søndag 26. februar 2012

Vinterferie!

Vinterferien er i gang, i alle fall for oss. Vi er heime i Romsdalen (jippi!!) og her er ferien akkurat over.. Ungane synes det er heilt greit, for då får dei vere med ein dag på skulen her i Molde. Det sluttar aldri å forundre meg at dei er så gira på å gå på skulen i ferien sin! Eg kan forstå at dei synes det er kjekt å treffe att venene sine, men likevel... Ikkje at eg klagar, altså, ein dag med gratis "barnevakt" så vi får ordne alle moglege saker og ting er veldig greit!

Denne gongen hadde vi "familie-besøks-turnè" på turen heim. Vi delte turen oppover frå Bergen på to dagar og tok ei overnatting i Loen hos tante Marit og onkel Ola. Alltid like koseleg å kome dit! Gode folk og godt fellesskap. -og fullt hus! I tillegg til oss kom tre ungar / svigerbarn heim, så vi var tilsaman 10 stk... Veldig kjekt. I går stoppa vi i Stordalen hos tante Ann Kristin og onkel Ørjan, der fekk vi servert kake og kaffe for å feire fireåringen! Litt på forskot rett nok, men veldig artig for oss!

Konklusjonen etter kjøringa denne gongen er at det er mykje psykologi bak ein god kjøretur. På fredag var alle innstilte på at vi skulle kjøre "berre" halvvegs, altså til Loen. Ungane var kjempeglade fordi dei skulle ha "så kort tur", og starta å spør om det var langt att etter ein time. Det var veeeldig lite inspirerande for foreldra som då i nesten fire timar måtte sei at "nei, vi er ikkje snart framme!" "Berre halvvegs" frå Bergen til Molde er ein kjøretur på fem timar, så den korte turen ungane såg fram til var i grunn ikkje så kort! Ungane våre har utvikla ein veldig god "bilkjøringskondis" og er vanlegvis eksepsjonelt lite masete på lange bilturar. Har ein mistanke om at formuleringar som "berre halve turen" ikkje skal inngå i opplading til bilturar i framtida!

Uansett så gler vi oss over å vere ei veke i heimlege trakter. Vi skal leve som flyttsamar og har aldri meir enn to overnattingar på kvar plass i eitt strekk, men vi rekk å helse på mange vener og mykje familie! På laurdag før vi reiser ned att feirar vi 9 års dagen til Jørgen og får ei heidundrande avslutning på ferien vår. Vi har det godt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar