lørdag 12. mai 2012

Høgtlesing

Den nye sporten i heimen. For mor, i alle fall. Vi har i løpet av vinteren vore gjennom alle sju Narniabøkene, to gonger. Ja, for Hans Arne og Jørgen starta sjølvsagt ikkje samtidig, skal vite! Men eg kan ikkje skryte på meg å ha lese 799 sider høgt to gonger, for målet var at dei skulle lese sjølv... Hans Arne gjorde nok grovarbeidet sjølv, og fekk høgtlesing innimellom som belønning. Jørgen vil eg påstå las over halvparten sjølv han òg, ikkje verst for ein tredjeklassing!

No har mora blitt bitt av "kjøpe bøker-basillen", så no har ho vore på shopping både på nettet og i bokhandlar i byen. Ja, fortsatt Bergen. Eg greier faktisk å finne fram i sentrum om eg absolutt vil. -og viss eg berre ikkje rotar meg så langt vekk at eg ikkje veit kvar Grieghallen, endestasjonen til bybana og Fløibana er. Då greier eg meg bra. Eg veit dessutan kvar "den blå steinen" og Dolly Dimples er, så då er eg berga. Tør til og med å kjøre inn til sentrum med bil - utan mann og GPS! He he. Når ingen andre skryt, så må eg gjere det sjølv!

Men altså. Ungane fekk låne Jules Verne av Margrethe, og Jørgen er godt i gang med "En verdensomseiling under havet" og Hans Arne med "En reise til jordens indre". Eg hadde ein runde på nettet, eigentleg for å sjå om eg fann Jules Verne, men enda opp med noko heilt anna. "En liten prinsesse", "Den hemmelige hagen" og "Lille lord Fauntleroy" kan vel knapt kallast fengande for gutar på Hans Arne og Jørgen sin alder? Det fenga vel mest mora. Jørgen (stakkar) var med inn til sentrum ein dag, og då kom eg på den lyse idèen om at det kanskje var Jules Verne på ein vanleg bokhandel. For ganske ofte har dei bøker i butikkane som ikkje går an å få tak i på nettet! Eller... Etter tre-fire bokhandlar begynte nok entusiasmen å dale litt i den yngre generasjonen (det var ein god porsjon entusiasme då vi starta runden, faktisk), medan eg hadde fått blod på tann. Det vart ikkje noko Jules Verne, men derimot "Huck Finn og eventyra hans" og "Skatten på Sjørøverøya". Vil tru dei fell i betre jord hos jr og jr. Den første boka er på nynorsk, men i følge Jørgen går visst det "heeiilt fiint"! Eit aldri så lite "Yesss!!" må eg innrøme kom for meg, inni hjernen min, men time will show...

Anna fekk derimot æra av å velge seg ei bok av dei tre tidlegare nemnte bøkene som fenga mora, og pussig nok fall valet på den boka som var raud, med rosa prinsessekroner på og tittelen "En liten prinsesse"! Shocking! Den største utfordringa der i garden er korleis ein skal forklare ord som "indignert", "forlegen", "bekjentskap" og at rektoren har eit "horn i siden" til stjerneeleven. Konklusjonen første kvelden var at vi var glade for at vi ikkje måtte sende vår (snart) sjuåring på kostskule på andre sida av jorda. Anna forkynte at ho alltid skal gå på skulen som er nærast oss slik at ho kan bu heime. Vi får håpe at det ikkje skjer...

Fordelen med å lese for Anna er at eg får lese heile boka, i samanheng. Fordelen med dei to andre er at eg kan seie at eg ikkje har tid, dei får lese sjølv. Bakdelen er at den første versjonen fører til mykje høgtlesing (=oppbrukt stemme, som faktisk er ei ganske god unnskyldning når du synest du har lese nok. Berre prøv.). Bakdelen med den andre er at eg berre får lese kvart andre-tredje kapittel i bøkene (=samanheng?). Målet er uansett at dei skal bli glad i å lese, og det trur eg er oppnådd. I alle fall med dei to eldste. Trur eg. God bok!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar