Denne pinsa har vore rå. Vi starta på laurdag med å vere med å sjå på bryllaup, fortsette på søndag med barnevelsigning og på måndag med 2.pinsedagsgudsteneste i KF, før vi avslutta i dag (ja, det kjentes i alle fall ut som helg...) med besøk på hytta til eine læraren vår, med bålbrenning og grilling.
Ungane har kosa seg! Det er fortsatt sol her i Bergen, sjølv om temperaturen nok er på veg ned. Vi kjente at sydentemperaturane var her på søndag, i alle fall! Bunaden var god å ha på 17.mai med 2-3 grader og vind, på søndag var det 20 grader meir og ingen vind... Alle som har prøvd det veit at bunad desidert egnar seg best rundt 10 grader.
Uansett var det artig å vere med på barnevelsigning. Heller ikkje her har eg så veldig lang fartstid, eg har vel vore med på omlag tre stk, vil eg tru. Som observatør, rett nok! No var eg plutseleg midt oppi det og skulle delta på både den eine og den andre måten. Som eg brukar å gjere så hadde eg òg denne gongen sagt "ja då, klart eg kan det!" då eg vart spurt. Men det er ein god ting. Eg får utvida grensene mine, og det er sunt.
Eg hadde det heilt fortreffeleg, for å vere ærleg. Barnevelsigning er ein fantastisk skikk! Når forsamlinga løftar ungen opp til Gud og i fellesskap ber for han og velsignar han, det er flott. Dessutan blir familien inkludert på ein suveren måte, dei blir på same måten som ungen løfta fram for Gud av forsamlinga og bedt for. Herleg.
Etter gudstenesta var det middag og selskap, og vi var inviterte! Stas! Kjekt å treffe att folk eg kjente for... oj... 20 år sidan, +/-... Dei var som før, berre annleis, om du forstår. Finstasen gjekk gradvis over til shorts og bare bein for den yngre garde, for min del krympa både lengda og tjukkelsen på stasen etter som dagen gjekk mot kveld. Deilig!
Vi kjenner no at det nærmar seg slutten av året vårt i Bergen. Det er ganske vemodig. Vi har fått for mange gode vener her omkring til at det kan gå for seg utan ein viss grad av vemod. I dag var det ei i klassen vår som konkluderte med at ho skulle begynne å be om at vi skulle få oss ei billeg hytte på Askøy. Det hørtes i grunn ut som ei god plan!
Eg passar dårleg som «rosa-bloggar». Eg skriv om det som engasjerer meg sterkt nok til å vekke skrivelysta til tross for alle andre prosjekt eg har på gang. Med andre ord veldig uregelmessig og veldig lite populistiske tema. Er særdeles lite opptatt av antall sidevisningar, bortsett frå rett etter at eg har lagt ut eit nytt innlegg.
Viser innlegg med etiketten Askøy. Vis alle innlegg

onsdag 30. mai 2012
Festhelg!
Etiketter:
Askøy,
Bergen,
Familie,
Kristent Fellesskap,
Molde,
Skule,
Velsigning
lørdag 12. mai 2012
Praksis
Vi har no i to veker vore i praksis på Askøy (utanfor Bergen, for dei som ikkje veit det, he he...). Tenkte det var på tide at de får vite litt om korleis det går. Vi har vore ein del rundt på øya og bedt, og vi har fått stadfesta at Gud har store planer for Askøy! Vi har vore på skulebesøk, på omsorgssenter og på kjøpesenter, og vi har sett at Gud berører menneska som vi (Han) kjem i kontakt med. Berre på desse få dagane har fleire vorte helbreda og fri frå smerter, og tre unge menn har teke imot Jesus som sin Herre og frelsar! Det er så bra! Bibelskulen har hatt eitt team i Bolivia og eitt på Filippinene i tillegg til oss på Askøy, anbefaler å lese elevbloggen til Bergen Bibelskule for meir detaljert oppdatering på alt det gode som skjer! http://bibelelev.wordpress.com/ Som de vil sjå så er det mest eg som har skrevet frå Askøy på den bloggen òg, difor har det ikkje vore så høgt prioritert å skrive her... Enjoy! Gud er god!
Etiketter:
Askøy,
Helbredelse,
Kristent Fellesskap,
Skule,
Velsigning
onsdag 2. mai 2012
Vår, hage, minner og alder...
Jepp, det er endeleg eit fakta og ikkje lenger berre ein draum og eit håp. Det er vår!
Og som ganske mange andre her i verda kjenner eg at eg er litt våryr... Veldig udefinerbar følelse å kjenne på, eigentleg, "våryr"... Men eg trur det er det eg må kalle det. Alt eg må gjere blir liksom litt lite viktig, berre fordi det er vår. På eitt eller anna finurleg vis. Hmm...
Uansett så har vi fått nyte godt av finveret som har vore her dei siste dagane. I dag har vi hatt fri alle fem, og var så heldige å bli invitert på grilling hos Margrethe på Askøy. Forresten, om ho inviterte oss, eller om eg gjorde det sjølv, det lurer eg litt på. Uansett hadde vi ein fantastisk dag i sol og vårluft. Dei har nemleg noko ikkje vi har. Hage. Det er ein av dei få tinga eg verkeleg saknar sårt frå huset vårt i Molde. Hagen. Ungane kan ikkje springe ut og inn som dei vil på finversdagane her i Bergen, for vi har ikkje HAGE! Men i dag sprang dei. Og kosa seg. Deilig. Tusen takk til Margrethe!
I helga var vi på Gullbotn saman med ein heilt fantastisk gjeng frå Askøy. Vi er så velsigna at vi får vere med dei i fjorten dagar som ein del av skuleopplegget vårt. Klassen vår er delt i tre, eitt team er i Bolivia, eitt på Filippinene og vi er på eksotiske Askøy. Vi er så heldige som får vere med på det som skjer der ute, dei har hatt ein eksplosiv vinter med fleire nyfrelste kvar veke i periodar. Eg blir heilt stum, dette er ikkje vanleg kost for ein (som før nemt...) sindig romsdaling. Men Gud er god -og er heldigvis ikkje begrensa av mine erfaringar! He he... Det er veldig inspirerande og kjekt å få vere vitne til det Gud gjer blandt sitt folk.
Vi var som sagt med dei i helga på Gullbotn, og Per Edvin og eg fekk lov å prøve oss på litt undervisning på laurdag. Veldig spanande og veldig artig! Eg må innrømme at eg koste meg litt, faktisk. Eg er veldig klar over at då eg var lita var det to ting eg tydeleg sa frå om at eg ikkje skulle bli når eg vart stor, nemleg sjukepleiar og lærar. No er det snart 13 år sidan eg var ferdig utdanna sjukepleiar, og no kan eg nesten ikkje vente på å få begynne å undervise! Ja ja, det er nok ikkje berre dette eg har endra oppfatning om etter som åra har gått, kan eg tenke meg. Heldigvis.
Etter at helga på Gullbotn var ferdig på søndag, kom eg på den fantastiske ideen om å kjøre til Norheimsund og Framnes, berre for å sjå. Det er berre 40 min å kjøre frå Gullbotn, så det var jo berre rundt neste sving, på ein måte. For dei som ikkje veit det så gjekk eg på Framnes i den tida det var folkehøgskule. For lenge sidan, med andre ord. Så lenge sidan at det for nokre veker sidan kom invitasjon til jubileum i juni... Smarte hjerner greier sikkert å tenke seg fram til at sidan eg har ein gut som snart er 12 år, så er det ikkje 10 års jubileum, og sidan det sjeldan blir arrangert 15 års jubileum, så må det vere... Jepp. Det er 20 års jubileum. Faktisk. Oj, oj, oj. Tida går visst litt for fort!
Men uansett så var det kjekt å sjå att skulen. Det har sjølvsagt forandra seg ein god del på 20 år, men det har jo eg òg, så det må vel vere greit. Kanskje. Hadde vore fint om alt var som før, eller? At tida hadde stått stille og eg kunne innbille meg at eg var 16-17 år igjen? Nei. Eg har for lenge sidan konkludert med at eg er glad for at eg ikkje er tenåring lenger. Sjølv om livet ikkje alltid har vore A4 så er eg så fantastisk mykje rikare no enn for 20 år sidan. Eg har ein uvurderleg, gullande god mann og tre umistelege ungar som eg elskar over alt på jord. Kvifor skal eg då ønske at eg var 17 år?? 22 år, derimot... ;-)

alder,
Askøy,
Bilkjøring,
Familie,
Gullbotn,
Velsigning
lørdag 18. februar 2012
Episode 2: 2012
Etter jul har det skjedd mykje! Vi har hatt siste helga i praksis på Askøy, vore på seminar med Chris Gore frå "Healing Room" i USA, Hans Arne har blitt helbreda, og han har vore på klassefest (!!!) for første gong. Ja, og så har vi vore på leir på Gullbotn med "sentrumsgruppene", Hans Arne har vore på "Race-leir" og forskarkurs, og eg har hatt bursdag og morsdag og vore på "tabuseminar" for jenter.
I tillegg til alt dette har vi starta på det Nye Testamentet og "læren om Gud" på skulen. Vi har så mange spanande dagar! :-) Vi er så takknemlege til Gud for alt vi får vere med på og oppleve. Som om ikkje alt dette var nok, så viser det seg at januar gjekk med overskot! I alle fall for familien Frisvoll i Bergen... Halleluja! Gud er sanneleg god mot oss.
Praksishelga vi hadde på Askøy kan de lese om her: http://bibelelev.wordpress.com/2012/02/09/praksishelg-pa-askoy/
Kva som fangar interessa og pirrar nysgjerrigheita av alt det andre eg ramsa opp veit eg ikkje, men eg kan i alle fall sei at "tabuseminar" er veldig bra! Det var to jenter / kvinner / damer (kva kaller ein eigentleg slike??) på 23 år som hadde konkludert med at det mangla fokus på "sex og sånn" - altså tabu-samtaleemna som vi helst unngår... Så dei gjorde noko med det. Fantastisk! Slikt likar eg. Dei var utruleg flinke og hadde med veldig mange essensielle tema som vi... tja, som vi ikkje så veldig ofte snakkar om, i alle fall... He he... Det heitte ikkje "tabuseminar" for ingenting! :-)
Om det er noko anna av det eg lista opp det er ønska ei nærare utgreiing om, ver venleg å ta kontakt! ;-D Legg att ein kommentar her eller der, så skal de nok få svar! ;-) Det neste som no står på plana er tre dagar med "prekenlære" før vi tek vinterferie om ei veke. Det skal bli godt å treffe att kjente og kjære i Romsdalen! No skal eg legge meg. Det er jamman meg på tide!!

Ferie,
Helbredelse,
Molde,
Skule,
Velsigning
mandag 31. oktober 2011
Er forvirra!
Det er visst ikkje alt ein skal forstå... Eg les 31.okt på kalenderen i dag, noko som for meg betyr ullunderklede, skjerf i halsen, fleesjakke, støvlettar, vindtett jakke +++ når eg skal ut. (Ja, eg er frossen av meg, ja!) Men når eg kom ut?? Jau, då var det direkte varmt! No viser gradstokken utanfor stovevindauget 14 grader, kl 20.43!! (På baksida viser rett nok den digitale målaren 11,9 grader, men...) No veit eg ikkje kva eg skal tru. For eit par dagar sidan frykta eg for at det skulle vere frost på frontruta morgonen etter! He he... Ja, for ikkje å snakke om julestemninga som kom krypande her ein morgon då vi småsprang bort til bilen, i småregn og småkald vind i mørket... Ikkje det at eg klager, altså! På ingen måte! Eg er berre glad til for litt varme, ikkje akkurat skjemt vekk med det i sommar!
I helga var det "teamhelg" på bibelskulen. Halve klassen reiste til Skien og resten av oss (les: gamlingane...) tok turen til Askøy. På fredag og laurdag var i på eit kjøpesenter der ute og ba og snakka med folk, ei lita barriere som måtte brytast der, ja... I går var vi med på møtet i KF på Askøya og vart litt meir kjent med dei som er med der. Kjekt. Vi skal ha tre helger til der ute, så det blir nok både fleire barrierer som må brytast og utfordringar som må løysast før det prosjektet er over! ;-)
Den første oppgåva vår skal leverast på torsdag. Litt usikker på kvifor fristen vart utsett tre dagar, men tida kjem godt med! Ifølge PE, i alle fall...
I dag mota vi oss opp til å ha samtale med læraren til Jørgen (i grunn fort gjort å mote seg opp til det...), berre for å oppdage at det er neste måndag samtalen skal vere. Heldigvis oppdaga vi det eit kvarter før og ikkje når vi sto og etterlyste læraren! Anna har fått lekser fleire dagar enn torsdagane. Skrekk og gru, tenkte eg, men ho kom heim frå skulen og forkynte gledesstrålande (ja, faktisk!) at ho hadde lekser ho måtte gjere i dag, fann fram leksa og gjorde den på 1-2-3! Slikt varmar eit mamma-hjarte! Reknar med at det fortset slik i 15-20 år! He he...

tirsdag 25. oktober 2011
Paintball og VilVite
Vi har hatt ei flott helg! På laurdag var Hans Arne (som overnatta på KF i den nye soveposen sin) på gardsbesøk. Der hadde han skutt paintball på bøtteblink, prøvd å besøke eselet (som var ute på beitet...) og grilla på bål i vikingestova på låven (!) - stor stas!
Jørgen, Anna og eg var på VilVite i 5 timar på laurdag, veldig kjekt det òg, sjølv om eg må innrømme at det begrensar seg kor artig eg synes det er etter nokre timar... Men ungane storkosa seg! Vi såg film om nordlyset og 3D film om ein gut og katten hans som flaug gjennom byen (og kloakken!) med jet-pack på ryggen. Artig... PE var heime åleine og kosa seg med oppgåva si. He he...
På søndag var vi på gudsteneste på KF der Yohans tala om "utholdenhet", veldig bra! Etterpå måtte vi ein tur på..... VilVite, sjølvsagt! HA hadde jo ikkje fått vere der dagen før, så det sa seg i grunn sjølv. Ding-ding-- årskorta inntjent!! ;-)
Einaste skåret i gleda var at det vart oppdaga at Anna har fått leigebuarar -igjen! I håret, ja... Lurer på kva det er med Bergen?? Lus tre gonger på to månader?? Og ja, dei var utrydda før dei kom att!! No har vi tatt den primitive, slitsomme, grusomme og VELDIG effektive måten i bruk, vi handplukkar ALLE egg og lus for hand (pussig at handplukking inneber å plukke for hand.....) KVAR DAG! Anna fortener tolmodspremie til slutt, det tek omlag ein time å finkjemme gjennom hårpryden... Ja då, vi har elektrisk lusekam, effektiv den, men berre på lus, ikkje på egg. Dessutan tek det si tid å bruke den òg, i tillegg til at ho må dusje etter kvar gong.
Så det er det vi brukar dagane på! He he... Til helga er første praksishelg og vi skal vere med på Askøya. Ganske spanande, og veldig nytt! Rapport kjem sikkert etter kvart.
Og der var natta igjen, gitt! Rare greier. Den kjem plutseleg - kvar kveld! I morgon skal Arne Skagen undervise, så då blir det vel evangelisering det kjem til å dreie seg om. Blir bra det!

mandag 12. september 2011
Ei helg går fort!
Store planer om å skrive og å legge ut bilder forsvinn i natta... Vi får ta det igjen. He he....særlig! Må berre nemne at vi i går var vi på Fløyen, kjørte med Fløibanen og handla souvenir i den billige kiosken på toppen...
I dag var vi på besøk hos Margrethe på Askøya. Det var så kjekt! Vi har omtrent ikkje snakka saman på 11 år, likevel gjekk det ikkje 10 min før vi var inne i djupe samtalar, både om åndelege spørsmål og andre kjekke emner. Ungane hadde det fantastisk og Anna var veldig begeistra for å treffe namnesøstra si Anna Rebecca som er 10 dagar yngre enn ho. Stor suksess som må gjentakast, gjerne ein gong Michael ikkje er i Huston...
Glad for å vere nærare Margrethe! :-)

Abonner på:
Innlegg (Atom)