
Fantastiske folk, alle som ein, både lærarar og medstudentar. Dei har alle lært meg noko nytt, dei har gitt av seg sjølv og inspirert meg og dei andre i klassen. Eg har fått nye vener, vener eg er sikker på eg møter att, før eller seinare, sjølv om vi flyttar heim til Molde om ei veke. Per Edvin og eg er utruleg takknemlege for å ha fått vere ein del av denne gjengen, og ikkje minst for at dei har teke imot både oss (gamlingane...) og ungane våre på ein så flott måte. Ungane våre beundrar stort både klassen og lærarane, og dei i klassen har vore gode eksempel og førebilete for dei. Eg håper at eg ein dag er mor til ungdommar som liknar dei eg har gått på skule saman med i vinter!
Det som var mest forunderleg med avslutningsfesten var at det ikkje vart noko store "sippe-scener", men som ein av medstudentane mine sa: "Eg veit kvar alle er på veg. Eg lurer ikkje på om det vil gå bra med dei, eller om eg kjem til å få høyre frå dei eller om dei, for eg er sikker på at det kjem eg til å gjere. Så eg er ikkje så trist heller." Ein vis mann. Og eg er heilt einig. Eg veit at Gud har store planer for kvar einaste ein, og eg veit at alle saman har eit djupt ønske om å gjere det Guds kallar dei til, så eg er heller ikkje trist. Ikkje på den måten. Sjølvsagt er det trist at vi ikkje kjem til å treffast kvar dag, vi er jo vande med det no, men... Skjønar de kva eg prøvar å sei?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar