tirsdag 26. juni 2012

Reunion...

I helga var eg med på noko eg aldri har vore med på før. 20 årsjubileum! Ja, eg er så gamal. Tru det eller ei! He he... Jau då, 20 årsjubileum på Framnes Folkehøgskule, som det heitte då. No er det visst vidaregåande, og berre det gjer at alt blir litt rart. Men etter det eg forstår så går skulen godt som vidaregåande, så då får det berre stå si prøve at eg synest det er rart.

Vi var ikkje så mange, men vi som var der hadde det veldig kjekt! Vi fekk til og med sjå film frå revyen vi i musikklassa laga. Du store mi tid så flinke vi var! For ein gjeng med 16-20 åringar var vi rett proffe. Læraren som sto i spissen var ikkje meir enn 26 år han heller. Eg mistar litt munn og mæle av slikt. For ikkje å snakke om kor mange flotte hårsveisar og klede som dukka opp, det er i seg sjølv grunn god nok til å miste det meste...

Eg må innrømme at det sit litt langt inne å innrømme at det er 20 år sidan eg gjekk der. Det slo meg der eg sat: "Er eg på same alder som desse?? Då er må jo eg vere vaksen eg òg!!" Men eg ser det tydeleg, eg gjer nok det. Eg har ikkje eit "ungpike-ansikt", slik eg hadde då. Dei lyse, lange og krøllete lokkane er borte òg. Eg kan ikkje skryte av eit rynkefritt ansikt, heller ikkje av eit hår utan eitt og anna grått strå her og der (-når eg ikkje fargar det...). Det blir på ein måte vanskeleg å bortforklare alt dette når eg står ansikt til ansikt med "fortida" i form av skulevener frå 20 år attende.



Men eg har mykje no som eg ikkje hadde då. For eksempel ein fantastisk mann og flotte ungar og ei god utdanning. 20 år med erfaringar og (forhåpentlegvis) visdom. -og no ser eg plutseleg at alt dette ikkje hadde betydd så veldig mykje for meg for 20 år sidan. I alle fall biten med erfaringar og visdom. Det synes eg å erindre var assosiert med å vere gamal. "Gamal og vis". Hmm... Det får vere det same, eg har konkludert med det før, og gjer det igjen. Eg er glad for at eg ikkje er 16 år lenger, så får det berre vere at dei som faktisk er 16 år ser på meg som gamal. Så det så.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar