Viser innlegg med etiketten Trist. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Trist. Vis alle innlegg

fredag 14. oktober 2016

Egoistisk? Eller...


For ei tid tilbake fekk eg vite at ein bekjent av meg var død. Ikkje at eg kjente han så veldig godt, men vi snakka ilag når vi treftest og han hadde alltid eit smil på lur om vi hasta forbi kvarandre på veg til kva det no skulle vere. Eg likte han, og eg vart glad når eg såg han, sjølv om vi ikkje alltid hadde tid til meir enn eit smil. No var han altså død. Kva som hadde hendt? Eg visste ikkje. Eg hadde ikkje høyrt at han var sjuk, for rykta går jo i ein liten by. Ikkje hadde eg fått med meg at noko ulykke hadde skjedd heller, men eg var raskt på nett for å sjekke det. Ingenting.

Det sto ikkje «ble brått revet bort» eller «ble tatt fra oss» i dødsannonsa. Det sto noko anna, noko som ofte står når den det gjeld ikkje har vorte revet eller tatt bort, men heller har valt å gå sjølv. Rykta går i ein liten by, og ryktet hadde nådd meg før eg såg dødsannonsa, så kanskje eg tolka det feil?

Eg veit ikkje kva som har skjedd. Men det gjorde noko med meg, tanken på at han, som alltid smilte når eg trefte han, alltid veksla nokre ord om tida var der, han kan ha valt dette sjølv.

Var det nokon som såg at det kom? Var det nokon som skjønte? Heilt sikkert. Var det nokon som prøvde å hjelpe? Sannsynlegvis. Forhåpentlegvis. Hjalp det? Kanskje. I alle fall litt, der og då.

Å velje å forlate verda er ikkje noko du gjer impulsivt. Å velje å avslutte livet, det har vore i tankane lenge. Det har vore vege for og imot, det har vore argumentert i seine nattetimar og svarte stunder. Det har vore desperasjon og fortvilte rop om hjelp, men om hjelpa kjem greier du ikkje ta imot.

Eg veit. Eg har vore der. Eg har ropt og eg har grine. Eg har vore overbevist om at alle andre, dei eg er glad i, dei har det betre utan meg. Det er mykje eg ikkje hugsar frå den perioden av livet mitt, men det står klart for meg. Dei eg var glad i, dei ville få det betre om eg ikkje var der. Eg ville gjort dei ei teneste, frigjort dei for ei byrde. Skrudd tankegang? Ja. Men blodig alvor for meg. Eg ville - for ein gongs skuld - gjere det rette.

Det er lett å tenke: «Ærleg talt, skjerp deg! Slutt å tenke slik, det stemmer ikkje. Ta deg saman og få orden på livet ditt!» Lett å tenke for dei rundt, uoppnåeleg for den det gjeld. Når alt er svart og du ikkje ser noko utveg. Når du har kome så langt at det å avslutte alt står for deg som ein aktuell tanke og ei fornuftig løysing, då er du ikkje rasjonell. Du tenker ikkje rasjonelt når du seriøst vurderer det til at dei du er glad i har det betre utan deg. Då er det ikkje berre å «ta seg saman» og skjerpe seg. Du er forbi det stadiet.

Eg kom aldri så langt at eg gjorde det. Eg prøvde aldri. Men eg kan forstå dei som ikkje ser nokon annan utveg. Eg kan forstå at ikkje alle kjem gjennom det slik eg gjorde. Eg trur at dei som gjer alvor av det, dei gjer det ikkje for å såre dei rundt seg. Eg har høyrt at det
å ta livet sitt er det mest egoistiske nokon kan gjere. Eg trur ikkje det. Eg trur at ganske mange tenker heilt motsett. Dei vil gjere livet lettare for dei rundt, hjelpe dei gjennom å fjerne seg sjølv.

Har dei som er igjen ei anna oppfatning? Heilt klart. Er dei sinte, frustrerte og fortvilte? Heilt klart. Det må dei ha lov til. Det er dei som sit att med sorga og saknet. Det er deira rett å sørge slik dei kan, slik dei får til. Vi andre skal ikkje, og kan ikkje, bestemme korleis dei skal reagere. Slik må det vere.

Det gjer noko med meg. At han, som eg alltid vart så glad av å møte, hadde han eit skrikande mørke inni seg? Eit mørke han gøymte bak smilet eg vart så glad av? Har eg gløymt mitt eige skrikande mørke, så eg ikkje kjenner det igjen i andre?

Eg veit ikkje kva som skjedde. Men eg vil sakne han og smilet hans. Og eg vil forsøke å sjå mørket bak andre smil.

onsdag 4. november 2015

Ein liten hyllest

For nokre dagar sidan kjørte eg bak ein bobil. Kvar gong eg ser ein bobil går tankane mine til ei av dei mest fantastiske damene eg har møtt i heile mitt liv. Som nyutdanna sjukepleiar begynte eg på natt på ei travel medisinsk avdeling på sjukehuset. Som nyutdanna sjukepleiar kunne eg eigentleg ingenting. Ikkje eigentleg. Det "kliniske blikket" var dårleg utvikla og læringskurva var bratt.

Det var då eg vart kjent med denne dama. Det var ikkje første gongen ho hadde møtt ein nyutdanna, forvirra og totalt uvitande sjukepleiar. Dei hadde ho møtt mange av, og ho hadde lært mange kva det kliniske blikket eigentleg handla om. Ho lærte meg korleis eg skulle snakke med pasientane, korleis eg skulle reie ei seng på ein god måte, kva tid eg måtte ringe legen, korleis eg skulle vise pasientane respekt, korleis eg skulle opptre overfor pårørande, korleis eg kunne takle dei vanskelege situasjonane, kor viktige dei små detaljane var. Ho lærte meg å ta søpla ut frå romma før vaktskiftet og å stå på krava for pasientane. Eg kunne ramsa opp mykje.

Ho sa sjeldan "no skal eg vise deg...", ho berre gjorde det ho alltid hadde gjort. Ho var eit førebilete for meg i måten ho var på og holdningane ho hadde. Ho hadde ein genuin omsorg for pasientane, dei ho arbeidde for og saman med. Ho hadde ein arbeidsmoral som overgår dei fleste, og sette ære i å gjere ein god jobb. Ho er stemma som er i hovudet mitt når eg blir freista til å ta snarvegar og gjere halvgodt arbeid. Ho hadde høge krav til seg sjølv, og forventa at dei rundt også gjorde sitt beste. Ho sette ein standard i yrkesutøvinga si som vi andre gjorde vårt beste for å leve opp til. Ikkje fordi vi følte vi måtte, men fordi ho fekk oss til å ønske det.

Ho høyres ut som ein helgen, men ho var nok ikkje det. Ho var eit menneske med følelsar, tankar og meiningar, ho som alle oss andre. Ho kunne bli sint og føle seg urettferdig behandla. Ho blei fortvilt når ho følte ho ikkje fekk det ho meinte ho trong og hadde rett på, og ho hadde sterke meiningar om mangt.

I mange år arbeidde vi mykje ilag, vi to. Etter kvart vart det mindre og mindre, eg skifta arbeidsplass og møtepunkta vart færre. Men kontakten var der dei gongene vi møttes. I korridoren på sjukehuset vart dagen lysare og betre kvar gong eg såg ho. Ho trong ikkje å ha tid til å prate med meg ein gong.

Eg kjem aldri til å gløyme morgonen på arbeid då kollegaen min sa: "Ja, du veit vel kva som har skjedd??" Nei, det visste eg ikkje, og det er sjeldan eg har vore så sett ut som då ho kunne fortelje at ho som eg har sett på som eit førebilete og ein morsfigur i så mange år, hadde døydd berre få dagar før.

Det går sjeldan ei heil veke utan at ho er innom tankane mine. Som her eine dagen då eg kjørte bak bobilen. Då kom ho i tankane mine igjen. Ho elska turane i bobilen, saman med mannen og gjerne eit barnebarn eller tre. Framfor alt var familien det viktigaste for ho. At dei hadde det bra var avgjerande for om ho hadde det bra. Eg trur at svigersønene hennar hadde ei like god svigermor som svigersønene til mamma, og det seier litt.

Ein liten hyllest til ei av dei mest fantastiske damene eg har møtt. Ho har lært meg så utruleg mykje om livet og har mykje av æra for at eg er ein så god sjukepleiar som eg er i dag.

onsdag 30. juli 2014

Rasisme? Her? Nei.

For nokre dagar sidan fant eg meg sjølv sitjande i ein liten gjeng med damer. Ikkje noko uvanleg i seg sjølv det. Det var ein gjeng damer eg kjenner. Nokre av dei har eg kjent i årsvis, nokre kjenner eg ikkje så godt. Men eg likar dei alle. Veldig godt faktisk.

Samtalen kom inn på terrortrusselen som er i Noreg og alt det fører med seg. Eg må litt brydd innrømme at eg ikkje alltid får med meg alt som skjer. Vi ser ikkje på TV kvar dag av den enkle grunn at vi ikkje har TV. Ikkje fordi eg er imot det, men eg kom til eit punkt der eg kjente at TV-en brukte litt for mykje av tida mi. Dessutan har eg funne ut at ein greier seg heilt fint utan å følge med på alt som skjer på TV. Mannen vart veldig glad då eg kom dit, han hadde vore der lenge.

Men altså damegjengen og terrortrusselen. Eg har fått med meg at ting skjer, eg er inne på nettet og les, så eg er ikkje heilt i mørkret. No sa dei at det var oppfordra til ikkje å gå på arbeid denne dagen. Eg må innrømme at min intuitive reaksjon var litt vantru småfnising. Her, i litle Noreg? Likevel, Utøya er fortsatt for friskt i minne til å avfeie det heilt. Samtalen gjekk vidare til bakgrunnen for terrortrusselen, og det er her det uvanlege kjem inn. Eg kjenner at eg no, fleire dagar etterpå, fortsatt er lei meg og sjokkert.

"Ja, der ser vi resultatet av innvandringa." "Ja, ikkje sant? Vi tek imot dei og når vi sender nokon ut av landet så skal dei drepe oss alle saman." Eg må innrømme at eg ikkje hugsar heile samtalen, men han var innom både kjønnslemlesting, burka og niqab. "Kvinnesynet? For dei er kvinnfolk berre til å tisse og bæsje og tråkke på." "Dei er ikkje verdt nokon ting." "Og sjølvmordsbombarar? Dei sender ungar rigga full av bomber for å sprenge seg i lufta! Kven er det som gjer slikt? Kva slags mødrer er det som gjer slikt?"

Samtalen hadde gått frå terrortrussel i Noreg, via innvandrarar, til islamske ekstremistar på få sekund, og dette var for dei forskjellige sider av same sak. Norge har opna opp for muslimane og no ser vi resultatet. Det var spesielt sjølvmordsbombarane dei hengte seg opp i. Korleis kan nokon gjere noko slikt? "Dei vil det jo sjølv!"

Eg er ikkje ekspert på islam, men har fått med meg at ein som drep fiendar i krig og sjølv blir drepne, automatisk hamnar hos Allah, altså i "paradis". Den handlinga veg opp for alt anna den personen har gjort. Eg har òg høyrt historier om trugslar, at dersom dei ikkje gjennomførte aksjonen ville dei bli drepne. Om det stemmer kan eg ikkje garantere (ein link eg fann interessant om akkurat dette: Farstad-om-martyriet-i-islam.pdf). Eg prøvde i alle fall å få fram at det kanskje ikkje er så svart-kvitt som dei framstilte det. Det var det ikkje gehør for.

Dei vel sjølv å vere med, sa dei. Eg er av den oppfatning at det ikkje er alt ein person "vel sjølv" som djupast sett er eit fritt val. Korleis skal vi då forklare korleis Hitler fekk så mange tilhengarar? Hitler tok ikkje makta i eit statskupp. Han fekk overgitt makta frå dei som fekk fleirtal i valet. Han var ein eksepsjonell mann som meistra kunsten med å trollbinde folket og selje ideologien sin på ein ufatteleg effektiv måte. Han fekk kontroll over informasjonskanalane og fekk folket til å velje hans syn på samfunnet, på jødane og på krigen. Det var det tyske folket som ga Hitler rommet han trengte. Valde dei det sjølv? Heilt frivillig? Ut frå det dei hadde tilgang til av informasjon, ut frå tilstanden i landet på den tida, ut frå situasjonen mange av innbyggarane var i: Ja, dei valde det sjølv. Men var det eit fritt val basert på nøytral, balansert og korrekt informasjon? Nei.

Då eg nemnte Hitler for samanlikning vart det raskt avfeia med at då hadde dei ikkje noko val. Anten var du med nazistane, eller du vart skoten. I mitt stille sinn tenkte eg at det var mange nordmenn som verva seg under krigen for å kjempe på Tyskland si side. Det var mange som meldte seg inn i norske NS. Heilt frivillig. Ja, du fekk problem dersom du ytra noko negativt om Hitler og NS. For ikkje å snakke om dersom du vart tatt medan du dreiv motstandsarbeid. Men det var fåtalet av nordmenn som vart tvinga til å bli med av ein pistol.

Eg begynte å kjenne meg lita. Var eg den einaste som tenkte slik? Ei av dei andre sa at det trass alt ikkje er alle muslimske land som er like ille. Ho nemnte Tyrkia, der reglane er liberale mellom anna for påkledning og bruk av burka. Responsen var: "Ja, men prøv å gå ut der åleine på kvelden du. Du kjem ikkje mange meter før du blir voldtatt." Denne kommentaren hausta samtykkande nikk og dei var fortsatt einige i at muslimane er farlege. Alle muslimane.

"Islam er ein livsfarleg religion. Den skulle vore utrydda. Hadde det vore opp til meg skulle alle muslimane vore "laina opp" og skutt ned for fote." Slik som nazistane gjorde under krigen? "Ja, men jødane hadde ikkje gjort noko gale. Det har muslimane." Eg prøvde å få fram at det er forskjell på muslimar og at det er unnatak der slik det er hos alle oss andre. Reaksjonen eg fekk på det er noko av det som sit tydelegast att i tanken min: Det ligg i dei. Dei har vokse opp i det og fått det inn sidan dei var små. Dei har det i seg. Får dei valet mellom oss og dei er det ikkje tvil om kva som vil skje. Ei av dei som sat der fortalte at ho hadde muslimske vener, men at ho ikkje hadde tvil i si sjel om at dersom dei måtte velje var det ho som vart ofra til fordel for islam. Sjølv om dei ikkje er "praktiserande muslimar" no. Dei andre var skjønt einige med ho, dei var heller ikkje i tvil om det. Det ligg i dei.

Etter dette hugsar eg ikkje meir av kva som vart sagt. Gruppa løyste seg opp og samtalen var over. Eg kjente at eg var overvelda over tankemåten som viste seg i desse damene. Eg kjente på at eg skulle ha stått på meir, sagt meir imot. For å vere heilt ærleg er eg usikker på om det hadde vore gagn i, men eg kjenner på at eg skulle prøvd likevel.

Eg har tenkt på denne samtalen fleire gonger etterpå og eg veit ikkje heilt om eg greier å legge det frå meg på ei stund. Tankane kvernar rundt det faktum at dei var dønn seriøse. I alle samtalar kan det kome kommentarar som ein på eit vis kan fleipe vekk og unnskylde. Dette var annleis. Dette var ein heil samtale som dreidde seg om eit spesifikt tema, og alle var seriøse. Dei delte meiningane sine, oppfatningane dei har. For all del, eg er heller ikkje for sjølvmordsbombarar og ekstremisme, berre så det er sagt. Men å skjere alle muslimar over ein kam?

Eg kjenner at eg blir skremt. Er dette haldningar vi vil ha? Er det dette vi i Noreg eigentleg står for? Er vi då eigentleg noko betre enn dei vi kritiserer? Å påstå at alle som tilfeldigvis er født i eit muslimsk land eller inn i ein muslimsk kultur er potensielle terroristar og sjølvmordsbombarar, kan ikkje det kallast å vere rasistisk? Sjåvinistisk og full av fordomar? Det er det same som Hitler og nazistane sa om jødane, alle jødar var ein trussel og øydeleggande for kulturen og den reine, ariske rasen. Ingen jødar var tilrekna retten til liv. Om vi let dei haldningane eg møtte om muslimane få grobotn og rotfeste, er då vi i Noreg djupast sett betre enn nazistane?

Eg nemnte at eg vart sjokkert og at eg vart skremt. Mest av alt vart eg lei meg. Lei meg for at vi har slike haldningar i Noreg. Lei meg for at vi, som vil ha det til at vi er så tolerante, kanskje ikkje har så veldig mykje toleranse når det kjem til stykke, når det gjeld oss sjølv. Lei meg for at så flotte damer, som eg likar å vere saman med, i fullt alvor kjem med slike uttalingar. Eg likar dei fortsatt. Veldig godt. Men eg er lei meg.