tirsdag 26. juni 2012

Reunion...

I helga var eg med på noko eg aldri har vore med på før. 20 årsjubileum! Ja, eg er så gamal. Tru det eller ei! He he... Jau då, 20 årsjubileum på Framnes Folkehøgskule, som det heitte då. No er det visst vidaregåande, og berre det gjer at alt blir litt rart. Men etter det eg forstår så går skulen godt som vidaregåande, så då får det berre stå si prøve at eg synest det er rart.

Vi var ikkje så mange, men vi som var der hadde det veldig kjekt! Vi fekk til og med sjå film frå revyen vi i musikklassa laga. Du store mi tid så flinke vi var! For ein gjeng med 16-20 åringar var vi rett proffe. Læraren som sto i spissen var ikkje meir enn 26 år han heller. Eg mistar litt munn og mæle av slikt. For ikkje å snakke om kor mange flotte hårsveisar og klede som dukka opp, det er i seg sjølv grunn god nok til å miste det meste...

Eg må innrømme at det sit litt langt inne å innrømme at det er 20 år sidan eg gjekk der. Det slo meg der eg sat: "Er eg på same alder som desse?? Då er må jo eg vere vaksen eg òg!!" Men eg ser det tydeleg, eg gjer nok det. Eg har ikkje eit "ungpike-ansikt", slik eg hadde då. Dei lyse, lange og krøllete lokkane er borte òg. Eg kan ikkje skryte av eit rynkefritt ansikt, heller ikkje av eit hår utan eitt og anna grått strå her og der (-når eg ikkje fargar det...). Det blir på ein måte vanskeleg å bortforklare alt dette når eg står ansikt til ansikt med "fortida" i form av skulevener frå 20 år attende.



Men eg har mykje no som eg ikkje hadde då. For eksempel ein fantastisk mann og flotte ungar og ei god utdanning. 20 år med erfaringar og (forhåpentlegvis) visdom. -og no ser eg plutseleg at alt dette ikkje hadde betydd så veldig mykje for meg for 20 år sidan. I alle fall biten med erfaringar og visdom. Det synes eg å erindre var assosiert med å vere gamal. "Gamal og vis". Hmm... Det får vere det same, eg har konkludert med det før, og gjer det igjen. Eg er glad for at eg ikkje er 16 år lenger, så får det berre vere at dei som faktisk er 16 år ser på meg som gamal. Så det så.

lørdag 23. juni 2012

Nostalgi...

Trur eg er i det nostalgiske hjørnet i dag... Søndag for ei veke sidan hadde vi avslutning på bibelskulen. (Beste festen svigerfar min hadde vore på på lange tider, forresten...) Det var ein fantastisk fest der både lærarane og elevane vart æra for innsats og framgang. Vi visste jo alle at året ville ta slutt, men ikkje så fort! Som de ser så er vi ikkje mange, men kvaliteten overgår kvantiteten i lange baner. Det kan for så vidt sjå ut til at vi ikkje er heilt gode i toppen heller, men kva kan ein forvente etter eit år på skule i Bergen?? He he...

Fantastiske folk, alle som ein, både lærarar og medstudentar. Dei har alle lært meg noko nytt, dei har gitt av seg sjølv og inspirert meg og dei andre i klassen. Eg har fått nye vener, vener eg er sikker på eg møter att, før eller seinare, sjølv om vi flyttar heim til Molde om ei veke. Per Edvin og eg er utruleg takknemlege for å ha fått vere ein del av denne gjengen, og ikkje minst for at dei har teke imot både oss (gamlingane...) og ungane våre på ein så flott måte. Ungane våre beundrar stort både klassen og lærarane, og dei i klassen har vore gode eksempel og førebilete for dei. Eg håper at eg ein dag er mor til ungdommar som liknar dei eg har gått på skule saman med i vinter!

Det som var mest forunderleg med avslutningsfesten var at det ikkje vart noko store "sippe-scener", men som ein av medstudentane mine sa: "Eg veit kvar alle er på veg. Eg lurer ikkje på om det vil gå bra med dei, eller om eg kjem til å få høyre frå dei eller om dei, for eg er sikker på at det kjem eg til å gjere. Så eg er ikkje så trist heller." Ein vis mann. Og eg er heilt einig. Eg veit at Gud har store planer for kvar einaste ein, og eg veit at alle saman har eit djupt ønske om å gjere det Guds kallar dei til, så eg er heller ikkje trist. Ikkje på den måten. Sjølvsagt er det trist at vi ikkje kjem til å treffast kvar dag, vi er jo vande med det no, men... Skjønar de kva eg prøvar å sei?


Frå barnemunn (8)

Hans Arne forkynte i dag at han kom nok til å sakne Bergen. Han hadde blitt vant til lufta her etter å ha budd her i eit heilt år! I og med at lufta her er så fuktig i forhold til lufta i Molde (!!) så er det lettare å løpe her òg, for han blir ikkje så tørr i munnen og lungene. Så det så.

onsdag 30. mai 2012

Festhelg!

Denne pinsa har vore rå. Vi starta på laurdag med å vere med å sjå på bryllaup, fortsette på søndag med barnevelsigning og på måndag med 2.pinsedagsgudsteneste i KF, før vi avslutta i dag (ja, det kjentes i alle fall ut som helg...) med besøk på hytta til eine læraren vår, med bålbrenning og grilling.

Ungane har kosa seg! Det er fortsatt sol her i Bergen, sjølv om temperaturen nok er på veg ned. Vi kjente at sydentemperaturane var her på søndag, i alle fall! Bunaden var god å ha på 17.mai med 2-3 grader og vind, på søndag var det 20 grader meir og ingen vind... Alle som har prøvd det veit at bunad desidert egnar seg best rundt 10 grader.

Uansett var det artig å vere med på barnevelsigning. Heller ikkje her har eg så veldig lang fartstid, eg har vel vore med på omlag tre stk, vil eg tru. Som observatør, rett nok! No var eg plutseleg midt oppi det og skulle delta på både den eine og den andre måten. Som eg brukar å gjere så hadde eg òg denne gongen sagt "ja då, klart eg kan det!" då eg vart spurt. Men det er ein god ting. Eg får utvida grensene mine, og det er sunt.

Eg hadde det heilt fortreffeleg, for å vere ærleg. Barnevelsigning er ein fantastisk skikk! Når forsamlinga løftar ungen opp til Gud og i fellesskap ber for han og velsignar han, det er flott. Dessutan blir familien inkludert på ein suveren måte, dei blir på same måten som ungen løfta fram for Gud av forsamlinga og bedt for. Herleg.

Etter gudstenesta var det middag og selskap, og vi var inviterte! Stas! Kjekt å treffe att folk eg kjente for... oj... 20 år sidan, +/-... Dei var som før, berre annleis, om du forstår. Finstasen gjekk gradvis over til shorts og bare bein for den yngre garde, for min del krympa både lengda og tjukkelsen på stasen etter som dagen gjekk mot kveld. Deilig!

Vi kjenner no at det nærmar seg slutten av året vårt i Bergen. Det er ganske vemodig. Vi har fått for mange gode vener her omkring til at det kan gå for seg utan ein viss grad av vemod. I dag var det ei i klassen vår som konkluderte med at ho skulle begynne å be om at vi skulle få oss ei billeg hytte på Askøy. Det hørtes i grunn ut som ei god plan!

tirsdag 29. mai 2012

Pinse

Pinsa er artig. Det er den høgtida eg likar best av alle høgtidene vi har, trur eg. Ikkje det at det ikkje var stort at Jesus kom til jorda, eller at han døydde og sto opp att. For all del! Utan det hadde vi ikkje hatt noko å tru på, så det er viktige høgtider å markere. Men likevel. Det er noko spesielt med pinsa. Eg har tenkt ein god del på dette dei siste månadane. Eller åra, kanskje? Litt vanskeleg å sei.

I påska skjedde det som gjer at vi har ein bodskap å gå ut med. I pinsa skjedde det som gjer at vi tørr å snakke med andre om det. Den Heilage Ande kom til jorda! Berre lyden var "like the roaring of a mighty windstorm"! Det sei litt om kor kraftig og mektig han er. Og han bur i oss. Jesus sa at han skulle sende kraft frå himmelen over læresveinane sine, og vi har del i det same som dei. Tenk på det. I oss bur den same Heilage Ande som budde i Peter, Paulus, Johannes, Stefanus +++ - og den same Anden som budde i Jesus då han gjekk omkring på jorda. Wow!

Frå barnemunn (7)

Samtale i bilen om framtida...
Anna: "Jamen, jeg vil bo sammen med deg på ekte!"
Hans Arne: "Jada, viss kona mi syns de e greit så."

mandag 28. mai 2012

Livets nest viktigste valg...

På laurdag var vi på vigsel i KF Bergen. Eg har berre ein "pinsevigsel" og ein frikyrkjeleg vigsel på samvitet utanom statskyrkja, så vi var spente på korleis dette vart. Vi gjekk altså dit litt for å tilfredsstille den nysgjerrige hjernen min og litt fordi Hans Arne kjenner brudeparet gjennom barne- / ungdomsarbeidet (litt vanskeleg å vite om ein skal definere den alderen som barn eller ungdom...).

Det første som slo meg var at det ikkje skulle så veldig mykje til for å forandre eit heilt vanleg forsamlingslokale til eit storslagent bryllaupslokale. For ei som har vorte utstyrt med andre gåver enn kreativitet på det planet var det imponerande. Verkeleg.

Ettersom klokka nærma seg kjente vi at høgtida senka seg over forsamlinga. Det er noko spesielt med ein vigsel. Når to menneske skal love kvarandre livslang truskap. Då blir ein automatisk litt høgtidsstemt. Til og med i ei karismatisk forsamling der nokon kan føle at det er litt for lite høgtid og "ærefrykt" til vanleg. Det er berre slik. For the record: eg trivast veldig godt slik det er i KF...

Per Arne Gjerde forretta, på ein glimrande og jordnær måte. Han kalla ein spade for ein spade fleire gonger og sa at dette blir ikkje alltid lett. Sjølv om det naturleg nok er fryd og gaman i dag, så består livet av flest kvardagar. Det er der livet blir levd, i kvardagane, saman i heimen. Det er der kjærleiken blir sett på prøve, og det er der vi får bryne oss og slipt oss.

Medan eg sat der og hørte og såg vart eg plutseleg rørt, slik eg overraskande nok blir i dei fleste vigslane eg er i. Eg ser ikkje på meg sjølv som ein lettrørt person, men innser etter kvart at eg kanskje bør revurdere den oppfatninga... I alle fall hadde eg heller ikkje denne gongen med noko som likna på papir til å tørke snørr og tårer, så eg bestemte meg for å bite tennene saman og slutte med slik tull. Men tankane var der enno.

Tankane sa at desse to var heldige. Dei er heldige som har eit så godt utgangspunkt for ekteskapet sitt. Dei er heldige som begge to er grunnfesta i Jesus som sin Herre og frelsar. Dei er begge to solide og reflekterte og har fått "kvardagsundervisning" som vil hjelpe dei til å møte utfordringane som kjem på ein god måte. Tankane gjekk attende til vårt bryllaup. Til vår start på ekteskapet. Vi hadde eit utgangspunkt så himmelvidt frå det desse to har. Tankane førte til bøn. Bøn for brudeparet, for framtida deira og ekteskapet. Og eg vart fyllt av takk til Gud! Takk for at desse to har fått eit så godt utgangspunkt. Takk for at ikkje alle ektepar er nødt til å gå gjennom det vi har gjort, og takk for at eg er gift med Per Edvin!

Det er som Per Arne sa: Det er det nest viktigaste valet eit menneske gjer i livet, nest etter valet om å følgje Jesus eller ikkje. Det er så sant!

lørdag 12. mai 2012

Høgtlesing

Den nye sporten i heimen. For mor, i alle fall. Vi har i løpet av vinteren vore gjennom alle sju Narniabøkene, to gonger. Ja, for Hans Arne og Jørgen starta sjølvsagt ikkje samtidig, skal vite! Men eg kan ikkje skryte på meg å ha lese 799 sider høgt to gonger, for målet var at dei skulle lese sjølv... Hans Arne gjorde nok grovarbeidet sjølv, og fekk høgtlesing innimellom som belønning. Jørgen vil eg påstå las over halvparten sjølv han òg, ikkje verst for ein tredjeklassing!

No har mora blitt bitt av "kjøpe bøker-basillen", så no har ho vore på shopping både på nettet og i bokhandlar i byen. Ja, fortsatt Bergen. Eg greier faktisk å finne fram i sentrum om eg absolutt vil. -og viss eg berre ikkje rotar meg så langt vekk at eg ikkje veit kvar Grieghallen, endestasjonen til bybana og Fløibana er. Då greier eg meg bra. Eg veit dessutan kvar "den blå steinen" og Dolly Dimples er, så då er eg berga. Tør til og med å kjøre inn til sentrum med bil - utan mann og GPS! He he. Når ingen andre skryt, så må eg gjere det sjølv!

