onsdag 2. mai 2012

Vår, hage, minner og alder...

Jepp, det er endeleg eit fakta og ikkje lenger berre ein draum og eit håp. Det er vår!

Og som ganske mange andre her i verda kjenner eg at eg er litt våryr... Veldig udefinerbar følelse å kjenne på, eigentleg, "våryr"... Men eg trur det er det eg må kalle det. Alt eg må gjere blir liksom litt lite viktig, berre fordi det er vår. På eitt eller anna finurleg vis. Hmm...

Uansett så har vi fått nyte godt av finveret som har vore her dei siste dagane. I dag har vi hatt fri alle fem, og var så heldige å bli invitert på grilling hos Margrethe på Askøy. Forresten, om ho inviterte oss, eller om eg gjorde det sjølv, det lurer eg litt på. Uansett hadde vi ein fantastisk dag i sol og vårluft. Dei har nemleg noko ikkje vi har. Hage. Det er ein av dei få tinga eg verkeleg saknar sårt frå huset vårt i Molde. Hagen. Ungane kan ikkje springe ut og inn som dei vil på finversdagane her i Bergen, for vi har ikkje HAGE! Men i dag sprang dei. Og kosa seg. Deilig. Tusen takk til Margrethe!

I helga var vi på Gullbotn saman med ein heilt fantastisk gjeng frå Askøy. Vi er så velsigna at vi får vere med dei i fjorten dagar som ein del av skuleopplegget vårt. Klassen vår er delt i tre, eitt team er i Bolivia, eitt på Filippinene og vi er på eksotiske Askøy. Vi er så heldige som får vere med på det som skjer der ute, dei har hatt ein eksplosiv vinter med fleire nyfrelste kvar veke i periodar. Eg blir heilt stum, dette er ikkje vanleg kost for ein (som før nemt...) sindig romsdaling. Men Gud er god -og er heldigvis ikkje begrensa av mine erfaringar! He he... Det er veldig inspirerande og kjekt å få vere vitne til det Gud gjer blandt sitt folk.

Vi var som sagt med dei i helga på Gullbotn, og Per Edvin og eg fekk lov å prøve oss på litt undervisning på laurdag. Veldig spanande og veldig artig! Eg må innrømme at eg koste meg litt, faktisk. Eg er veldig klar over at då eg var lita var det to ting eg tydeleg sa frå om at eg ikkje skulle bli når eg vart stor, nemleg sjukepleiar og lærar. No er det snart 13 år sidan eg var ferdig utdanna sjukepleiar, og no kan eg nesten ikkje vente på å få begynne å undervise! Ja ja, det er nok ikkje berre dette eg har endra oppfatning om etter som åra har gått, kan eg tenke meg. Heldigvis.

Etter at helga på Gullbotn var ferdig på søndag, kom eg på den fantastiske ideen om å kjøre til Norheimsund og Framnes, berre for å sjå. Det er berre 40 min å kjøre frå Gullbotn, så det var jo berre rundt neste sving, på ein måte. For dei som ikkje veit det så gjekk eg på Framnes i den tida det var folkehøgskule. For lenge sidan, med andre ord. Så lenge sidan at det for nokre veker sidan kom invitasjon til jubileum i juni... Smarte hjerner greier sikkert å tenke seg fram til at sidan eg har ein gut som snart er 12 år, så er det ikkje 10 års jubileum, og sidan det sjeldan blir arrangert 15 års jubileum, så må det vere... Jepp. Det er 20 års jubileum. Faktisk. Oj, oj, oj. Tida går visst litt for fort!

Men uansett så var det kjekt å sjå att skulen. Det har sjølvsagt forandra seg ein god del på 20 år, men det har jo eg òg, så det må vel vere greit. Kanskje. Hadde vore fint om alt var som før, eller? At tida hadde stått stille og eg kunne innbille meg at eg var 16-17 år igjen? Nei. Eg har for lenge sidan konkludert med at eg er glad for at eg ikkje er tenåring lenger. Sjølv om livet ikkje alltid har vore A4 så er eg så fantastisk mykje rikare no enn for 20 år sidan. Eg har ein uvurderleg, gullande god mann og tre umistelege ungar som eg elskar over alt på jord. Kvifor skal eg då ønske at eg var 17 år?? 22 år, derimot... ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar