Vi har hatt ei flott helg! På laurdag var Hans Arne (som overnatta på KF i den nye soveposen sin) på gardsbesøk. Der hadde han skutt paintball på bøtteblink, prøvd å besøke eselet (som var ute på beitet...) og grilla på bål i vikingestova på låven (!) - stor stas!
Jørgen, Anna og eg var på VilVite i 5 timar på laurdag, veldig kjekt det òg, sjølv om eg må innrømme at det begrensar seg kor artig eg synes det er etter nokre timar... Men ungane storkosa seg! Vi såg film om nordlyset og 3D film om ein gut og katten hans som flaug gjennom byen (og kloakken!) med jet-pack på ryggen. Artig... PE var heime åleine og kosa seg med oppgåva si. He he...
På søndag var vi på gudsteneste på KF der Yohans tala om "utholdenhet", veldig bra! Etterpå måtte vi ein tur på..... VilVite, sjølvsagt! HA hadde jo ikkje fått vere der dagen før, så det sa seg i grunn sjølv. Ding-ding-- årskorta inntjent!! ;-)
Einaste skåret i gleda var at det vart oppdaga at Anna har fått leigebuarar -igjen! I håret, ja... Lurer på kva det er med Bergen?? Lus tre gonger på to månader?? Og ja, dei var utrydda før dei kom att!! No har vi tatt den primitive, slitsomme, grusomme og VELDIG effektive måten i bruk, vi handplukkar ALLE egg og lus for hand (pussig at handplukking inneber å plukke for hand.....) KVAR DAG! Anna fortener tolmodspremie til slutt, det tek omlag ein time å finkjemme gjennom hårpryden... Ja då, vi har elektrisk lusekam, effektiv den, men berre på lus, ikkje på egg. Dessutan tek det si tid å bruke den òg, i tillegg til at ho må dusje etter kvar gong.
Så det er det vi brukar dagane på! He he... Til helga er første praksishelg og vi skal vere med på Askøya. Ganske spanande, og veldig nytt! Rapport kjem sikkert etter kvart.
Og der var natta igjen, gitt! Rare greier. Den kjem plutseleg - kvar kveld! I morgon skal Arne Skagen undervise, så då blir det vel evangelisering det kjem til å dreie seg om. Blir bra det!
Eg passar dårleg som «rosa-bloggar». Eg skriv om det som engasjerer meg sterkt nok til å vekke skrivelysta til tross for alle andre prosjekt eg har på gang. Med andre ord veldig uregelmessig og veldig lite populistiske tema. Er særdeles lite opptatt av antall sidevisningar, bortsett frå rett etter at eg har lagt ut eit nytt innlegg.
Viser innlegg med etiketten Lus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lus. Vis alle innlegg
tirsdag 25. oktober 2011
tirsdag 6. september 2011
7 år i barnehage...
...og skule på Molde utan noko, 12 dagar på skule i Bergen og der var den. Lusa. Hans Arne kjemte Anna og kom og sa at han hadde funne ei lus! Eg har aldri sett lus eg, så eg visste ikkje. Men i håret hennar fann eg egg og dermed var det berre å hoppe i skoa og springe på apoteket, altså den vanvittige distansen av 100 m, for å kjøpe lusemiddel. No er verdens mest ekle greie på plass i håret til Anna for å få vekk dei fire egga eg har funne og håpe på at det var det. 12 timar skal det vere oppi håret. Æsj! Men vondt skal vondt fordrive, er det ikkje slik? Har ikkje sansen for det eg.
I dag har vi - utanom at vi har kverka lus - vore på seminar i Kristkirken. Ein frå USA snakka om tilbedelse og helbredelse og praktiserte begge deler. Ikkje kvardagskost for ein sindig romsdaling det, men du verden kor godt det var å vere med på. For ikkje å snakke om kor godt det gjorde for skuldrane og nakken min! Frå å starte dagen med hovudverk og smerter i nakke og skuldrar er eg no bortimot smertefri og kulane i nakken min er borte! All ære til Gud!
I morgon er ein ny dag med lusemiddel-dusjing før skulestart (!) og nytt seminar i Kristkirken. Ikkje alt eg gler meg like mykje til, he he!

Abonner på:
Innlegg (Atom)