lørdag 24. mars 2012

Full fart!

Vi som trudde vi skulle få eit "avslapningsår" i Bergen... He he... Her er ingen avslapping, nei!
Sidan sist:

1. Vi har vore på "treningsleir" med bibelskulen, fire dagar med arbeid på Gullbotn, leirstaden til KF Bergen. Dei dagane var det måling av dører og veggar, vasking, rydding, matlaging ++++ Det var inspirerande å observere kor tenestevillig alle i klassen er! Vi kjørte ein del opp og ned frå byen, ungane måtte jo på skulen kvar dag, og hentast att når han var ferdig, i tillegg sov eg heime og var "bakvakt" i tilfelle ei venninne trong barnevakt for storesøskena under fødselen...

2. Då desse dagane var over tok vi ei heftig feiring av 9 årsdagen til Jørgen. Vi lånte "Velvet", garasje / hall i lokala til KF. Der er det skaterampe med "tjukkas-madrasser" til å skli på, ballbinge, trampoline og teiknerom. Det var rett og slett genialt. Jørgen hadde invitert heile klassen, 28 stk (!!), men det var "berre" 21 ungar som kom... Med andre ord 24 ungar medrekna våre tre. Vi gjorde ingenting utanom å gje ungane mat og å passe på at dei ikkje skada seg alt for ille... Det endte med berre ei flis i ein fot og ein kul på ei arm, det var i alle fall det eg registrerte. Og eit hav av gåver og pengar til Jørgen, så klart.

3. Forrige helg hadde vi fantastisk besøk av to tanteungar og ein svoger. Dei to gutane kom fredag og var hos oss medan faren var på noko kjedelege styremøtegreier til laurdag formiddag. Laurdagen vart forresten tilbragt på VilVite. Stor suksess. Ikkje at det kom som noko stor overrasking, men det var kjekt at det falt så godt i smak. Det verste var søndagen då dei skulle reise heim att til Molde. Dei ville ikkje reise og våre ville helst bli med. Hmm. Konklusjonen vart at det nok var best for alle å vere hos sine respektive foreldre, dessutan er det berre tre og ein halv månad til vi flyttar heim att! Heldigvis så skjønte alle det og godtok det utan alt for mange tårer. He he...

4. Natt til måndag var eg barnevakt for to spente storesøstre, eller dei vart i alle fall storesøstre på måndag morgon! Veldig enkel oppgåve i grunn, dei sov før eg kom, så eg slapp leggebiten. Dei var våken midt på natta og sette på musikk, eller ho eldste var i alle fall våken, ho minste prøvde å nå fram med "eg vil sove!!!" Om morgonen våkna eg av at dei sette på film klokka halv sju, så eg slapp unna vekkinga og! Heilt greit det. Dei kledte på seg sjølv og syntes det var konge å sitje på i ein annan bil til skule og barnehage. Kjekke jenter. Og ein nydeleg liten bror fekk dei.

5. Onsdag var tida koma for Jørgen å bruke alle pengane han hadde fått til bursdagen sin. Han feira heime i vinterferien og her i forrige veke (med mange gjestar...), så den samla potten var rimeleg stor. De kan vel sjå for dykk at det var ein rimeleg gira 9 åring som var på tur til leikebutikken! Turen endte opp med tre esker "Dino-lego", noko av det nyaste frå Lego, trur eg, ikkje at eg greier å følgje med, eg berre registrerer at ungane snakkar om det. Etter det brukte Jørgen to ettermiddagar på å bygge lego. Og storkosa seg!

6. På torsdag reiste Per Edvin i Skien på tur med halve bibelskuleklassen (det betyr at dei er fem stk på tur, vi er tolv elevar...) og eg er då naturleg nok heime med ungane åleine i tre dagar. Logistikken når slike reiser skal organiserast er til tider ganske interessant. I og med at dei var fem som reiste var dei for mange til å ha i ein bil ut til flyplassen om dei skulle ha med sjåfør til å kjøre bilen attende til byen. Dei brukte difor bilen vår som er 8-setar. Han som skulle kjøre bilen hit att parkerte bilen sin attmed Rema rett over gata her for å sleppe å vente eviglenge på meg og ungane. Han kom nemleg attende frå flyplassen så tidleg at vi ikkje var klar til å gå ut døra. Det var i alle fall plana. Heilt til bilen vart låst med nøklane i tenninga og motoren i gang, og med all bagasjen inni bilen! Beslutninga falt og dei sprang på flyet med det dei sto og gjekk i (eller sprang i...).  No sit det altså fem stk bibelskuleelevar i Skien med nyinnkjøpte tannkostar, og forhåpentlegvis ei truse eller to og eit par strømper. Eg må berre innrømme at eg ikkje kan lat vere å synest at det er litt komisk, i alle fall for meg som sit her med all bagasjen.

Uansett vart resultatet for meg at eg måtte springe med tre ungar og ta bybana til skulen. Ikkje at ungane sørga over det! Utanom VilVite er bybana det desidert artigaste og mest spanande med heile Bergen, i følge våre tre håpefulle. No fekk dei til alt overmål ta bybana til skulen to gonger på ei veke! På måndag var eg som sagt barnevakt og hadde bilen med der. Då var plana at PE skulle ta med ungane på bybana, noko som -as allways- var ein stor suksess. Det vart det denne dagen og. Ein ekstra bonus var at fordi eg ikkje visste kor lang tid vi ville bruke på turen så starta vi tidleg og endte opp med at ungane kom tidlegare på skulen enn på lange tider! -det vil med andre ord sei at dei kom meir enn eitt minutt før klokka ringte...

Om ikkje alt dette var nok så skein sola i heile dag! O lykke! Det er vår! God helg, Guds signing over helga! :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar