostalgi...

Trur eg er i det nostalgiske hjørnet i dag... Søndag for ei veke sidan hadde vi avslutning på bibelskulen. (Beste festen svigerfar min hadde vore på på lange tider, forresten...) Det var ein fantastisk fest der både lærarane og elevane vart æra for innsats og framgang. Vi visste jo alle at året ville ta slutt, men ikkje så fort! Som de ser så er vi ikkje mange, men kvaliteten overgår kvantiteten i lange baner. Det kan for så vidt sjå ut til at vi ikkje er heilt gode i toppen heller, men kva kan ein forvente etter eit år på skule i Bergen?? He he...

Fantastiske folk, alle som ein, både lærarar og medstudentar. Dei har alle lært meg noko nytt, dei har gitt av seg sjølv og inspirert meg og dei andre i klassen. Eg har fått nye vener, vener eg er sikker på eg møter att, før eller seinare, sjølv om vi flyttar heim til Molde om ei veke. Per Edvin og eg er utruleg takknemlege for å ha fått vere ein del av denne gjengen, og ikkje minst for at dei har teke imot både oss (gamlingane...) og ungane våre på ein så flott måte. Ungane våre beundrar stort både klassen og lærarane, og dei i klassen har vore gode eksempel og førebilete for dei. Eg håper at eg ein dag er mor til ungdommar som liknar dei eg har gått på skule saman med i vinter!

Det som var mest forunderleg med avslutningsfesten var at det ikkje vart noko store "sippe-scener", men som ein av medstudentane mine sa: "Eg veit kvar alle er på veg. Eg lurer ikkje på om det vil gå bra med dei, eller om eg kjem til å få høyre frå dei eller om dei, for eg er sikker på at det kjem eg til å gjere. Så eg er ikkje så trist heller." Ein vis mann. Og eg er heilt einig. Eg veit at Gud har store planer for kvar einaste ein, og eg veit at alle saman har eit djupt ønske om å gjere det Guds kallar dei til, så eg er heller ikkje trist. Ikkje på den måten. Sjølvsagt er det trist at vi ikkje kjem til å treffast kvar dag, vi er jo vande med det no, men... Skjønar de kva eg prøvar å sei?


Frå barnemunn (8)

Hans Arne forkynte i dag at han kom nok til å sakne Bergen. Han hadde blitt vant til lufta her etter å ha budd her i eit heilt år! I og med at lufta her er så fuktig i forhold til lufta i Molde (!!) så er det lettare å løpe her òg, for han blir ikkje så tørr i munnen og lungene. Så det så.