Viser innlegg med etiketten Kristent Fellesskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kristent Fellesskap. Vis alle innlegg

lørdag 23. juni 2012

Nostalgi...

Trur eg er i det nostalgiske hjørnet i dag... Søndag for ei veke sidan hadde vi avslutning på bibelskulen. (Beste festen svigerfar min hadde vore på på lange tider, forresten...) Det var ein fantastisk fest der både lærarane og elevane vart æra for innsats og framgang. Vi visste jo alle at året ville ta slutt, men ikkje så fort! Som de ser så er vi ikkje mange, men kvaliteten overgår kvantiteten i lange baner. Det kan for så vidt sjå ut til at vi ikkje er heilt gode i toppen heller, men kva kan ein forvente etter eit år på skule i Bergen?? He he...

Fantastiske folk, alle som ein, både lærarar og medstudentar. Dei har alle lært meg noko nytt, dei har gitt av seg sjølv og inspirert meg og dei andre i klassen. Eg har fått nye vener, vener eg er sikker på eg møter att, før eller seinare, sjølv om vi flyttar heim til Molde om ei veke. Per Edvin og eg er utruleg takknemlege for å ha fått vere ein del av denne gjengen, og ikkje minst for at dei har teke imot både oss (gamlingane...) og ungane våre på ein så flott måte. Ungane våre beundrar stort både klassen og lærarane, og dei i klassen har vore gode eksempel og førebilete for dei. Eg håper at eg ein dag er mor til ungdommar som liknar dei eg har gått på skule saman med i vinter!

Det som var mest forunderleg med avslutningsfesten var at det ikkje vart noko store "sippe-scener", men som ein av medstudentane mine sa: "Eg veit kvar alle er på veg. Eg lurer ikkje på om det vil gå bra med dei, eller om eg kjem til å få høyre frå dei eller om dei, for eg er sikker på at det kjem eg til å gjere. Så eg er ikkje så trist heller." Ein vis mann. Og eg er heilt einig. Eg veit at Gud har store planer for kvar einaste ein, og eg veit at alle saman har eit djupt ønske om å gjere det Guds kallar dei til, så eg er heller ikkje trist. Ikkje på den måten. Sjølvsagt er det trist at vi ikkje kjem til å treffast kvar dag, vi er jo vande med det no, men... Skjønar de kva eg prøvar å sei?


onsdag 30. mai 2012

Festhelg!

Denne pinsa har vore rå. Vi starta på laurdag med å vere med å sjå på bryllaup, fortsette på søndag med barnevelsigning og på måndag med 2.pinsedagsgudsteneste i KF, før vi avslutta i dag (ja, det kjentes i alle fall ut som helg...) med besøk på hytta til eine læraren vår, med bålbrenning og grilling.

Ungane har kosa seg! Det er fortsatt sol her i Bergen, sjølv om temperaturen nok er på veg ned. Vi kjente at sydentemperaturane var her på søndag, i alle fall! Bunaden var god å ha på 17.mai med 2-3 grader og vind, på søndag var det 20 grader meir og ingen vind... Alle som har prøvd det veit at bunad desidert egnar seg best rundt 10 grader.

Uansett var det artig å vere med på barnevelsigning. Heller ikkje her har eg så veldig lang fartstid, eg har vel vore med på omlag tre stk, vil eg tru. Som observatør, rett nok! No var eg plutseleg midt oppi det og skulle delta på både den eine og den andre måten. Som eg brukar å gjere så hadde eg òg denne gongen sagt "ja då, klart eg kan det!" då eg vart spurt. Men det er ein god ting. Eg får utvida grensene mine, og det er sunt.

Eg hadde det heilt fortreffeleg, for å vere ærleg. Barnevelsigning er ein fantastisk skikk! Når forsamlinga løftar ungen opp til Gud og i fellesskap ber for han og velsignar han, det er flott. Dessutan blir familien inkludert på ein suveren måte, dei blir på same måten som ungen løfta fram for Gud av forsamlinga og bedt for. Herleg.