Men altså. Ungane fekk låne Jules Verne av Margrethe, og Jørgen er godt i gang med "En verdensomseiling under havet" og Hans Arne med "En reise til jordens indre". Eg hadde ein runde på nettet, eigentleg for å sjå om eg fann Jules Verne, men enda opp med noko heilt anna. "En liten prinsesse", "Den hemmelige hagen" og "Lille lord Fauntleroy" kan vel knapt kallast fengande for gutar på Hans Arne og Jørgen sin alder? Det fenga vel mest mora. Jørgen (stakkar) var med inn til sentrum ein dag, og då kom eg på den lyse idèen om at det kanskje var Jules Verne på ein vanleg bokhandel. For ganske ofte har dei bøker i butikkane som ikkje går an å få tak i på nettet! Eller... Etter tre-fire bokhandlar begynte nok entusiasmen å dale litt i den yngre generasjonen (det var ein god porsjon entusiasme då vi starta runden, faktisk), medan eg hadde fått blod på tann. Det vart ikkje noko Jules Verne, men derimot "Huck Finn og eventyra hans" og "Skatten på Sjørøverøya". Vil tru dei fell i betre jord hos jr og jr. Den første boka er på nynorsk, men i følge Jørgen går visst det "heeiilt fiint"! Eit aldri så lite "Yesss!!" må eg innrøme kom for meg, inni hjernen min, men time will show...

Anna fekk derimot æra av å velge seg ei bok av dei tre tidlegare nemnte bøkene som fenga mora, og pussig nok fall valet på den boka som var raud, med rosa prinsessekroner på og tittelen "En liten prinsesse"! Shocking! Den største utfordringa der i garden er korleis ein skal forklare ord som "indignert", "forlegen", "bekjentskap" og at rektoren har eit "horn i siden" til stjerneeleven. Konklusjonen første kvelden var at vi var glade for at vi ikkje måtte sende vår (snart) sjuåring på kostskule på andre sida av jorda. Anna forkynte at ho alltid skal gå på skulen som er nærast oss slik at ho kan bu heime. Vi får håpe at det ikkje skjer...

Fordelen med å lese for Anna er at eg får lese heile boka, i samanheng. Fordelen med dei to andre er at eg kan seie at eg ikkje har tid, dei får lese sjølv. Bakdelen er at den første versjonen fører til mykje høgtlesing (=oppbrukt stemme, som faktisk er ei ganske god unnskyldning når du synest du har lese nok. Berre prøv.). Bakdelen med den andre er at eg berre får lese kvart andre-tredje kapittel i bøkene (=samanheng?). Målet er uansett at dei skal bli glad i å lese, og det trur eg er oppnådd. I alle fall med dei to eldste. Trur eg. God bok!

Praksis

Vi har no i to veker vore i praksis på Askøy (utanfor Bergen, for dei som ikkje veit det, he he...). Tenkte det var på tide at de får vite litt om korleis det går. Vi har vore ein del rundt på øya og bedt, og vi har fått stadfesta at Gud har store planer for Askøy! Vi har vore på skulebesøk, på omsorgssenter og på kjøpesenter, og vi har sett at Gud berører menneska som vi (Han) kjem i kontakt med. Berre på desse få dagane har fleire vorte helbreda og fri frå smerter, og tre unge menn har teke imot Jesus som sin Herre og frelsar! Det er så bra! Bibelskulen har hatt eitt team i Bolivia og eitt på Filippinene i tillegg til oss på Askøy, anbefaler å lese elevbloggen til Bergen Bibelskule for meir detaljert oppdatering på alt det gode som skjer! http://bibelelev.wordpress.com/ Som de vil sjå så er det mest eg som har skrevet frå Askøy på den bloggen òg, difor har det ikkje vore så høgt prioritert å skrive her... Enjoy! Gud er god!

tirsdag 8. mai 2012

Hetetokter??

Dei siste 20 åra har alderen min steget frå 25 til 30 år når nokon skal gjette på alderen min. Om dei då ikkje går systematisk til verks og begynner å rekne på alderen til ungane eller benyttar seg av andre måtar å jukse på. No begynner eg likevel for alvor å tvile på om eg ser så ung ut som eg gjerne vil tru. På søndag vart temperaturen for ein gongs skuld litt over middels, så eg tok av meg jakka og gjekk i korte ermer. Rett nok var dette inne i eit lokale med 100-150 menneske. Eg hadde dessutan ullstilongs og tre lag med singlet / toppar på meg sjølv om eg ranga jakka av, men eg såg sikkert ut til å vere veldig varm.

"Å ja, du blir sånn varm innimellom du òg." var det ei som sa til meg. Eg nikka for å bekrefte at ja, eg blir av og til så varm at eg kan gå i korte ermer. "Ja, eg har hatt sånne hetetokter i over 8 år, men no begynner det å gi seg." sa ho. What to say...

Oppgradering...

Ja, lat oss kalle det oppgradering. Eller justering? I alle fall har eg endra namn på bloggen. Men det såg de sikkert... He he. Uansett så er det fortsett eg som skriv meir eller mindre vettuge innlegg om alt det rare vi kjem på å gjere og sei.

søndag 6. mai 2012

Småbarnsfamilie og butikkdrift

I familien Frisvoll har vi det for tida særdeles travelt. Vi driv butikk. Eller, det er vel strengt tatt Jørgen som driv butikken, han er butikksjef, eller adm. dir., kanskje? Høres enno meir flott ut det, i grunn. Han er ein veldig omgjengeleg og flott sjef, vil eg sei. Han deler all inntekt på tre, slik at både han, Anna (som er produktdesignar, innovativ medarbeidar og selgar) og Hans Arne (som er konsulent og selgar) får like mykje løn uansett innsats. Imponerande. Han er veldig oppteken av at alt skal vere rettferdig, men eg trur at eg hadde hatt eit anna syn på kva som er rettferdig lønsdeling i denne situasjonen...


Butikken heiter Angen, etter ANna og JørGEN, med tydeleg G, vel å merke. På opningsdagen, for to veker sidan, var det loddsal med påfølgande trekning, og eg vann! Eg må dessverre med skam innrøme at eg enno ikkje har henta premien min, to valfrie varer frå eine veggen i butikken, noko eg til stadig får høyre. "Korti ska du ringe med bjella for å komme og få premien din, mamma?" Lurer på korleis eg skal få sagt at det er begrensa kor attraktivt utvalet i butikken er? Det er vel eigentleg ikkje noko ei god mor seier, er det vel?

No har varesortementet rett nok vorte utvida dei siste dagane. Jørgen har laga arbeidshefter og teikneseriehefter, sirleg kopiert frå Donald-blad og diverse aktivitetshefter. Forresten, om du treng ein fargekopi av noko - ikkje kom hit. All farga i printaren er brukt opp... Bestillinga som eg har inne, og har betalt for, har eg enno ikkje fått, for vi har gløymt å kjøpe tape. Som de kanskje forstår så er inntektene i butikken rein nettoinntekt for gründaren Jørgen og medarbeidarane hans. Uansett så har dei, særleg Jørgen, noko å halde seg i ånde med, og det er jo bra i desse maidagane - som minner mest om november...

Eg får vel ta meg ein tur i butikken i morgon og hente premien min. Lurer på om eg skal ta heimelaga bursdagskort, teikneseriehefte, julepynt, eller eit bilete, kanskje?

onsdag 2. mai 2012

Vår, hage, minner og alder...

Jepp, det er endeleg eit fakta og ikkje lenger berre ein draum og eit håp. Det er vår!

Og som ganske mange andre her i verda kjenner eg at eg er litt våryr... Veldig udefinerbar følelse å kjenne på, eigentleg, "våryr"... Men eg trur det er det eg må kalle det. Alt eg må gjere blir liksom litt lite viktig, berre fordi det er vår. På eitt eller anna finurleg vis. Hmm...

Uansett så har vi fått nyte godt av finveret som har vore her dei siste dagane. I dag har vi hatt fri alle fem, og var så heldige å bli invitert på grilling hos Margrethe på Askøy. Forresten, om ho inviterte oss, eller om eg gjorde det sjølv, det lurer eg litt på. Uansett hadde vi ein fantastisk dag i sol og vårluft. Dei har nemleg noko ikkje vi har. Hage. Det er ein av dei få tinga eg verkeleg saknar sårt frå huset vårt i Molde. Hagen. Ungane kan ikkje springe ut og inn som dei vil på finversdagane her i Bergen, for vi har ikkje HAGE! Men i dag sprang dei. Og kosa seg. Deilig. Tusen takk til Margrethe!

I helga var vi på Gullbotn saman med ein heilt fantastisk gjeng frå Askøy. Vi er så velsigna at vi får vere med dei i fjorten dagar som ein del av skuleopplegget vårt. Klassen vår er delt i tre, eitt team er i Bolivia, eitt på Filippinene og vi er på eksotiske Askøy. Vi er så heldige som får vere med på det som skjer der ute, dei har hatt ein eksplosiv vinter med fleire nyfrelste kvar veke i periodar. Eg blir heilt stum, dette er ikkje vanleg kost for ein (som før nemt...) sindig romsdaling. Men Gud er god -og er heldigvis ikkje begrensa av mine erfaringar! He he... Det er veldig inspirerande og kjekt å få vere vitne til det Gud gjer blandt sitt folk.

Vi var som sagt med dei i helga på Gullbotn, og Per Edvin og eg fekk lov å prøve oss på litt undervisning på laurdag. Veldig spanande og veldig artig! Eg må innrømme at eg koste meg litt, faktisk. Eg er veldig klar over at då eg var lita var det to ting eg tydeleg sa frå om at eg ikkje skulle bli når eg vart stor, nemleg sjukepleiar og lærar. No er det snart 13 år sidan eg var ferdig utdanna sjukepleiar, og no kan eg nesten ikkje vente på å få begynne å undervise! Ja ja, det er nok ikkje berre dette eg har endra oppfatning om etter som åra har gått, kan eg tenke meg. Heldigvis.

Etter at helga på Gullbotn var ferdig på søndag, kom eg på den fantastiske ideen om å kjøre til Norheimsund og Framnes, berre for å sjå. Det er berre 40 min å kjøre frå Gullbotn, så det var jo berre rundt neste sving, på ein måte. For dei som ikkje veit det så gjekk eg på Framnes i den tida det var folkehøgskule. For lenge sidan, med andre ord. Så lenge sidan at det for nokre veker sidan kom invitasjon til jubileum i juni... Smarte hjerner greier sikkert å tenke seg fram til at sidan eg har ein gut som snart er 12 år, så er det ikkje 10 års jubileum, og sidan det sjeldan blir arrangert 15 års jubileum, så må det vere... Jepp. Det er 20 års jubileum. Faktisk. Oj, oj, oj. Tida går visst litt for fort!

Men uansett så var det kjekt å sjå att skulen. Det har sjølvsagt forandra seg ein god del på 20 år, men det har jo eg òg, så det må vel vere greit. Kanskje. Hadde vore fint om alt var som før, eller? At tida hadde stått stille og eg kunne innbille meg at eg var 16-17 år igjen? Nei. Eg har for lenge sidan konkludert med at eg er glad for at eg ikkje er tenåring lenger. Sjølv om livet ikkje alltid har vore A4 så er eg så fantastisk mykje rikare no enn for 20 år sidan. Eg har ein uvurderleg, gullande god mann og tre umistelege ungar som eg elskar over alt på jord. Kvifor skal eg då ønske at eg var 17 år?? 22 år, derimot... ;-)

onsdag 28. mars 2012

Regn....

Jepp. Tilbake til normalen i Bergen, altså. "Men vi er like bli!!" Vi gler oss til påske og besøk frå Molde. Men først er det påskemusikal med 5.-7. klasse på Kronstad Skole, "Har du hørt det?", i morgon kveld. Hans Arne er med, med litt blanda entusiasme rett nok, men eg trur resultatet blir veldig bra. Skulebandet som opptrådte for ikkje lenge sidan var i alle fall veldig flinke, så eg har trua!

I dag var Jørgen og Anna på besøk med kvar sin klassekamerat, bror og syster, og fekk vere med på "trekonkuranse" der det var om å gjere å gjette kor gamle dei felte trea var. Dei kosa seg!

Til helga skal vi på "gruppeleir" med cellegruppa vår og to grupper til. Det blir veldig kjekt! Vi gler oss til å bli enno betre kjent med dei vi går i gruppe med. Veldig kjekke folk. Cellegruppa hadde forresten tur opp på Ulriken i går kveld, PE var med, og fekk då tur nr 2 opp på same dag. Ikkje verst for ein gamal skrott. He he... Verre med ho som sat att heime begge gongane...

tirsdag 27. mars 2012

Soool!!!

Jepp, vi har sol i Bergen! Vi har hatt sol i alle fall 5 dagar på rad, om ikkje 6... Heilt fantastisk. Uheldigvis så har Jørgen bytta ut det meste av stemma si med ei stygg hoste. Dårleg bytte, forresten, det gjer at vi ikkje kan nyte godversdagane til fulle i og med at han bør halde seg litt meir innandørs enn han eigentleg har lyst til...

Før dei realitetane seig innover oss var vi ein tur på Ulriken. Etter gudstenesten på søndag byta vi sko og traska i veg opp til Ulriksbana, eller kva no den bana heiter. Det er ingen tur opp på Ulriken om vi ikkje tek taubana, skal vite! Men ei dyr glede var det, ja. Uansett kom vi opp på toppen og eg, som den hønemora eg er, tvinga på ungane både fleecejakker og vindtette jakker utanpå. Sist vi var der oppe, i påska i fjor, då bles det så gale at eg trudde eg skulle fryse forderva. Då er det jo innlysande at det er slik bestandig, er det ikkje? Nei. Tydelegvis ikkje. Sola skein frå (nesten) skyfri himmel og ikkje eit vindpust var å sjå (eller kjenne). Før 20 meter var gått måtte mora innrømme at ho var nok litt i overkant ivrig med påkledninga og ungane fekk lov å ta av ei av jakkene. Deilig.

Denne gongen gjekk vi opp på det som eigentleg er Ulriken (etter det eg har hørt...), toppen bak der taubana kjem opp. Som vanleg på fjellet ser det veldig kort ut før turen startar, for så å vise seg at det blir lengre og lengre for kvar kneik ein kjem over. I tillegg er Ulriken eit fjell "alle" går på, på kvar sin sti, så det er veldig vanskeleg å vite kva for ein av dei tusen stiane ein skal vel for å få kortast mogleg tur... Men sola skein og ungane sprang over alle haugar, att og fram og storkosa seg. Enkel søndagsunderhaldning.

Jørgen var i går på spanskkurs saman med dei i klassen som skal til Bolivia i april / mai, og i dag har han gått rundt å sitert spanske gloser og lurt på om eg veit kva det betyr. Smart unge det der! Bibelskulen har i dag vore på fjelltur, bønetur, opp på Ulriken, medan Jørgen og eg har vore her på KF og gjort lekser, sett film (Jørgen, i alle fall), hatt lang lunsj og kost oss stort. Fint ver i dag og, så dei hadde ein super tur opp på Ulriken med lunsj, sang og bøn for Bergen ++ på toppen. Ingen puslete tur med taubane der i garden, forresten! Tøffingane gjekk både opp og ned.

Våren har for alvor grepe tak i oss og vi nyt det i fulle drag. Neste veke er påske, og vi gler oss til påskekonferansen i KF og besøk frå Molde! Desutan er det berre tre månader til vi snur snuten heimover til Molde att for godt, i alle fall i denne omgangen. Tida går litt for fort for meg no, kjenner eg... ;-)

lørdag 24. mars 2012

Frå barnemunn (6)

"I dag e de jo så lite skya at vi til å me kan se flyan!" sa Hans Arne forundra og fornøgd. Sei vel mest om skydekket dei fleste andre dagane...

Full fart!

Vi som trudde vi skulle få eit "avslapningsår" i Bergen... He he... Her er ingen avslapping, nei!
Sidan sist:

1. Vi har vore på "treningsleir" med bibelskulen, fire dagar med arbeid på Gullbotn, leirstaden til KF Bergen. Dei dagane var det måling av dører og veggar, vasking, rydding, matlaging ++++ Det var inspirerande å observere kor tenestevillig alle i klassen er! Vi kjørte ein del opp og ned frå byen, ungane måtte jo på skulen kvar dag, og hentast att når han var ferdig, i tillegg sov eg heime og var "bakvakt" i tilfelle ei venninne trong barnevakt for storesøskena under fødselen...

2. Då desse dagane var over tok vi ei heftig feiring av 9 årsdagen til Jørgen. Vi lånte "Velvet", garasje / hall i lokala til KF. Der er det skaterampe med "tjukkas-madrasser" til å skli på, ballbinge, trampoline og teiknerom. Det var rett og slett genialt. Jørgen hadde invitert heile klassen, 28 stk (!!), men det var "berre" 21 ungar som kom... Med andre ord 24 ungar medrekna våre tre. Vi gjorde ingenting utanom å gje ungane mat og å passe på at dei ikkje skada seg alt for ille... Det endte med berre ei flis i ein fot og ein kul på ei arm, det var i alle fall det eg registrerte. Og eit hav av gåver og pengar til Jørgen, så klart.

3. Forrige helg hadde vi fantastisk besøk av to tanteungar og ein svoger. Dei to gutane kom fredag og var hos oss medan faren var på noko kjedelege styremøtegreier til laurdag formiddag. Laurdagen vart forresten tilbragt på VilVite. Stor suksess. Ikkje at det kom som noko stor overrasking, men det var kjekt at det falt så godt i smak. Det verste var søndagen då dei skulle reise heim att til Molde. Dei ville ikkje reise og våre ville helst bli med. Hmm. Konklusjonen vart at det nok var best for alle å vere hos sine respektive foreldre, dessutan er det berre tre og ein halv månad til vi flyttar heim att! Heldigvis så skjønte alle det og godtok det utan alt for mange tårer. He he...

4. Natt til måndag var eg barnevakt for to spente storesøstre, eller dei vart i alle fall storesøstre på måndag morgon! Veldig enkel oppgåve i grunn, dei sov før eg kom, så eg slapp leggebiten. Dei var våken midt på natta og sette på musikk, eller ho eldste var i alle fall våken, ho minste prøvde å nå fram med "eg vil sove!!!" Om morgonen våkna eg av at dei sette på film klokka halv sju, så eg slapp unna vekkinga og! Heilt greit det. Dei kledte på seg sjølv og syntes det var konge å sitje på i ein annan bil til skule og barnehage. Kjekke jenter. Og ein nydeleg liten bror fekk dei.

5. Onsdag var tida koma for Jørgen å bruke alle pengane han hadde fått til bursdagen sin. Han feira heime i vinterferien og her i forrige veke (med mange gjestar...), så den samla potten var rimeleg stor. De kan vel sjå for dykk at det var ein rimeleg gira 9 åring som var på tur til leikebutikken! Turen endte opp med tre esker "Dino-lego", noko av det nyaste frå Lego, trur eg, ikkje at eg greier å følgje med, eg berre registrerer at ungane snakkar om det. Etter det brukte Jørgen to ettermiddagar på å bygge lego. Og storkosa seg!

6. På torsdag reiste Per Edvin i Skien på tur med halve bibelskuleklassen (det betyr at dei er fem stk på tur, vi er tolv elevar...) og eg er då naturleg nok heime med ungane åleine i tre dagar. Logistikken når slike reiser skal organiserast er til tider ganske interessant. I og med at dei var fem som reiste var dei for mange til å ha i ein bil ut til flyplassen om dei skulle ha med sjåfør til å kjøre bilen attende til byen. Dei brukte difor bilen vår som er 8-setar. Han som skulle kjøre bilen hit att parkerte bilen sin attmed Rema rett over gata her for å sleppe å vente eviglenge på meg og ungane. Han kom nemleg attende frå flyplassen så tidleg at vi ikkje var klar til å gå ut døra. Det var i alle fall plana. Heilt til bilen vart låst med nøklane i tenninga og motoren i gang, og med all bagasjen inni bilen! Beslutninga falt og dei sprang på flyet med det dei sto og gjekk i (eller sprang i...).  No sit det altså fem stk bibelskuleelevar i Skien med nyinnkjøpte tannkostar, og forhåpentlegvis ei truse eller to og eit par strømper. Eg må berre innrømme at eg ikkje kan lat vere å synest at det er litt komisk, i alle fall for meg som sit her med all bagasjen.

Uansett vart resultatet for meg at eg måtte springe med tre ungar og ta bybana til skulen. Ikkje at ungane sørga over det! Utanom VilVite er bybana det desidert artigaste og mest spanande med heile Bergen, i følge våre tre håpefulle. No fekk dei til alt overmål ta bybana til skulen to gonger på ei veke! På måndag var eg som sagt barnevakt og hadde bilen med der. Då var plana at PE skulle ta med ungane på bybana, noko som -as allways- var ein stor suksess. Det vart det denne dagen og. Ein ekstra bonus var at fordi eg ikkje visste kor lang tid vi ville bruke på turen så starta vi tidleg og endte opp med at ungane kom tidlegare på skulen enn på lange tider! -det vil med andre ord sei at dei kom meir enn eitt minutt før klokka ringte...

Om ikkje alt dette var nok så skein sola i heile dag! O lykke! Det er vår! God helg, Guds signing over helga! :-)

torsdag 8. mars 2012

I alle dagar...

Eg er ikkje heilt sikker lenger... I går bedyra eg opp til fleire gonger at "no er det vår!", det første som møtte meg då eg gjekk ut på trappa i dag? Hagl-sludd-regn-eitt-eller-anna! Eg gje meg over. Men det har vore sol i dag! :-)

Eg har forresten bestilt meg ny mobil, på avbetaling, sjølvsagt. He he... Fekk lov av mannen. Det mest interessante med det var at eg ikkje fekk ordrebekreftelse på kjøpet, utanom det som sto på skjermen då eg bestilte. Eg tok tilfeldigvis skjermdump av det, av ein heilt anna grunn for så vidt, men det viste seg at det var veldig lurt, for der sto ordrenummeret. Eg har nemleg gått i ei veke og venta på å få beskjed om at det ligg pakke på posten til meg, men inga beskjed kjem. Då eg skulle prøve å sjekke på nettbutikken fekk eg beskjed om å oppgje brukarnamn og passord, noko eg ikkje har oppretta der. Eg har ikkje reflektert eit sekund over det, for det er nettbutikken til levrandøren der vi har mobilabonnementa våre, så eg tok det som ei sjølvfølgje at det ikkje skulle vere noko problem om behovet meldte seg for å sjekke bestillinga. Men nei. Eg sendte mail til kundeservice, og då kom derimot ordrebekreftelse på mail sporenstreks! Men noko brukarprofil har eg ikkje...

Ein annan interessant sak er at eg meldte meg inn i Noregs Mållag i vinterferien. Så var det gjort, liksom. I går fekk eg brev med informasjon, medlemskort, pin med "Takk, Ivar Aasen" på og rekning på medlemskontingenten. Og mail med spørsmål om eg ville stille til styret i Molde Mållag... He he... Lurer på om eg skal ta det som eit kompliment eller om eg skal ane desperasjonen bak spørsmålet??

onsdag 7. mars 2012

I vanleg gjenge igjen.

Vinterferien er bak oss og vi er godt i gang med skule igjen. Ungane skal ha skidag på fredag, forstå det den som kan! Endeleg held våren på å sige innover oss, og så skal dei forsyne meg kjøre i milevis i buss for å kome på fjellet for å finne snø! Beats me! Det går over min forstand... Uansett betyr det at vi må sjekke skiparken til ungane. Heldigvis var det informert om skidagen før vinterferien, så PE raska med seg det som var av ski og skisko i (forhåpentlegvis) rett størrelse frå garasjen i Molde. Ser i grunn ikkje det store poenget i å investere i nye ski til ungane no, det er sannsynlegvis (forresten, det er heilt sikkert) den eine dagen dei får brukt det før det er for smått... Vi får sjå.

Ellers har vi hatt to dagar med finver i Bergen etter at vi kom ned att på søndag. To av tre dagar utan regn, ikkje så verst det! Kjenner at våren er på full fart framover og det er godt!

Dei siste dagane av vinterferien vart like godt brukte som dei første, ikkje minst feira vi 9-åringen med stort selskap på laurdag. 10 ungar og 15 vaksne er ikkje å forakte! Akkurat no sit bursdagsbarnet og bygger tecnolego, og han verkar rimeleg fornøgd med det. He he...

Turen nedover gjekk veldig greit, om vi ser vekk frå det faktum at Anna kasta opp før to timar var gått... Det er lenge sidan sist ho var bilsjuk, og det vart berre med den eine gongen, så vi reknar med at det var punktum for den karriera!

Det store høgdepunktet i framtida no er at vi får søskenbarnbesøk om litt over ei veke. Juhu! Då står sjølvsagt ein tur til VilVite for dør! Vill jubel i heimen... Verdt eit besøk om du er i Bergen. Ja, veit eg har sagt det før, men ein god ting kan ikkje bli sagt for ofte, er det ikkje noko med det?

onsdag 29. februar 2012

Stressa??

Oj oj oj... Det er jammen godt vi har god sosial kondis! Ei veke i koffert og i lånte senger er veldig utfordrande, men artig! Den største utfordringa er at alt helst skulle skjedd samtidig, for vi vil sjølvsagt ha med oss mest mogleg når vi er heime!

På dei knappe dagane vi har vore på tur har vi besøkt tre tante- / onkelpar, eitt sett besteforeldre, gode naboar i huset vårt, overnatta i tre forskjellige hus, hatt ein "avslappingsdag" hos mamma og pappa, truffe gode vener i Molde, eg har vore med frisøren (for det finns ikkje noko frisør i Bergen som kan slå Marita i Molde!), ungane har vore med ein dag på skulen "sin"..... Det er berre 5 dagar sidan vi kjørte frå Bergen! I morgon er det tur på arbeid (berre besøk, eg skal ikkje arbeide, nei!!) og på kafè for min del, Jørgen er bedt med på kino av søskenbarnet sitt, og før vi kryp til køys skal vi flytte oss til hus nr 4 på turen, foreldra til Per Edvin. Puh!

Men vi har det så bra! Vi er velsigna med gode vener og fantastisk familie, vi lid inga naud på noko som helst måte. Det er på mange måtar godt å kjenne at vi har sakna dei vi har vore vande med å ha rundt oss, og at det kjennes ut som om vi ikkje har vore vekke meir enn ei helg. Ungane treng knapt å seie "hei" før dei er i gang med leiken som om dei såg kvarandre dagen før. Det er godt å sjå. Vi gler oss til fortsetjinga!

søndag 26. februar 2012

Vinterferie!

Vinterferien er i gang, i alle fall for oss. Vi er heime i Romsdalen (jippi!!) og her er ferien akkurat over.. Ungane synes det er heilt greit, for då får dei vere med ein dag på skulen her i Molde. Det sluttar aldri å forundre meg at dei er så gira på å gå på skulen i ferien sin! Eg kan forstå at dei synes det er kjekt å treffe att venene sine, men likevel... Ikkje at eg klagar, altså, ein dag med gratis "barnevakt" så vi får ordne alle moglege saker og ting er veldig greit!

Denne gongen hadde vi "familie-besøks-turnè" på turen heim. Vi delte turen oppover frå Bergen på to dagar og tok ei overnatting i Loen hos tante Marit og onkel Ola. Alltid like koseleg å kome dit! Gode folk og godt fellesskap. -og fullt hus! I tillegg til oss kom tre ungar / svigerbarn heim, så vi var tilsaman 10 stk... Veldig kjekt. I går stoppa vi i Stordalen hos tante Ann Kristin og onkel Ørjan, der fekk vi servert kake og kaffe for å feire fireåringen! Litt på forskot rett nok, men veldig artig for oss!

Konklusjonen etter kjøringa denne gongen er at det er mykje psykologi bak ein god kjøretur. På fredag var alle innstilte på at vi skulle kjøre "berre" halvvegs, altså til Loen. Ungane var kjempeglade fordi dei skulle ha "så kort tur", og starta å spør om det var langt att etter ein time. Det var veeeldig lite inspirerande for foreldra som då i nesten fire timar måtte sei at "nei, vi er ikkje snart framme!" "Berre halvvegs" frå Bergen til Molde er ein kjøretur på fem timar, så den korte turen ungane såg fram til var i grunn ikkje så kort! Ungane våre har utvikla ein veldig god "bilkjøringskondis" og er vanlegvis eksepsjonelt lite masete på lange bilturar. Har ein mistanke om at formuleringar som "berre halve turen" ikkje skal inngå i opplading til bilturar i framtida!

Uansett så gler vi oss over å vere ei veke i heimlege trakter. Vi skal leve som flyttsamar og har aldri meir enn to overnattingar på kvar plass i eitt strekk, men vi rekk å helse på mange vener og mykje familie! På laurdag før vi reiser ned att feirar vi 9 års dagen til Jørgen og får ei heidundrande avslutning på ferien vår. Vi har det godt!

tirsdag 21. februar 2012

Lekser...

...er best når dei er gjort. Heilt klart. Jørgen er ein meister til å gjere lekser, når han berre kjem i gang. Han er veldig flink... -når han berre kjem i gang og ikkje blir forstyrra av ei mamma som tilfeldigvis gjer noko som er artigare. For eksempel å sjå på legosida på internett, som han måtte gå frå for å gjere lekser... Ikkje alltid like smart mora heller... He he... Anna er den i familien som absolutt er best på lekser. Ho hentar bøkene sine og går etter meg og seier "Se mamma! I å har læksa!!" før ho set seg ned og gjer leksene. Sånn utan vidare. Fantastisk.

Foreldra er ikkje så flinke, eller, eg kan vel strengt tatt ikkje klage på Per Edvin, det er vel eg som er best på å drøye det til siste kvelden. :-( Uff, ikkje så rart at ungane får litt halvdårlege vaner. Ein kveld då eg sa at eg ikkje kunne lese høgt fordi eg måtte lese 37 kapittel i Jeremia før eg la meg, spurte Jørgen sjokkert: "Skal dæm ha dåkker til å lese 37 kapittel på en kveld?!?" Eg måtte lettare skamfull innrømme at vi hadde strengt tatt hatt ei heil veke...

lørdag 18. februar 2012

Episode 2: 2012

Etter jul har det skjedd mykje! Vi har hatt siste helga i praksis på Askøy, vore på seminar med Chris Gore frå "Healing Room" i USA, Hans Arne har blitt helbreda, og han har vore på klassefest (!!!) for første gong. Ja, og så har vi vore på leir på Gullbotn med "sentrumsgruppene", Hans Arne har vore på "Race-leir" og forskarkurs, og eg har hatt bursdag og morsdag og vore på "tabuseminar" for jenter.

I tillegg til alt dette har vi starta på det Nye Testamentet og "læren om Gud" på skulen. Vi har så mange spanande dagar! :-) Vi er så takknemlege til Gud for alt vi får vere med på og oppleve. Som om ikkje alt dette var nok, så viser det seg at januar gjekk med overskot! I alle fall for familien Frisvoll i Bergen... Halleluja! Gud er sanneleg god mot oss.

Praksishelga vi hadde på Askøy kan de lese om her: http://bibelelev.wordpress.com/2012/02/09/praksishelg-pa-askoy/

Kva som fangar interessa og pirrar nysgjerrigheita av alt det andre eg ramsa opp veit eg ikkje, men eg kan i alle fall sei at "tabuseminar" er veldig bra! Det var to jenter / kvinner / damer (kva kaller ein eigentleg slike??) på 23 år som hadde konkludert med at det mangla fokus på "sex og sånn" - altså tabu-samtaleemna som vi helst unngår... Så dei gjorde noko med det. Fantastisk! Slikt likar eg. Dei var utruleg flinke og hadde med veldig mange essensielle tema som vi... tja, som vi ikkje så veldig ofte snakkar om, i alle fall... He he... Det heitte ikkje "tabuseminar" for ingenting! :-)

Om det er noko anna av det eg lista opp det er ønska ei nærare utgreiing om, ver venleg å ta kontakt! ;-D Legg att ein kommentar her eller der, så skal de nok få svar! ;-) Det neste som no står på plana er tre dagar med "prekenlære" før vi tek vinterferie om ei veke. Det skal bli godt å treffe att kjente og kjære i Romsdalen! No skal eg legge meg. Det er jamman meg på tide!!

søndag 12. februar 2012

Frå barnemunn (5)

Kven er Gud?

I følge Jørgen er Gud: "Jeg Er". "Gud Far, Jesus og Den Hellige Ånd, tilsamen e dæm Gud".
Hans Arne svarte: "Gud, Jesus og Den Hellige Ånd. Gud er vår Herre og frelsar, "Jeg Er", Jahve. Og Faderen. Gud er Faderen, Jesus og Den Hellige Ånd. Tilsammen e dæm Gud."

Anna har òg lært at Gud er tre og ein samtidig... "De e Jesus, Pappa'n og Den Hellige Ovn. Tilsammen e dæm Gud!"

Forresten...

Eg har beslutta å opne bloggen slik at det ikkje er nødvendig med invitasjon for å lese. Det vart så mykje krøll med det! Eg har difor teke vekk bileta, for eg er ei overbeskyttande hønemor som trur at alle bilete potensielt kan brukast til ting eg ikkje vil. He he...

God lesing! :-)

Kva kan eg sei...

*Må advare mot sterke scener - eventuelt mot langt blogginnlegg!*

Då gjekk det slik med meg som med mange andre, plutseleg var det stopp! Over tre månader sidan forrige innlegg på bloggen... Ja, eg veit at eg sa at det ikkje skulle skje, men kva kan eg sei? Tidsklemma tok meg? Skrivesperre? Problem med nettverket? Datamaskina kræsja? Nei, eigentleg ingen av delane. Sant nok kan eg ikkje seie kva det var som gjorde at det vart slik. Eg kom vel ut av vanen? Fort gjort. Ja, og så var det ei oppgåve eller to som skulle leverast, ein "gruppe-heimeeksamen" før jul og litt juleshopping... "Sånn går no dagan..."

Uansett, no er det februar og vi skal snart heim på vinterferie! Ungane gler seg veldig til å sjå att besteforeldre og gode vener. -og til å vere ein dag på skulen i Molde. (Jepp, dei gler seg til ein dag på skule når dei eigentleg har ferie!) Per Edvin og eg gler oss til å kome heim ein tur vi òg, men som typisk vaksne så skjuler vi det sjølvsagt litt meir! He he...

Sidan sist innlegg har vi som sagt levert både oppgåver og hatt heimeeksamen. I tillegg var vi heime på juleferie. Det var stas. Veldig kjekt å treffe att mange av dei vi er glade i og som vi får sjå så alt for sjeldan dette året!

Vi starta turen etter skuletid "bitte-lille-julaften" og kom heim til mamma og pappa kl 00.30 på natta. Då hadde vi hatt tid til ein mikrostopp på Åndalsnes hos Hilde på turen. Må berre seie ein gong til at ungane våre er veldig flinke til å kjøre på langtur i bil! :-) Lillejulaften gjekk turen til foreldra til Per Edvin der vi var på julaften og dei første dagane i romjula. Det var koseleg at vi kunne vere der, vi har ikkje feira jul i Eresfjorden sidan Hans Arne var 1,5 år, eller der omkring. Vi starta så god tradisjon med å feire heime på Molde og heller invitere besteforeldra heim til oss, men i år hadde vi jo ikkje noko plass å bu på Molde...

Eg hadde to vakter på gode gamle Medisin 4 i romjula, 1. og 2. juledag. Det var artig! Sjølv om det var jul og mange som hadde fri så var det likevel mange gode "gamle" kollegaer, det var kjekt. Det som ikkje var så kjekt var at på turen inn att til Eresfjorden så fekk plutseleg bilen ikkje berre dei rare lydane som hadde vore der nokre veker, men ein heilt ny og fantastisk høglytt lyd i tillegg! Som den fornuftige sjåføren eg er så stoppa eg sjølvsagt og drog fram mobilen for å ringe mannen, slik vi damer gjer når vi er i naud...(??) I alle fall verka det logisk for meg der eg sto på ein forlatt og mørk veg seint på ettermiddagen 2. juledag medan "Dagmar" drog dei siste kasta over fylket og prøvde å få med seg den andre vegbana òg...

Dagmar hadde visst teke meir enn halve vegen, ho hadde teke med seg mobildekninga òg. Så der sat eg i ein bil som ikkje akkurat hadde ein sunn motordur, med ein mobil utan dekning og ei Dagmar som krampeaktig reiv og sleit i både bil og trær rundt meg. Heldigvis er folk på bygda fortsett innstilte på å hjelpe, så då eg sette på naudblink på bilen så stoppa den første bilen som kom forbi. Det er forresten utruleg mange bilar ute på vegane på ettermiddag 2. juledag i Eresfjorden! Bilen vår vart etterlate attmed vegen og eg fekk skyss inn til varmen hos Lise og Leidulf som hadde ferdig middag på bordet til meg! :-) Fantastisk.

Bilen vart henta av tauebil neste dag og sett på verkstad på Molde, og vi fekk leigebil på forsikringa. Eg har no gløymt kva merke leigebilen var, men han var definitivt ganske mykje mindre enn Caravella! Fordelen med Caravelle er at det er god plass til folk og bagasje. Bakdelen med Caravelle er den dagen du plutseleg ikkje har Caravelle og må få plass til all bagasjen i ein liten sedan... He he... Vi sendte halve bagasjen med Caravella og tauebilen, likevel sat vi med sekkar og posar til haka då vi kjørte frå Eresfjorden til Molde.

Neste dag (vi er no på 4. juledag...) ringte dei frå verkstaden og sa at bilen ikkje var kjørbar meir. I alle fall ikkje utan å skifte girkassa... Girkasse måtte bestillast frå Tyskland og det tok i beste fall fem virkedagar før den kom til Molde! Då var det duka for ekstra lang juleferie, gitt! Ungane syntes det var heilt greit, men eg trur at både Per Edvin og eg ikkje syntes det var særleg stas... Vi vil få med oss så mykje vi kan av undervisninga på skulen, det verkar på ein måte som sløsing å flytte til Bergen og ikkje få med seg ALL undervisning!

Vi fekk fem dagar ekstra juleferie, ungane fekk vere med ein dag på skulen på Molde og var lukkelege for det, Per Edvin og eg fekk med oss januarfesten til Elmo, som eigentleg er julebordet deira, men i januar er det "halve prisen og samme moroa" som dei sa. Noko som heilt sikkert er sant. Vi hadde i alle fall ein god kveld, og eg vart til og med budt opp til dans! Av Per Edvin! Då forsto alle dei andre at terskelen på dansegulvet var lav, så då vart det fullt! He he...

No trur eg at eg må gje meg for i kveld, men "fortsettelse følger" som det heiter, så de får vente med skyhøg forventning! ;-)