onsdag 30. mai 2012

Festhelg!

Denne pinsa har vore rå. Vi starta på laurdag med å vere med å sjå på bryllaup, fortsette på søndag med barnevelsigning og på måndag med 2.pinsedagsgudsteneste i KF, før vi avslutta i dag (ja, det kjentes i alle fall ut som helg...) med besøk på hytta til eine læraren vår, med bålbrenning og grilling.

Ungane har kosa seg! Det er fortsatt sol her i Bergen, sjølv om temperaturen nok er på veg ned. Vi kjente at sydentemperaturane var her på søndag, i alle fall! Bunaden var god å ha på 17.mai med 2-3 grader og vind, på søndag var det 20 grader meir og ingen vind... Alle som har prøvd det veit at bunad desidert egnar seg best rundt 10 grader.

Uansett var det artig å vere med på barnevelsigning. Heller ikkje her har eg så veldig lang fartstid, eg har vel vore med på omlag tre stk, vil eg tru. Som observatør, rett nok! No var eg plutseleg midt oppi det og skulle delta på både den eine og den andre måten. Som eg brukar å gjere så hadde eg òg denne gongen sagt "ja då, klart eg kan det!" då eg vart spurt. Men det er ein god ting. Eg får utvida grensene mine, og det er sunt.

Eg hadde det heilt fortreffeleg, for å vere ærleg. Barnevelsigning er ein fantastisk skikk! Når forsamlinga løftar ungen opp til Gud og i fellesskap ber for han og velsignar han, det er flott. Dessutan blir familien inkludert på ein suveren måte, dei blir på same måten som ungen løfta fram for Gud av forsamlinga og bedt for. Herleg.

Etter gudstenesta var det middag og selskap, og vi var inviterte! Stas! Kjekt å treffe att folk eg kjente for... oj... 20 år sidan, +/-... Dei var som før, berre annleis, om du forstår. Finstasen gjekk gradvis over til shorts og bare bein for den yngre garde, for min del krympa både lengda og tjukkelsen på stasen etter som dagen gjekk mot kveld. Deilig!

Vi kjenner no at det nærmar seg slutten av året vårt i Bergen. Det er ganske vemodig. Vi har fått for mange gode vener her omkring til at det kan gå for seg utan ein viss grad av vemod. I dag var det ei i klassen vår som konkluderte med at ho skulle begynne å be om at vi skulle få oss ei billeg hytte på Askøy. Det hørtes i grunn ut som ei god plan!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar