lørdag 28. mars 2015

Ei heilt ny rolle. Dessverre.

I fjor sommar fekk eg utdelt ei ny rolle. I tillegg til at eg er ektefelle, mor, student, sjukepleiar og alle andre kjekke roller. Eg fekk utdelt "pårørande-rolla". Ikkje berre vart eg pårørande, eg vart "sjukepleiarpårørande". Alle som arbeider i helsevesenet veit at andre som arbeider i helsevesenet er dei verste pårørande som finns. Dei veit for mykje, kan for mykje og vil vite alt for mykje. Dei forstår for mykje. Og dei forstår for lite.

Ikkje sjeldan har ein sjukepleiar eller ein lege hausta medlidande blikk etter ein telefonsamtale med påfølgande sukk og orda: "Det var pårørande til NN. Han er lege/sjukepleiar." Eg har sjølv himla med augene og fulgt opp med: "Han bur vel i Oslo òg, då? Eller Bergen?" Svaret er ofte ja, og vi er skjønt einige, utan å ytre eit einaste ord til. At det er dei verste pårørande som er. Dei med utdanning innan helse og som bur langt vekke.

Det er noko med måten desse helse-pårørande ordlegg seg. Dei forventar at når vi får vite at dei har utdanning innan helsesektoren, så skal vi automatisk vere innforstått med at alt vi seier, det forstår dei. Uansett. Bruk helst latinske ord og uttrykk. Dei forstår. Uansett. Om han som ringer er overlege ved psykiatrisk avdeling ved eit sjukehus i Oslo eller Tromsø, så forstår han automatisk alt som foregår med mora som er innlagt på lungeseksjonen i Molde. Eller ved infeksjonsseksjonen. Uansett. "Eg er lege." = "Eg forstår alt, eg vil vite alt, ikkje prøv å skjule noko!" "Har de prøvd å..." " Eg meiner at..." "Eg vil at..." Sjukepleiarane er ikkje det grann betre enn legane. Berre så det er sagt.

Mi historie som sjukepleiarpårørande startar med at eg har eit ærend inn på den medisinske sengeposten eg har vore tilsett ved i mange år. Eg kjenner alle og alle kjenner meg. Det er kollegaer og vener, og dei blir alltid litt forvirra over om eg er på vakt der eller om eg er ute på ærend frå poliklinikken eg no har arbeidd på.

Eg surra rundt og tulla meg til slutt inn på vaktrommet der eg kastar eit blikk på pasienttavla. Der finn eg eit underleg kjent namn. Eit namn eg ikkje kjente, men kjente likevel. Eg forsto ingenting og lurte på kvifor namnet var så kjent? Kven var det som heitte det? Det demra for meg til slutt - klart eg kjente namnet! Det var berre på heilt feil plass. Heilt feil.

Å vere pårørande betyr at ein du er glad i ikkje er frisk eller har behov for meir hjelp enn det du er van med. Det betyr at den du er glad i ikkje er udøyeleg. Det betyr at livet, og verda, blir sett i eit anna perspektiv. Det betyr at du revurderer ditt eige liv.

Det betyr også at du innser kor heldig du er som bur i Norge. Her står legar og sjukepleiarar til disposisjon døgnet rundt. Ja, det er mykje som kunne vore betre, og det er ikkje optimalt at gamlemor på 80 må reise med "samlebuss" når ho skal på kontroll på sjukehuset. Men ho får i alle fall kontroll!

Som sjukepleiar veit eg og forstår meir enn dei fleste andre i familien min. Eg er med glede med på legevisittar for å høyre og forstå kva legen seier. Eg vurderer kva eg skal seie vidare og kva som er best å halde stilt om. Og eg forstår meir enn legane seier. Eg har sett det før. Eg har skrekkscenariet klart for meg og forandrar ferieplanane, fordi alt plutseleg blir så usikkert.

Eg var pårørande på avdelinga der eg hadde arbeidd i årevis. For meg var det trygt. Trygt fordi eg slapp å gjere meg kjent med dei som arbeidde der og som hadde ansvaret for min kjære. Trygt fordi eg kunne vere meg sjølv. Trygt fordi eg visste at eg kunne stole på legane. Samtidig var det slitsamt. Veldig slitsamt. Fordi alle kjente meg. Alle visste at ein eg var glad i var sjuk. Sannsynlegvis alvorleg sjuk.

Det var slitsamt fordi eg var sjukepleiarpårørande som krevde meir enn ein "vanleg" pårørande gjer. Og eg krevde det av kollegaene mine. Venene mine. Balansegangen var ikkje lett. Dei stilte opp med glede, sjukepleiarane, hjelpepleiarane og legane. Dei var fantastiske og eg prøvde "å halde meg i skinnet" og ikkje kreve urimeleg mykje. Eg håpar at eg greidde det, eg trur eg gjorde det, men sjølvinnsikta er vel ikkje alltid til å stole på?

Eg er heldig og har fortsatt alle mine kjære, friske og raske. Det var betennelse og ikkje kreft, slik den mikroskopiske sjansen var. Skrekkscenariet slo ikkje til. Men eg har fått eit glimt av at dei rundt meg ikkje er udøyelege. Ikkje dei heller.