onsdag 4. november 2015

Ein liten hyllest

For nokre dagar sidan kjørte eg bak ein bobil. Kvar gong eg ser ein bobil går tankane mine til ei av dei mest fantastiske damene eg har møtt i heile mitt liv. Som nyutdanna sjukepleiar begynte eg på natt på ei travel medisinsk avdeling på sjukehuset. Som nyutdanna sjukepleiar kunne eg eigentleg ingenting. Ikkje eigentleg. Det "kliniske blikket" var dårleg utvikla og læringskurva var bratt.

Det var då eg vart kjent med denne dama. Det var ikkje første gongen ho hadde møtt ein nyutdanna, forvirra og totalt uvitande sjukepleiar. Dei hadde ho møtt mange av, og ho hadde lært mange kva det kliniske blikket eigentleg handla om. Ho lærte meg korleis eg skulle snakke med pasientane, korleis eg skulle reie ei seng på ein god måte, kva tid eg måtte ringe legen, korleis eg skulle vise pasientane respekt, korleis eg skulle opptre overfor pårørande, korleis eg kunne takle dei vanskelege situasjonane, kor viktige dei små detaljane var. Ho lærte meg å ta søpla ut frå romma før vaktskiftet og å stå på krava for pasientane. Eg kunne ramsa opp mykje.

Ho sa sjeldan "no skal eg vise deg...", ho berre gjorde det ho alltid hadde gjort. Ho var eit førebilete for meg i måten ho var på og holdningane ho hadde. Ho hadde ein genuin omsorg for pasientane, dei ho arbeidde for og saman med. Ho hadde ein arbeidsmoral som overgår dei fleste, og sette ære i å gjere ein god jobb. Ho er stemma som er i hovudet mitt når eg blir freista til å ta snarvegar og gjere halvgodt arbeid. Ho hadde høge krav til seg sjølv, og forventa at dei rundt også gjorde sitt beste. Ho sette ein standard i yrkesutøvinga si som vi andre gjorde vårt beste for å leve opp til. Ikkje fordi vi følte vi måtte, men fordi ho fekk oss til å ønske det.

Ho høyres ut som ein helgen, men ho var nok ikkje det. Ho var eit menneske med følelsar, tankar og meiningar, ho som alle oss andre. Ho kunne bli sint og føle seg urettferdig behandla. Ho blei fortvilt når ho følte ho ikkje fekk det ho meinte ho trong og hadde rett på, og ho hadde sterke meiningar om mangt.

I mange år arbeidde vi mykje ilag, vi to. Etter kvart vart det mindre og mindre, eg skifta arbeidsplass og møtepunkta vart færre. Men kontakten var der dei gongene vi møttes. I korridoren på sjukehuset vart dagen lysare og betre kvar gong eg såg ho. Ho trong ikkje å ha tid til å prate med meg ein gong.

Eg kjem aldri til å gløyme morgonen på arbeid då kollegaen min sa: "Ja, du veit vel kva som har skjedd??" Nei, det visste eg ikkje, og det er sjeldan eg har vore så sett ut som då ho kunne fortelje at ho som eg har sett på som eit førebilete og ein morsfigur i så mange år, hadde døydd berre få dagar før.

Det går sjeldan ei heil veke utan at ho er innom tankane mine. Som her eine dagen då eg kjørte bak bobilen. Då kom ho i tankane mine igjen. Ho elska turane i bobilen, saman med mannen og gjerne eit barnebarn eller tre. Framfor alt var familien det viktigaste for ho. At dei hadde det bra var avgjerande for om ho hadde det bra. Eg trur at svigersønene hennar hadde ei like god svigermor som svigersønene til mamma, og det seier litt.

Ein liten hyllest til ei av dei mest fantastiske damene eg har møtt. Ho har lært meg så utruleg mykje om livet og har mykje av æra for at eg er ein så god sjukepleiar som eg er i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar