søndag 6. mai 2012

Småbarnsfamilie og butikkdrift

I familien Frisvoll har vi det for tida særdeles travelt. Vi driv butikk. Eller, det er vel strengt tatt Jørgen som driv butikken, han er butikksjef, eller adm. dir., kanskje? Høres enno meir flott ut det, i grunn. Han er ein veldig omgjengeleg og flott sjef, vil eg sei. Han deler all inntekt på tre, slik at både han, Anna (som er produktdesignar, innovativ medarbeidar og selgar) og Hans Arne (som er konsulent og selgar) får like mykje løn uansett innsats. Imponerande. Han er veldig oppteken av at alt skal vere rettferdig, men eg trur at eg hadde hatt eit anna syn på kva som er rettferdig lønsdeling i denne situasjonen...


Butikken heiter Angen, etter ANna og JørGEN, med tydeleg G, vel å merke. På opningsdagen, for to veker sidan, var det loddsal med påfølgande trekning, og eg vann! Eg må dessverre med skam innrøme at eg enno ikkje har henta premien min, to valfrie varer frå eine veggen i butikken, noko eg til stadig får høyre. "Korti ska du ringe med bjella for å komme og få premien din, mamma?" Lurer på korleis eg skal få sagt at det er begrensa kor attraktivt utvalet i butikken er? Det er vel eigentleg ikkje noko ei god mor seier, er det vel?

No har varesortementet rett nok vorte utvida dei siste dagane. Jørgen har laga arbeidshefter og teikneseriehefter, sirleg kopiert frå Donald-blad og diverse aktivitetshefter. Forresten, om du treng ein fargekopi av noko - ikkje kom hit. All farga i printaren er brukt opp... Bestillinga som eg har inne, og har betalt for, har eg enno ikkje fått, for vi har gløymt å kjøpe tape. Som de kanskje forstår så er inntektene i butikken rein nettoinntekt for gründaren Jørgen og medarbeidarane hans. Uansett så har dei, særleg Jørgen, noko å halde seg i ånde med, og det er jo bra i desse maidagane - som minner mest om november...

Eg får vel ta meg ein tur i butikken i morgon og hente premien min. Lurer på om eg skal ta heimelaga bursdagskort, teikneseriehefte, julepynt, eller eit bilete, kanskje?

1 kommentar: