lørdag 21. mars 2020

Korona, legevakt, kyss og klem.


Eg er ikkje den mest sosiale personen i verda. Eg trivst veldig godt åleine, og ein hyttetur heilt for meg sjølv er eit høgdepunkt. For meg er ikkje karantenereglane så veldig vanskeleg å etterleve. Eg er ikkje ein person det fell naturleg for å klemme alle eg møter, stort sett er det å føretrekke å sleppe det. Dei nye «hald avstand»-, «ikkje ta på kvarandre»- og «hald deg heime»-reglane er ikkje så vanskelege. Dei einaste eg er avhengig av å klemme på er dei tre ungane mine og mannen. Dei får til gjengjeld opptil fleire klemmar (og kyss) kvar dag.

Eg påla meg sjølv ei form for karantene for nokre veker sidan, fordi eg etter plana skulle inn på sjukehus og foreta datainnsamling til doktorgradsprosjektet mitt på måndag som var. Eg hadde forberedt meg, og heldt bevisst meir avstand til alt og alle, berre for å vere på den sikre sida. Vart eg sett i karantene kunne eg ikkje inn på noko sjukehus! Eg vaska hendene oftare og betre enn eg vanlegvis gjer, og unngjekk å gå på kontoret. Eg hadde avtale med ei sjukehusavdeling om å få kome og observere, eg skulle følgje sjukepleiarane og legane inne på avdelinga i to veker. I løpet av førre veke innsåg eg at det uansett ikkje ville bli noko av, og sist fredag vart det bekrefta. Dei slepp ikkje andre enn det som absolutt er nødvendig inn på sjukehusa, og eg er ikkje nødvendig for sjukehuset. No veit eg ikkje korleis det vil gå med prosjektet mitt.

På torsdag for ei veke sidan etterlyste kommunen helsepersonell som ikkje arbeider som det lenger, og eg meldte meg som sjukepleiar. På fredag kjørte eg til Hamar for å hente eldstesonen heim frå folkehøgskule. På turen var eg innom ein matbutikk og ein togstasjon, og heldt avstand til dei eg møtte. Plutseleg vart eg veldig bevisst på kvar eg opphaldt meg og kven eg møtte på. Blei eg sett i karantene kunne eg ikkje vere til hjelp for kommunen! «Det er Antibac på bordet bak deg, om du vil ha» sa han bak disken i kiosken på togstasjonen. På tur heim stoppa vi innom mamma og pappa. Kven veit kva tid eg kan besøke dei igjen? Før eg rakk heim på laurdag fekk eg telefon frå legevakta i Molde om at dei oppretta ei eiga «smittelegevakt». Dei hadde behov for sjukepleiarar, og eg har erfaring frå legevakta. Kunne eg kome om to og ein halv time? Det kunne eg. No går eg 12-timarsvakter som sjukepleiar på smittelegevakta i staden for å vere doktorgradsstipendiat på høgskulen.


Før eg reiste frå mamma og pappa sa eg at eg ikkje kjem til å sjå dei på ei stund. Sjølv om vi brukar verneutstyr og har fokus på å unngå smittespreiing, så har eg ingen garanti. Før eg gjekk på vakt på smittelegevakta sa eg til familien at det offisielt er slutt på kyssing og sterke restriksjonar på klemming i heimen. Eg har sendt melding til den næraste familien om å halde avstand, og gitt beskjed til naboane i andre etasje om det same. For å unngå at eg blir smitta, og for å unngå at eg smittar dei. Eg har hatt sjølvpålagt karantene i fleire veker, og strama det inn for ei veke sidan. Likevel har eg møtt fleire menneske den siste veka enn i alle dei tre vekene før det til saman. På legevakta.

Det er rare tider vi lever i. Det meste av det som poppar opp på nettet for tida handlar om koronaviruset. Kor mange er smitta? Kvar er dei som er smitta? Kor mange er døde? Greier vi å stoppe viruset i å spreie seg? Har helsevesenet kapasitet til å ta seg av alle som kan kome til å trenge hjelp? Får vi lov til å reise på hytta i påska? Korleis vil det gå med kronekursen, med det private næringslivet, med alle dei små bedriftene og dei permiterte? Kor mykje pengar er regjeringa og Stortinget villige til å dele ut? Dei må kome med større krisepakker! Korleis takle å ha ungane heime med heimeskule, når du eigentleg skal ha heimekontor? Får vi ein skilsmissetopp etter dette? Hurra for helsevesenet! Klapp for legane! Klapp for sjukepleiarane! Ikkje gløym reinhaldarane! Eller bussjåførane, eller dei butikktilsette! Hald avstand! Hald deg heime! Ikkje reis på hytta! Ikkje ta på kvarandre! Ikkje handhels! «Ooops, app, app, app, app!» 

I går var eg ute på handel for første gong sidan dei strengaste tiltaka i Norge i fredstid vart sett i verk torsdag for vel ei veke sidan, og det var ei spesiell oppleving. Eg var innom to kjøpesenter og til saman fem butikkar. Ein fredag kl 17 var det omtrent ikkje nokon å sjå. Eg såg til saman fleire butikktilsette enn kundar, og gatene var omtrent folketomme. Dei få eg passerte på gata og i butikkane gjekk i store sirklar for å unngå meg, og eg gjorde det same for å unngå dei. På apoteket var det pleksiglas mellom meg og ho som sto bak disken. Ho kjente meg tydelegvis att: «Ikkje smitt ein sjukepleiar, er det ikkje det dei seier?» sa ho med eit glimt i auget. Det var tomt for Paracet, og eg fekk beskjed om at «det står handsprit der, om du vil ha.»

Det gjer meg ikkje noko at eg ikkje treff så mange utanom arbeid. Eg trivs fortsatt godt i eige selskap. Men det gjorde inntrykk på meg å sjå kor lite folk som var ute i går, og korleis dei svinga av for ikkje å kome for nær meg. Ja, eg veit at det ikkje var fordi eg er meg, men å sjå dei flakkande blikka om avstanden vart litt liten og at dei aktivt snudde og gjekk ein omveg for å unngå meg – det gjorde inntrykk. Eg reknar med at det er eit tidsspørsmål før situasjonen normaliserer seg og samfunnet kan begynne å fungere meir eller mindre normalt igjen. Eg håper berre at vi greier å slutte å unngå kvarandre like fort som vi begynte. Eg vil gjerne dele ut ein klem til tidlegare kollegaer eg ikkje har sett på ei stund. Eg kjenner faktisk at eg saknar det. Men mest av alt saknar eg å klemme og kysse ungane mine og mannen. Det kjenner eg langt inn i ryggmargen og djupt ned i hjarterota.


1 kommentar:

  1. Det er underlige tider vi er inne i nå. Så flott at du har meldt deg til tjeneste! Jeg er så imponert over alle som trår ekstra til i disse dager! Vi får tøffe tak fremover, vi som står i det. Pass godt på deg selv og familien! :)

    SvarSlett