Etter gudstenesta var det middag og selskap, og vi var inviterte! Stas! Kjekt å treffe att folk eg kjente for... oj... 20 år sidan, +/-... Dei var som før, berre annleis, om du forstår. Finstasen gjekk gradvis over til shorts og bare bein for den yngre garde, for min del krympa både lengda og tjukkelsen på stasen etter som dagen gjekk mot kveld. Deilig!

Vi kjenner no at det nærmar seg slutten av året vårt i Bergen. Det er ganske vemodig. Vi har fått for mange gode vener her omkring til at det kan gå for seg utan ein viss grad av vemod. I dag var det ei i klassen vår som konkluderte med at ho skulle begynne å be om at vi skulle få oss ei billeg hytte på Askøy. Det hørtes i grunn ut som ei god plan!

mandag 28. mai 2012

Livets nest viktigste valg...

På laurdag var vi på vigsel i KF Bergen. Eg har berre ein "pinsevigsel" og ein frikyrkjeleg vigsel på samvitet utanom statskyrkja, så vi var spente på korleis dette vart. Vi gjekk altså dit litt for å tilfredsstille den nysgjerrige hjernen min og litt fordi Hans Arne kjenner brudeparet gjennom barne- / ungdomsarbeidet (litt vanskeleg å vite om ein skal definere den alderen som barn eller ungdom...).

Det første som slo meg var at det ikkje skulle så veldig mykje til for å forandre eit heilt vanleg forsamlingslokale til eit storslagent bryllaupslokale. For ei som har vorte utstyrt med andre gåver enn kreativitet på det planet var det imponerande. Verkeleg.

Ettersom klokka nærma seg kjente vi at høgtida senka seg over forsamlinga. Det er noko spesielt med ein vigsel. Når to menneske skal love kvarandre livslang truskap. Då blir ein automatisk litt høgtidsstemt. Til og med i ei karismatisk forsamling der nokon kan føle at det er litt for lite høgtid og "ærefrykt" til vanleg. Det er berre slik. For the record: eg trivast veldig godt slik det er i KF...

Per Arne Gjerde forretta, på ein glimrande og jordnær måte. Han kalla ein spade for ein spade fleire gonger og sa at dette blir ikkje alltid lett. Sjølv om det naturleg nok er fryd og gaman i dag, så består livet av flest kvardagar. Det er der livet blir levd, i kvardagane, saman i heimen. Det er der kjærleiken blir sett på prøve, og det er der vi får bryne oss og slipt oss.

Medan eg sat der og hørte og såg vart eg plutseleg rørt, slik eg overraskande nok blir i dei fleste vigslane eg er i. Eg ser ikkje på meg sjølv som ein lettrørt person, men innser etter kvart at eg kanskje bør revurdere den oppfatninga... I alle fall hadde eg heller ikkje denne gongen med noko som likna på papir til å tørke snørr og tårer, så eg bestemte meg for å bite tennene saman og slutte med slik tull. Men tankane var der enno.

Tankane sa at desse to var heldige. Dei er heldige som har eit så godt utgangspunkt for ekteskapet sitt. Dei er heldige som begge to er grunnfesta i Jesus som sin Herre og frelsar. Dei er begge to solide og reflekterte og har fått "kvardagsundervisning" som vil hjelpe dei til å møte utfordringane som kjem på ein god måte. Tankane gjekk attende til vårt bryllaup. Til vår start på ekteskapet. Vi hadde eit utgangspunkt så himmelvidt frå det desse to har. Tankane førte til bøn. Bøn for brudeparet, for framtida deira og ekteskapet. Og eg vart fyllt av takk til Gud! Takk for at desse to har fått eit så godt utgangspunkt. Takk for at ikkje alle ektepar er nødt til å gå gjennom det vi har gjort, og takk for at eg er gift med Per Edvin!

Det er som Per Arne sa: Det er det nest viktigaste valet eit menneske gjer i livet, nest etter valet om å følgje Jesus eller ikkje. Det er så sant!

lørdag 12. mai 2012

Praksis

Vi har no i to veker vore i praksis på Askøy (utanfor Bergen, for dei som ikkje veit det, he he...). Tenkte det var på tide at de får vite litt om korleis det går. Vi har vore ein del rundt på øya og bedt, og vi har fått stadfesta at Gud har store planer for Askøy! Vi har vore på skulebesøk, på omsorgssenter og på kjøpesenter, og vi har sett at Gud berører menneska som vi (Han) kjem i kontakt med. Berre på desse få dagane har fleire vorte helbreda og fri frå smerter, og tre unge menn har teke imot Jesus som sin Herre og frelsar! Det er så bra! Bibelskulen har hatt eitt team i Bolivia og eitt på Filippinene i tillegg til oss på Askøy, anbefaler å lese elevbloggen til Bergen Bibelskule for meir detaljert oppdatering på alt det gode som skjer! http://bibelelev.wordpress.com/ Som de vil sjå så er det mest eg som har skrevet frå Askøy på den bloggen òg, difor har det ikkje vore så høgt prioritert å skrive her... Enjoy! Gud er god!

onsdag 28. mars 2012

Regn....

Jepp. Tilbake til normalen i Bergen, altså. "Men vi er like bli!!" Vi gler oss til påske og besøk frå Molde. Men først er det påskemusikal med 5.-7. klasse på Kronstad Skole, "Har du hørt det?", i morgon kveld. Hans Arne er med, med litt blanda entusiasme rett nok, men eg trur resultatet blir veldig bra. Skulebandet som opptrådte for ikkje lenge sidan var i alle fall veldig flinke, så eg har trua!

I dag var Jørgen og Anna på besøk med kvar sin klassekamerat, bror og syster, og fekk vere med på "trekonkuranse" der det var om å gjere å gjette kor gamle dei felte trea var. Dei kosa seg!

Til helga skal vi på "gruppeleir" med cellegruppa vår og to grupper til. Det blir veldig kjekt! Vi gler oss til å bli enno betre kjent med dei vi går i gruppe med. Veldig kjekke folk. Cellegruppa hadde forresten tur opp på Ulriken i går kveld, PE var med, og fekk då tur nr 2 opp på same dag. Ikkje verst for ein gamal skrott. He he... Verre med ho som sat att heime begge gongane...

tirsdag 27. mars 2012

Soool!!!

Jepp, vi har sol i Bergen! Vi har hatt sol i alle fall 5 dagar på rad, om ikkje 6... Heilt fantastisk. Uheldigvis så har Jørgen bytta ut det meste av stemma si med ei stygg hoste. Dårleg bytte, forresten, det gjer at vi ikkje kan nyte godversdagane til fulle i og med at han bør halde seg litt meir innandørs enn han eigentleg har lyst til...

Før dei realitetane seig innover oss var vi ein tur på Ulriken. Etter gudstenesten på søndag byta vi sko og traska i veg opp til Ulriksbana, eller kva no den bana heiter. Det er ingen tur opp på Ulriken om vi ikkje tek taubana, skal vite! Men ei dyr glede var det, ja. Uansett kom vi opp på toppen og eg, som den hønemora eg er, tvinga på ungane både fleecejakker og vindtette jakker utanpå. Sist vi var der oppe, i påska i fjor, då bles det så gale at eg trudde eg skulle fryse forderva. Då er det jo innlysande at det er slik bestandig, er det ikkje? Nei. Tydelegvis ikkje. Sola skein frå (nesten) skyfri himmel og ikkje eit vindpust var å sjå (eller kjenne). Før 20 meter var gått måtte mora innrømme at ho var nok litt i overkant ivrig med påkledninga og ungane fekk lov å ta av ei av jakkene. Deilig.

Denne gongen gjekk vi opp på det som eigentleg er Ulriken (etter det eg har hørt...), toppen bak der taubana kjem opp. Som vanleg på fjellet ser det veldig kort ut før turen startar, for så å vise seg at det blir lengre og lengre for kvar kneik ein kjem over. I tillegg er Ulriken eit fjell "alle" går på, på kvar sin sti, så det er veldig vanskeleg å vite kva for ein av dei tusen stiane ein skal vel for å få kortast mogleg tur... Men sola skein og ungane sprang over alle haugar, att og fram og storkosa seg. Enkel søndagsunderhaldning.

Jørgen var i går på spanskkurs saman med dei i klassen som skal til Bolivia i april / mai, og i dag har han gått rundt å sitert spanske gloser og lurt på om eg veit kva det betyr. Smart unge det der! Bibelskulen har i dag vore på fjelltur, bønetur, opp på Ulriken, medan Jørgen og eg har vore her på KF og gjort lekser, sett film (Jørgen, i alle fall), hatt lang lunsj og kost oss stort. Fint ver i dag og, så dei hadde ein super tur opp på Ulriken med lunsj, sang og bøn for Bergen ++ på toppen. Ingen puslete tur med taubane der i garden, forresten! Tøffingane gjekk både opp og ned.

Våren har for alvor grepe tak i oss og vi nyt det i fulle drag. Neste veke er påske, og vi gler oss til påskekonferansen i KF og besøk frå Molde! Desutan er det berre tre månader til vi snur snuten heimover til Molde att for godt, i alle fall i denne omgangen. Tida går litt for fort for meg no, kjenner eg... ;-)

lørdag 24. mars 2012

Full fart!

Vi som trudde vi skulle få eit "avslapningsår" i Bergen... He he... Her er ingen avslapping, nei!
Sidan sist:

1. Vi har vore på "treningsleir" med bibelskulen, fire dagar med arbeid på Gullbotn, leirstaden til KF Bergen. Dei dagane var det måling av dører og veggar, vasking, rydding, matlaging ++++ Det var inspirerande å observere kor tenestevillig alle i klassen er! Vi kjørte ein del opp og ned frå byen, ungane måtte jo på skulen kvar dag, og hentast att når han var ferdig, i tillegg sov eg heime og var "bakvakt" i tilfelle ei venninne trong barnevakt for storesøskena under fødselen...

2. Då desse dagane var over tok vi ei heftig feiring av 9 årsdagen til Jørgen. Vi lånte "Velvet", garasje / hall i lokala til KF. Der er det skaterampe med "tjukkas-madrasser" til å skli på, ballbinge, trampoline og teiknerom. Det var rett og slett genialt. Jørgen hadde invitert heile klassen, 28 stk (!!), men det var "berre" 21 ungar som kom... Med andre ord 24 ungar medrekna våre tre. Vi gjorde ingenting utanom å gje ungane mat og å passe på at dei ikkje skada seg alt for ille... Det endte med berre ei flis i ein fot og ein kul på ei arm, det var i alle fall det eg registrerte. Og eit hav av gåver og pengar til Jørgen, så klart.

3. Forrige helg hadde vi fantastisk besøk av to tanteungar og ein svoger. Dei to gutane kom fredag og var hos oss medan faren var på noko kjedelege styremøtegreier til laurdag formiddag. Laurdagen vart forresten tilbragt på VilVite. Stor suksess. Ikkje at det kom som noko stor overrasking, men det var kjekt at det falt så godt i smak. Det verste var søndagen då dei skulle reise heim att til Molde. Dei ville ikkje reise og våre ville helst bli med. Hmm. Konklusjonen vart at det nok var best for alle å vere hos sine respektive foreldre, dessutan er det berre tre og ein halv månad til vi flyttar heim att! Heldigvis så skjønte alle det og godtok det utan alt for mange tårer. He he...

4. Natt til måndag var eg barnevakt for to spente storesøstre, eller dei vart i alle fall storesøstre på måndag morgon! Veldig enkel oppgåve i grunn, dei sov før eg kom, så eg slapp leggebiten. Dei var våken midt på natta og sette på musikk, eller ho eldste var i alle fall våken, ho minste prøvde å nå fram med "eg vil sove!!!" Om morgonen våkna eg av at dei sette på film klokka halv sju, så eg slapp unna vekkinga og! Heilt greit det. Dei kledte på seg sjølv og syntes det var konge å sitje på i ein annan bil til skule og barnehage. Kjekke jenter. Og ein nydeleg liten bror fekk dei.

5. Onsdag var tida koma for Jørgen å bruke alle pengane han hadde fått til bursdagen sin. Han feira heime i vinterferien og her i forrige veke (med mange gjestar...), så den samla potten var rimeleg stor. De kan vel sjå for dykk at det var ein rimeleg gira 9 åring som var på tur til leikebutikken! Turen endte opp med tre esker "Dino-lego", noko av det nyaste frå Lego, trur eg, ikkje at eg greier å følgje med, eg berre registrerer at ungane snakkar om det. Etter det brukte Jørgen to ettermiddagar på å bygge lego. Og storkosa seg!

6. På torsdag reiste Per Edvin i Skien på tur med halve bibelskuleklassen (det betyr at dei er fem stk på tur, vi er tolv elevar...) og eg er då naturleg nok heime med ungane åleine i tre dagar. Logistikken når slike reiser skal organiserast er til tider ganske interessant. I og med at dei var fem som reiste var dei for mange til å ha i ein bil ut til flyplassen om dei skulle ha med sjåfør til å kjøre bilen attende til byen. Dei brukte difor bilen vår som er 8-setar. Han som skulle kjøre bilen hit att parkerte bilen sin attmed Rema rett over gata her for å sleppe å vente eviglenge på meg og ungane. Han kom nemleg attende frå flyplassen så tidleg at vi ikkje var klar til å gå ut døra. Det var i alle fall plana. Heilt til bilen vart låst med nøklane i tenninga og motoren i gang, og med all bagasjen inni bilen! Beslutninga falt og dei sprang på flyet med det dei sto og gjekk i (eller sprang i...).  No sit det altså fem stk bibelskuleelevar i Skien med nyinnkjøpte tannkostar, og forhåpentlegvis ei truse eller to og eit par strømper. Eg må berre innrømme at eg ikkje kan lat vere å synest at det er litt komisk, i alle fall for meg som sit her med all bagasjen.

Uansett vart resultatet for meg at eg måtte springe med tre ungar og ta bybana til skulen. Ikkje at ungane sørga over det! Utanom VilVite er bybana det desidert artigaste og mest spanande med heile Bergen, i følge våre tre håpefulle. No fekk dei til alt overmål ta bybana til skulen to gonger på ei veke! På måndag var eg som sagt barnevakt og hadde bilen med der. Då var plana at PE skulle ta med ungane på bybana, noko som -as allways- var ein stor suksess. Det vart det denne dagen og. Ein ekstra bonus var at fordi eg ikkje visste kor lang tid vi ville bruke på turen så starta vi tidleg og endte opp med at ungane kom tidlegare på skulen enn på lange tider! -det vil med andre ord sei at dei kom meir enn eitt minutt før klokka ringte...

Om ikkje alt dette var nok så skein sola i heile dag! O lykke! Det er vår! God helg, Guds signing over helga! :-)

tirsdag 25. oktober 2011

Paintball og VilVite

Vi har hatt ei flott helg! På laurdag var Hans Arne (som overnatta på KF i den nye soveposen sin) på gardsbesøk. Der hadde han skutt paintball på bøtteblink, prøvd å besøke eselet (som var ute på beitet...) og grilla på bål i vikingestova på låven (!) - stor stas!

Jørgen, Anna og eg var på VilVite i 5 timar på laurdag, veldig kjekt det òg, sjølv om eg må innrømme at det begrensar seg kor artig eg synes det er etter nokre timar... Men ungane storkosa seg! Vi såg film om nordlyset og 3D film om ein gut og katten hans som flaug gjennom byen (og kloakken!) med jet-pack på ryggen. Artig... PE var heime åleine og kosa seg med oppgåva si. He he...

På søndag var vi på gudsteneste på KF der Yohans tala om "utholdenhet", veldig bra! Etterpå måtte vi ein tur på..... VilVite, sjølvsagt! HA hadde jo ikkje fått vere der dagen før, så det sa seg i grunn sjølv. Ding-ding-- årskorta inntjent!! ;-)

Einaste skåret i gleda var at det vart oppdaga at Anna har fått leigebuarar -igjen! I håret, ja... Lurer på kva det er med Bergen?? Lus tre gonger på to månader?? Og ja, dei var utrydda før dei kom att!! No har vi tatt den primitive, slitsomme, grusomme og VELDIG effektive måten i bruk, vi handplukkar ALLE egg og lus for hand (pussig at handplukking inneber å plukke for hand.....) KVAR DAG! Anna fortener tolmodspremie til slutt, det tek omlag ein time å finkjemme gjennom hårpryden... Ja då, vi har elektrisk lusekam, effektiv den, men berre på lus, ikkje på egg. Dessutan tek det si tid å bruke den òg, i tillegg til at ho må dusje etter kvar gong.

Så det er det vi brukar dagane på! He he... Til helga er første praksishelg og vi skal vere med på Askøya. Ganske spanande, og veldig nytt! Rapport kjem sikkert etter kvart.

Og der var natta igjen, gitt! Rare greier. Den kjem plutseleg - kvar kveld! I morgon skal Arne Skagen undervise, så då blir det vel evangelisering det kjem til å dreie seg om. Blir bra det!

mandag 19. september 2011

Ei ny helg er over...

...innhaldsrik som alltid! Livet er i grunn spanande, vil eg sei. I KF er temaet for hausten "Identitet" og "Identitet i Kristus". Veldig bra forkynnelse, anbefaler å gå inn på heimesidene til KF for å sjekke det ut. Så får du jo vite litt kva vi fyller oss med om dagen... He he... Direktelink til gudstenestene: http://www.kristentfellesskap.no/mediefiler/gudstjenester -men ingen tvang! :-)

Ellers er temaet på skulen 3. Mosebok, som skal vere ferdig lese til torsdag. Eg er pr no ferdig med kapittel 7 (av 27...). Jadda. Eit hav av tid før torsdag! Det er jo så ufatteleg spanande! Har til no fått grundig innføring i dei forskjellige offera og korleis dei skulle bli utført. No begynner innføringa i korleis levittane, "Arons sønner", skulle innviast til prestar. Men, det er faktisk ganske interessant om ein tenker på at alt Gud gav befaling om i ofringane og prestetenesta +++ er bilete på Jesus, livet og offeret hans for oss. Har aldri tenkt slik på det før eg, anna enn at offerlammet symboliserer Jesus som offer for oss. Det er ganske mykje meir symbolikk om du ser etter og veit kva du skal sjå etter.

Var forresten på arbeid i helga, rekk det òg eg! Det var kjekt, og litt stress. Det er ikkje stort anna her enn i Molde, vi spring for å rekke det vi skal og håper at vi får tid til å ete... Men det er kjekke folk som arbeider der og dei er flinke til å ta seg av ein fersking som ikkje veit opp-ned på avdelinga! Fekk forresten vere med å sjå på innleggelse av CVK (sentralt venekateter) i går, sto vel i praksis heilt i ro og holdt pasienten i ro (ja, fysisk holdt pasienten som ikkje var så begeistra for å ligge stille), men eg fekk med meg korleis det vart gjort. Interessant! Ja, eg veit eg er rar! Stakkars legen som gjorde det var så nervøs at han skalv på hendene, trur ikkje han har lagt inn så mange åleine før. Stakk nokre gonger, men fekk det til til slutt. Eg vart imponert over at han ikkje gav opp med ein gong, men han var samtidig fornuftig og sa at "nå stikker jeg en gang til, går det ikke da ringer vi på xxx så får han gjøre det". Gode eigenskapar begge deler.

Til slutt vil eg ikkje anbefale å kjøpe same sort tørketrommel som vi har her. Vi merker at den ikkje er den dyraste, for å seie det slik. Men vi skal berre ha den eitt år, så vi overlever! Vi kan i alle fall legge oss utan å henge opp klede i timesvis først! ;-) God natt!

søndag 28. august 2011

Må berre beklage, ser at blogen forutset at ein har konto (no har eg alt gløymt kva slags konto det er...), eg har ikkje hatt som mål å lure nokon inn i noko de ikkje vil vere med på. Men men. Det er sjølvsagt fortsatt frivillig å lage konto og vere med! Eg hadde tydelegvis ein konto frå før, for eg fekk ikkje beskjed om å opprette ein då eg kom på at dette var ein lugom plass å ha blog.

I dag har vi altså vorte presentert for menigheten (vanskeleg ord dette, har liksom ikkje noko godt nynorsk ord!) i KF Bergen. Det var fort gjort, namn og kvar vi kjem frå, dei ba for oss og så fekk forsamlinga oppfordring om å be for oss gjennom året. Veldig godt å vite at vi har mange forbedarar, det kan ikkje bli for mange.

Anna sette seg forresten rett ned innanfor døra til salen då ho kom til KF i dag. Der sat ho og nytte lovsangen (øving før gudstenesten begynte) lenge, før ho etter kvart begynte å danse, eller i alle fall svinge seg rundt til musikken. Det var tydeleg at det fall i smak!

Det var innsetjing av ny eldste i dag òg, Håkon, veldig godt å vere med på. Fantastisk å få vere vitne til at dei som er og har vore leiarar før omslutta han og kona Eva i bøn. Det var ein omsorg og varme som rørte fleire enn dei som sto der framme. Alle i salen var med og omslutta dei og løfta dei fram for Herren på ein måte som er vanskeleg å beskrive. Det rørte i alle fall meg djupt i hjartet.

Terje Dahle var med, han hadde god og jordnær undervisning om kven vi er i Kristus, at vi må vere livsnære og jordnære samtidig som vi er sett i himmelen hos Gud. Gud har sendt sin Heilage Ande til jorda gjennom oss, difor kan ikkje vi halde det for oss sjølv, vi må ut og dele det vi får frå Gud med menneska rundt oss! Vi må vere tilstade og skape samfunnsendring slik Hans Nielsen Hauge gjorde. Vi må vere villige til å ta korset opp, og forklaringa Terje ga på det er den beste eg har høyrt: Når Guds vilje går i kryss med vår vilje så velger vi Guds vilje. Eg er jo ein person som er god på bilder og fakter, så då Terje illustrerte det med å vise med hendene at Guds vilje går vertikalt og vår vilje går horisontalt (=danna eit "kors".) så sit det som spikra i knollen min! :-)

Etter gudstenesten var vi inviterte på middag til Elise og Marius, vener av Malene og Kjetil. Det var kjekt! Ungane kosa seg med høner og kalkun, minihamster og motorisert ola-bil! Ein kjekk søndag! At alle ungane faktisk åt noko av middagen kan vel strengt tatt bidra ganske mykje til at eg opplevde søndagen som ein kjekk dag. Dessutan meinte Elise og Marius at ungane våre var velopdragne!! Dei sat fint attmed bordet, ja, men eg er litt usikker på om det var fordi dei var usikre og sjenerte på ein ny plass eller om det er oppdragelsen som er god... Sikkert det siste. Godt å sjå at ungane kan oppføre seg når vi er på besøk!

No har Jørgen 38,7 i temp, så det spøker for skuledagen hans og for ein av oss vaksne. Slik er det, men vi reknar med at det gje seg relativt raskt! Gud er god og har ei plan med dette òg...