Eg passar dårleg som «rosa-bloggar». Eg skriv om det som engasjerer meg sterkt nok til å vekke skrivelysta til tross for alle andre prosjekt eg har på gang. Med andre ord veldig uregelmessig og veldig lite populistiske tema. Er særdeles lite opptatt av antall sidevisningar, bortsett frå rett etter at eg har lagt ut eit nytt innlegg.
Viser innlegg med etiketten Helbredelse. Vis alle innlegg

lørdag 12. mai 2012
Praksis
Vi har no i to veker vore i praksis på Askøy (utanfor Bergen, for dei som ikkje veit det, he he...). Tenkte det var på tide at de får vite litt om korleis det går. Vi har vore ein del rundt på øya og bedt, og vi har fått stadfesta at Gud har store planer for Askøy! Vi har vore på skulebesøk, på omsorgssenter og på kjøpesenter, og vi har sett at Gud berører menneska som vi (Han) kjem i kontakt med. Berre på desse få dagane har fleire vorte helbreda og fri frå smerter, og tre unge menn har teke imot Jesus som sin Herre og frelsar! Det er så bra! Bibelskulen har hatt eitt team i Bolivia og eitt på Filippinene i tillegg til oss på Askøy, anbefaler å lese elevbloggen til Bergen Bibelskule for meir detaljert oppdatering på alt det gode som skjer! http://bibelelev.wordpress.com/ Som de vil sjå så er det mest eg som har skrevet frå Askøy på den bloggen òg, difor har det ikkje vore så høgt prioritert å skrive her... Enjoy! Gud er god!
Etiketter:
Askøy,
Helbredelse,
Kristent Fellesskap,
Skule,
Velsigning
lørdag 18. februar 2012
Episode 2: 2012
Etter jul har det skjedd mykje! Vi har hatt siste helga i praksis på Askøy, vore på seminar med Chris Gore frå "Healing Room" i USA, Hans Arne har blitt helbreda, og han har vore på klassefest (!!!) for første gong. Ja, og så har vi vore på leir på Gullbotn med "sentrumsgruppene", Hans Arne har vore på "Race-leir" og forskarkurs, og eg har hatt bursdag og morsdag og vore på "tabuseminar" for jenter.
I tillegg til alt dette har vi starta på det Nye Testamentet og "læren om Gud" på skulen. Vi har så mange spanande dagar! :-) Vi er så takknemlege til Gud for alt vi får vere med på og oppleve. Som om ikkje alt dette var nok, så viser det seg at januar gjekk med overskot! I alle fall for familien Frisvoll i Bergen... Halleluja! Gud er sanneleg god mot oss.
Praksishelga vi hadde på Askøy kan de lese om her: http://bibelelev.wordpress.com/2012/02/09/praksishelg-pa-askoy/
Kva som fangar interessa og pirrar nysgjerrigheita av alt det andre eg ramsa opp veit eg ikkje, men eg kan i alle fall sei at "tabuseminar" er veldig bra! Det var to jenter / kvinner / damer (kva kaller ein eigentleg slike??) på 23 år som hadde konkludert med at det mangla fokus på "sex og sånn" - altså tabu-samtaleemna som vi helst unngår... Så dei gjorde noko med det. Fantastisk! Slikt likar eg. Dei var utruleg flinke og hadde med veldig mange essensielle tema som vi... tja, som vi ikkje så veldig ofte snakkar om, i alle fall... He he... Det heitte ikkje "tabuseminar" for ingenting! :-)
Om det er noko anna av det eg lista opp det er ønska ei nærare utgreiing om, ver venleg å ta kontakt! ;-D Legg att ein kommentar her eller der, så skal de nok få svar! ;-) Det neste som no står på plana er tre dagar med "prekenlære" før vi tek vinterferie om ei veke. Det skal bli godt å treffe att kjente og kjære i Romsdalen! No skal eg legge meg. Det er jamman meg på tide!!

Bergen,
Familie,
Ferie,
Helbredelse,
Molde,
Skule,
Velsigning
søndag 2. oktober 2011
Livet i Bergen...
...går sin gang. Anna har mista tann nr to, veldig stas, særleg fordi det ikkje er nokon andre enn ho som har mista tenner i Bergen! He he... Ho har dessutan begynt på SFO og er stolt av det.
Hans Arne er sjuk og har vore med på skulen vår i fire dagar. Det går veldig greit, han ligg på sofa bakerst i klasserommet og får med seg det meste av undervisninga. Då han eine dagen fekk valget mellom å vere heime og å bli med, kom svaret raskt og klart: han ville bli med oss på skulen. Han er fortsatt ikkje heilt i strøk, så han blir nok med oss i morgon òg. Men så bør det vere slutt, han skal på forskerkurs på Forskerfabrikken på tirsdag, då bør han helst vere frisk!
Jørgen er djupt såra og vonbroten, han har ikkje fått vere med oss på skulen så mange dagar som Hans Arne har! Snakk om feigt! Men han har derimot kjøpt inn julegåva si. Han fekk lovnad på at om han greidde å spare (nesten) halve summen så skulle han få "Lego-Big Ben" til jul. No manglar han 40,- kr, så no står det ei stor pakke med julepapir på oppe på peisen (som vi ikkje har fyr i, nei!). Det er berre det at det er så leeeenge til jul!!
Det store samtaleemnet i heimen no for tida er at det er haustferie. I dag har vi vore på Osterøy på hytta til foreldra til Annveig. Der var det fullt hus og stor gjensynsglede! Det var kjekt. Lenge sidan vi har sett kvarandre no! Malene, Timoteus og Tobias kjem med fly på torsdag og det er stas! Det gler vi oss veldig til, både store og små. Hans Arne skal ta fly åleine til Molde på laurdag for å få ein dag saman med bestekompis Adrian i Molde før Jørgen og Anna kjem oppover med fly på søndag. Dei tek då same flyet som fam. Trondsen. Så skal dei ein dag på Kviltorp, skulen i Molde, før dei fer til besteforeldre, tanter og onklar på ferie. Ikkje kvar dag jubelen står i taket når eg foreslår at dei skal ta ein dag på skulen. Og så til og med i ferien! :-D
Per Edvin og eg kastar inn håndkledet i haustferien. Vi blir her og skriv oppgåver, i alle fall er det tanken... Ikkje lett å få tid til alt likevel når vi er fem som går på skule og skal gjere lekser. Det tok ikkje mange dagane før vi skjønte det... Men vi trivs og har det bra alle, sjølv om Hans Arne og Jørgen synes det er vanskeleg å få vener på skulen. Likevel trur eg dei har det bra, dei har nok veldig godt av at foreldra har betre tid på ettermiddagane, så det veg opp ein del. Dessutan har Gud lova oss at han skal ordne opp, så det trur vi på! Eg har forresten så godt som aldri vondt i hovudet lenger, og nakken og skuldrane er veldig bra dei òg. Eg trur eg er helbreda og takkar Gud for det! Ikkje ein tablett har eg tatt sidan den torsdagen. Det sei litt, det er ikkje lite eg har konsumert opp gjennom åra! All ære til Gud! <3

tirsdag 6. september 2011
7 år i barnehage...
...og skule på Molde utan noko, 12 dagar på skule i Bergen og der var den. Lusa. Hans Arne kjemte Anna og kom og sa at han hadde funne ei lus! Eg har aldri sett lus eg, så eg visste ikkje. Men i håret hennar fann eg egg og dermed var det berre å hoppe i skoa og springe på apoteket, altså den vanvittige distansen av 100 m, for å kjøpe lusemiddel. No er verdens mest ekle greie på plass i håret til Anna for å få vekk dei fire egga eg har funne og håpe på at det var det. 12 timar skal det vere oppi håret. Æsj! Men vondt skal vondt fordrive, er det ikkje slik? Har ikkje sansen for det eg.
I dag har vi - utanom at vi har kverka lus - vore på seminar i Kristkirken. Ein frå USA snakka om tilbedelse og helbredelse og praktiserte begge deler. Ikkje kvardagskost for ein sindig romsdaling det, men du verden kor godt det var å vere med på. For ikkje å snakke om kor godt det gjorde for skuldrane og nakken min! Frå å starte dagen med hovudverk og smerter i nakke og skuldrar er eg no bortimot smertefri og kulane i nakken min er borte! All ære til Gud!
I morgon er ein ny dag med lusemiddel-dusjing før skulestart (!) og nytt seminar i Kristkirken. Ikkje alt eg gler meg like mykje til, he he!

Abonner på:
Innlegg (Atom)