søndag 12. februar 2012

Kva kan eg sei...

*Må advare mot sterke scener - eventuelt mot langt blogginnlegg!*

Då gjekk det slik med meg som med mange andre, plutseleg var det stopp! Over tre månader sidan forrige innlegg på bloggen... Ja, eg veit at eg sa at det ikkje skulle skje, men kva kan eg sei? Tidsklemma tok meg? Skrivesperre? Problem med nettverket? Datamaskina kræsja? Nei, eigentleg ingen av delane. Sant nok kan eg ikkje seie kva det var som gjorde at det vart slik. Eg kom vel ut av vanen? Fort gjort. Ja, og så var det ei oppgåve eller to som skulle leverast, ein "gruppe-heimeeksamen" før jul og litt juleshopping... "Sånn går no dagan..."

Uansett, no er det februar og vi skal snart heim på vinterferie! Ungane gler seg veldig til å sjå att besteforeldre og gode vener. -og til å vere ein dag på skulen i Molde. (Jepp, dei gler seg til ein dag på skule når dei eigentleg har ferie!) Per Edvin og eg gler oss til å kome heim ein tur vi òg, men som typisk vaksne så skjuler vi det sjølvsagt litt meir! He he...

Sidan sist innlegg har vi som sagt levert både oppgåver og hatt heimeeksamen. I tillegg var vi heime på juleferie. Det var stas. Veldig kjekt å treffe att mange av dei vi er glade i og som vi får sjå så alt for sjeldan dette året!

Vi starta turen etter skuletid "bitte-lille-julaften" og kom heim til mamma og pappa kl 00.30 på natta. Då hadde vi hatt tid til ein mikrostopp på Åndalsnes hos Hilde på turen. Må berre seie ein gong til at ungane våre er veldig flinke til å kjøre på langtur i bil! :-) Lillejulaften gjekk turen til foreldra til Per Edvin der vi var på julaften og dei første dagane i romjula. Det var koseleg at vi kunne vere der, vi har ikkje feira jul i Eresfjorden sidan Hans Arne var 1,5 år, eller der omkring. Vi starta så god tradisjon med å feire heime på Molde og heller invitere besteforeldra heim til oss, men i år hadde vi jo ikkje noko plass å bu på Molde...

Eg hadde to vakter på gode gamle Medisin 4 i romjula, 1. og 2. juledag. Det var artig! Sjølv om det var jul og mange som hadde fri så var det likevel mange gode "gamle" kollegaer, det var kjekt. Det som ikkje var så kjekt var at på turen inn att til Eresfjorden så fekk plutseleg bilen ikkje berre dei rare lydane som hadde vore der nokre veker, men ein heilt ny og fantastisk høglytt lyd i tillegg! Som den fornuftige sjåføren eg er så stoppa eg sjølvsagt og drog fram mobilen for å ringe mannen, slik vi damer gjer når vi er i naud...(??) I alle fall verka det logisk for meg der eg sto på ein forlatt og mørk veg seint på ettermiddagen 2. juledag medan "Dagmar" drog dei siste kasta over fylket og prøvde å få med seg den andre vegbana òg...

Dagmar hadde visst teke meir enn halve vegen, ho hadde teke med seg mobildekninga òg. Så der sat eg i ein bil som ikkje akkurat hadde ein sunn motordur, med ein mobil utan dekning og ei Dagmar som krampeaktig reiv og sleit i både bil og trær rundt meg. Heldigvis er folk på bygda fortsett innstilte på å hjelpe, så då eg sette på naudblink på bilen så stoppa den første bilen som kom forbi. Det er forresten utruleg mange bilar ute på vegane på ettermiddag 2. juledag i Eresfjorden! Bilen vår vart etterlate attmed vegen og eg fekk skyss inn til varmen hos Lise og Leidulf som hadde ferdig middag på bordet til meg! :-) Fantastisk.

Bilen vart henta av tauebil neste dag og sett på verkstad på Molde, og vi fekk leigebil på forsikringa. Eg har no gløymt kva merke leigebilen var, men han var definitivt ganske mykje mindre enn Caravella! Fordelen med Caravelle er at det er god plass til folk og bagasje. Bakdelen med Caravelle er den dagen du plutseleg ikkje har Caravelle og må få plass til all bagasjen i ein liten sedan... He he... Vi sendte halve bagasjen med Caravella og tauebilen, likevel sat vi med sekkar og posar til haka då vi kjørte frå Eresfjorden til Molde.

Neste dag (vi er no på 4. juledag...) ringte dei frå verkstaden og sa at bilen ikkje var kjørbar meir. I alle fall ikkje utan å skifte girkassa... Girkasse måtte bestillast frå Tyskland og det tok i beste fall fem virkedagar før den kom til Molde! Då var det duka for ekstra lang juleferie, gitt! Ungane syntes det var heilt greit, men eg trur at både Per Edvin og eg ikkje syntes det var særleg stas... Vi vil få med oss så mykje vi kan av undervisninga på skulen, det verkar på ein måte som sløsing å flytte til Bergen og ikkje få med seg ALL undervisning!

Vi fekk fem dagar ekstra juleferie, ungane fekk vere med ein dag på skulen på Molde og var lukkelege for det, Per Edvin og eg fekk med oss januarfesten til Elmo, som eigentleg er julebordet deira, men i januar er det "halve prisen og samme moroa" som dei sa. Noko som heilt sikkert er sant. Vi hadde i alle fall ein god kveld, og eg vart til og med budt opp til dans! Av Per Edvin! Då forsto alle dei andre at terskelen på dansegulvet var lav, så då vart det fullt! He he...

No trur eg at eg må gje meg for i kveld, men "fortsettelse følger" som det heiter, så de får vente med skyhøg forventning! ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar