mandag 28. mai 2012

Livets nest viktigste valg...

På laurdag var vi på vigsel i KF Bergen. Eg har berre ein "pinsevigsel" og ein frikyrkjeleg vigsel på samvitet utanom statskyrkja, så vi var spente på korleis dette vart. Vi gjekk altså dit litt for å tilfredsstille den nysgjerrige hjernen min og litt fordi Hans Arne kjenner brudeparet gjennom barne- / ungdomsarbeidet (litt vanskeleg å vite om ein skal definere den alderen som barn eller ungdom...).

Det første som slo meg var at det ikkje skulle så veldig mykje til for å forandre eit heilt vanleg forsamlingslokale til eit storslagent bryllaupslokale. For ei som har vorte utstyrt med andre gåver enn kreativitet på det planet var det imponerande. Verkeleg.

Ettersom klokka nærma seg kjente vi at høgtida senka seg over forsamlinga. Det er noko spesielt med ein vigsel. Når to menneske skal love kvarandre livslang truskap. Då blir ein automatisk litt høgtidsstemt. Til og med i ei karismatisk forsamling der nokon kan føle at det er litt for lite høgtid og "ærefrykt" til vanleg. Det er berre slik. For the record: eg trivast veldig godt slik det er i KF...

Per Arne Gjerde forretta, på ein glimrande og jordnær måte. Han kalla ein spade for ein spade fleire gonger og sa at dette blir ikkje alltid lett. Sjølv om det naturleg nok er fryd og gaman i dag, så består livet av flest kvardagar. Det er der livet blir levd, i kvardagane, saman i heimen. Det er der kjærleiken blir sett på prøve, og det er der vi får bryne oss og slipt oss.

Medan eg sat der og hørte og såg vart eg plutseleg rørt, slik eg overraskande nok blir i dei fleste vigslane eg er i. Eg ser ikkje på meg sjølv som ein lettrørt person, men innser etter kvart at eg kanskje bør revurdere den oppfatninga... I alle fall hadde eg heller ikkje denne gongen med noko som likna på papir til å tørke snørr og tårer, så eg bestemte meg for å bite tennene saman og slutte med slik tull. Men tankane var der enno.

Tankane sa at desse to var heldige. Dei er heldige som har eit så godt utgangspunkt for ekteskapet sitt. Dei er heldige som begge to er grunnfesta i Jesus som sin Herre og frelsar. Dei er begge to solide og reflekterte og har fått "kvardagsundervisning" som vil hjelpe dei til å møte utfordringane som kjem på ein god måte. Tankane gjekk attende til vårt bryllaup. Til vår start på ekteskapet. Vi hadde eit utgangspunkt så himmelvidt frå det desse to har. Tankane førte til bøn. Bøn for brudeparet, for framtida deira og ekteskapet. Og eg vart fyllt av takk til Gud! Takk for at desse to har fått eit så godt utgangspunkt. Takk for at ikkje alle ektepar er nødt til å gå gjennom det vi har gjort, og takk for at eg er gift med Per Edvin!

Det er som Per Arne sa: Det er det nest viktigaste valet eit menneske gjer i livet, nest etter valet om å følgje Jesus eller ikkje. Det er så sant!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar